onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Så har me kome til endes av dette året i faget Pedagogikk. Det har vore spennande og lærerikt på mange måtar. Det er den faglege sida, med alle undervisningsøkter og oppgåver. Me har fått prøve ut fleire arbeidsmetodar og sett korleis det kan organiserast. Me har lært om teoretikarar og metodiske retningar som me kan sjølv bruke når me er ute i praksis. Me har ved mappeoppgåver fått sett oss inn i korleis motivasjon, matematikkundervisning og samansatte tekstar kan gjerast.

For min del meiner eg at har lært veldig mykje av praksisperiodane og har teke til meg all tilbakemelding, både det positive og dei tinga eg kan forbetre meg på. Eg har verkeleg prøvd å gjere noko med det òg. Ein av tinga eg fekk beskjed om var at eg snakka veldig lavt, på den måten forsvann stemma mi til tider når eg stod framfor klassen, og elevane fekk ikkje alltid med seg alle beskjedane eg gav. Eg har og lært kor viktig det er å planleggje, ha ein original plan, ein plan B og også kanskje ein ”kriseplan” i tilfelle alt går skeis. Heldigvis har ikkje alt gått heilt skeis, men mange gonger ikkje slik eg planla, det tok eg til meg og gjekk gjennom opplegget mitt for meg sjølv og med gruppa mi (+praksislærar) og fann ut grunnane til at det ikkje fungerte, slik at eg kunne rette det opp. Eg har fått sett teamarbeid og planleggjing i praksis, og kva som må til for at det skal fungere. Praksislærar(ane) har vore til god hjelp, og har aldri vore vanskelege å spør om noko. Det verkar som dei verkeleg vil vårt beste, og måtte ofte vera den kritiske, sidan responsen frå gruppa ikkje alltid var dekkjande. Den beste opplevinga var nok samtalen etter siste praksisperiode. Eg følte eg hadde jobba veldig hardt for å utvikle meg og få til variasjon osv, og når eg fekk tilbakemelding var det verdt det. Det var ein skikkelig opptur, og det var godt å høyre når eg i etterkant var så sliten som eg var. I tillegg har responsen frå ungane vore god, og eg merkar at eg har verkeleg brydd meg om dei. Det er rart kor knytta ein blir til dei på den korte tida, men trist då me skulle forlate dei var det. Eg kunne gjerne ha blitt det mykje lengre.

Eg tenkjer og at mykje av det eg har lært vert gjenspegla i innlegga mine her i bloggen, og den er eg veldig glad for at eg har. Eg har ikkje alltid vore like kjapp å leggje ut innlegga, men heller ikkje latt det gå altfor lenge. Det er er særskild glad for no etter alt arbeid med revidering av innlegg og siste inspurt med dei nyaste. Hadde eg hatt enno fleire, hadde eg blitt ufatteleg stressa. Eg hatar å ligge etter med arbeid og vil helst ha oversikt over ein kvar situasjon. Eg trur det er gode eigenskapar å ta med ut i skulen, sjølv om eg kanskje ikkje kan vete alt gir det meg motivasjon til å ta til meg all informasjon eg kan få. Faktumet at ein kan gå tilbake og sjå kva ein har tenkt i byrjinga av året og interessant. Det er rart å sjå korleis meiningar og tankar har forandra seg og kanskje skifta synsvinkel til tider. Eg syns at blogging er ein god metode, og gir oss som studentar mange mogleikar. Eg var nok ein betre kritisk ven i byrjinga av året, og det trur eg har noko med alt anna arbeid som har vore no å gjere. Eg har lese innpå mange bloggar, sjølv om eg ikkje har kommentert dei alltid, eg syns det er interessant å sjå kva andre legg vekt på og hugsar frå timane. Til tider og nokre tankevekkjarar. Den har og ”tvunge” meg til å setje meg inn i stoff og setje ord på det eg har lært sjølv, og slik trur eg verkeleg ein lærer godt.

Eg føler eg har lært mykje om meg sjølv som person også. Skilnaden frå første til siste praksisperiode er stor. Eg er meir trygg på det eg gjer, at eg tenkjer rett og eg har verkeleg fått prøvd ut mine kreative sider, noko eg i utgangspunktet ikkje trudde eg hadde. Eg har lært om meg sjølv som samarbeidspartnar. Me har mest jobba i praksisgruppene på større oppgåver, men i vanleg undervisning har det blitt variasjon. Eg trur det er veldig bra for oss, slik lærer me oss å tilpassa oss andre ulike menneske. Me er alle forskjellige, og desto fleire ”typar” folk ein har prøvd å arbeide med, desto meir veit ein kva som må til for at det skal fungere. For i skulekvardagen når me er ferdig vel me ikkje kven me får jobbe med, den kan vere kven som helst. Eg meiner sjølv eg er ganske tilpassningsdyktig, men har sjølvsagt dårlege dagar som alle andre. Eg prøver alltid å ikkje la det gå utover nokon rundt meg, ved å teie ;) Heller det enn å skape dårleg stemning, når det er heilt unødvendig. Eg trur og eg har eit godt auge for å sjå mogleikar og ting som kan gjerast annleis i undervisningssamanheng, og gir tipsa vidare. Eg har verkeleg prøvd å vere ein støttespelar for gruppa mi, samstundes som eg måtte tenkje på kva eg sjølv skulle gjere til ei kvar tid.

Når det gjeld mappeoppgåvene, ser eg absolutt verdien av den type øving. I forhold til motivasjonoppgåve, skulle eg ynskje temaet blei teke for seg meir av lærar og mindre som sjølvstudium. Eg hugsar best det eg får fortald og meiner at dette er eit for viktig tema med tanke på praksis og vidare uti skulen, til at eg ikkje skal få med meg alt som er viktig. Eg trur eg har fått med meg mykje likevel, men kankje ikkje heilt metodisk nok. Slik at eg klarar å setje fingen på korleis eg kan gjennomføre det i praksis. Har hjulpe ein del å kunne kikke på kva andre har skrive å bloggen sin på slike tidspunkt. For å sjå korleis dei har fortstått det dei har lest. Det har og vore veldig spennande å få utvide datakunnskapene mine, slik som me har fått mogleiken til i dette faget. Arbeidet med den samansatte teksten har vore kjekt og lærerikt, samstundes som eg meiner den kan brukast seinare i undervisning. Ein slik presentasjon av ei bok er alltid kjekk å ha. Difor gler eg meg til eg får CD-en med alle dei andre på, for dei har gjort mykje annleis, og kanskje har eg nokre tips å henta der til neste gong.


Eg ser og at synet mitt på korleis undervisning kan gjerast har forandra seg mykje. Eg har vore vane med og likt godt tavleundervisning, særskild med tanke på KRL og matematikk ser eg endringar. Eg likar å blir fortald stoff, og det har eg sett at elevane i praksis også gjer. I allefall forteljingsmetoden var populær då eg brukte den om påske i KRL. I dei to faga nemnt ovanfor har eg hatt vanskeleg for å sjå nye måtar å gjere ting på tidligare, men er no veldig open for andre ting. Eg ser potensialet og mogleikane som finst i faga, og tek det vidare med meg til neste praksisperiode. Det er så mykje meir ein kan gjere ut av undervisninga for å fange merksemda til elevane, og få dei til å like det. Haldningar til faga som ”keisame” kan endrast, det ein sjølv som må avgjer kva ein vil gjere ut av det. Sjølvsagt er desse metodane mykje lettare å få til når ein er fleire lærarar, og det er ein ikkje alltid. Haldningen ein sjølv som lærar har til faget er synleg for elevane, difor leitar eg alltid etter dei positive sidene og fokuserer på det.

Kort oppsummert har eg lært mykje, både om meg sjølv, skulen i teorien, skulen i praksis, medstudentar og lærarar. Eg ser lyst på åra framover og tek med meg all erfaring eg har gjort dette året vidare. Eg gledar meg til eg ein dag skal ut å undervise på ”skikkeleg”, men i første omgang til neste praksisperiode. Då skal me på småtrinnet, som det heitte før, og det blir spennande. Her blir det nok nye metodar og utfordringar som møter oss, så det gjeld å halde hovudet kaldt og ta til seg alle tips og råd ein får. Og kanskje mest av alt, stille med eit opent og positivt sinn. Takk for i år alle som har lest og vore kritisk ven for meg (og motsatt), ha ein strålande sommar!

lørdag 26. april 2008

Skulefrukost på Børtveit

Denne dagen møtte me opp på Børtveit som er eit tidlegare skulebygg som er blitt flytta frå Børtveit og til vårt skuleområde for å bevarast. Det var kanskje i trangaste laget, men det er vel det ein kallast nært og koseleg ;)

Under maten diskuterte me mykje arbeid i ped. fram mot "eksamen" og tidlegare arbeid. Det var veldig kjekt å snakka med folk ein kanskje ikkje har snakka så mykje med tidlegare om praksis og opplegg på skulen. I tillegg fekk me høyre litt om kva for ein kvardag Birgit har, med alle klassane ho har og alle oppgåver ho sit og skal retta til ei kvar tid - og det var ikkje småtteri. Alt ho har fått gjort i forhold til tida er heilt utruleg. Her er det nesten snakk om eit übermensch. Det blei og nemnt at ho kanskje ikkje skal ha oss til neste år, og om det skjer vert eg kjempelei meg. Ho har vore så inspirerande og smilande med ein stå-på-vilje uten like. Eit verkeleg førebilete for oss lærarspirer. Eg vonar ho blir verande hos oss, slik at me kan halde fram med blogg som metode, for den har vore veldig spennande og lærerik. I tillegg har me fått levande og ekte førelesningar med eit uslåeleg engasjement og høg motivasjonsfaktor.

Mot slutten tok me referansemøte i dei fleste faga, sidan alle då likevel var samla, både A- og B-klassen. Me kom gjennom to fag medan me sat der, for her var det mange meiningar, fleire i same retning og fleire synsvinklar. Er mykje forskjellig ein legg vekt på når ein vurderer ein undervisningssituasjon, det er sikkert. Me flytta oss vidare inn på Lille Aud og tok for oss resten.
Etter pausen såg me gjennom alle dei samansatte tekstane, nokon viste første utkast, andre revidert versjon. Det var veldig rart og spennande å sjå korleis andre hadde tenkt og gjort med både bokval, animasjonensbruk, bildebruk, lyd og tekstbruk. Det var ingen som var særskild like, så her var mange tips å få. Det var spesielt kjekt å sjå at nokre hadde valt eldre bøker som utgangspunkt. Med samansatt tekst kan ein gjere bøkene meir aktuell i dag. Det er ein fin måte å presentere bøker for dagens unge. Eg trur dei likar den framstillingsmåten, den er veldig "i tida". Om dette hadde vore brukt meir hadde kanskje ungane høyrt om og interessert seg for fleire bøker enn dei gjer i dag. Det var fleire som viste desse når dei var i praksis, og det fekk dei berre positiv respons på, både frå lærarar og elevar.

Med dette i bakhovudet trur eg absolutt ein kan seie at dette er ei nyttig erfaring å ta med seg. Og dersom me får denne cd-en det har vore snakk om, med alle tekstane på, er det absolutt ein ressurs å bruke i framtida ;)

Her er den endelege versjonen til Mona og meg:

Rettleiing og vurdering

Rettleiing og vurdering blir omtalt som pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremja læring, utvikling og vekst. Desse to tinga skal fungere som ein dialog mellom rettleiar og den som blir rettleia, og for at det skal fungere er det nødt å vera eit tillitsforhold mellom dei to. Den som rettleiar har meir kompetanse på saks-eller fagområdet det er snakk om enn den som vert rettleia. Oppgåvene til eit rettleiar er:
- å vera utforskande saman med den som vert rettleia
- å stilla dei gode spørsmåla
- å gje råd
- å korrigera

Det er to typar vurdering:
1. formativ vurdering - vurdering for læring. Dette er ei skildring av elevens kompetanse på eit gitt tidspunkt og skal danna grunnlag for betring i faget.
2. summativ vurdering derimot er ei vurdering av læring. Denne fortel om nivået på eleven sin kompetanse ved avslutninga av utdanninga.

kvifor er vurdering viktig?
1.1.Veiledningsaspektet (Det primære føremålet)
Fremje motivasjon, læring og utvikling gjennom veiledning, feedback, feedforward, læringsstøttande kommentarar etc.
2.2.Bedømmingsaspektet
Informasjon til elev og foreldre – m.a. om grad av måloppnåing
3.3.Informasjonsaspektet
Informasjon til samfunnet, arb.gjevar – vid.skule – høgskule om oppnådd kompetanse
4.4. Skulevurderingsaspektet (”backwash-aspektet”)
Informasjon til skulen om skulens måloppnåing, kvalitetssikring av opplæringa, informasjon om lærarane si undervisning + info til læraren om eleven (kartlegging/diagnostisering)
5.5. Seleksjonsaspektet
Grunnlag for seleksjon til andre skular/høgskular.

Eit par tips til vurdering:
§Tilbakemeldinga må vera spontan.
§Tilbakemeldinga må vera ekte.
§Tilbakemeldinga skal vera konkret og grunngjeven.
§Tilbakemeldinga skal ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar.
§Tilbakemeldinga skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida.
§Tilbakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsett.
(Helle, L. 2007. Eigen ill.)
Akkurat som opplæringa er tilpassa, kan vudering og vera det. Ein skal vurdere ut frå meistring i forhold til eleven sine føresetnader, derfor må læraren ha "kartlagt" desse for seg sjølv. Ein kan ikkje samanlikne elevar. Alle er ulik og har ulike føresetnader, difor er tilpassing vikig. I forhold til dette er det fleire lærarar som brukar målark, stegark eller læringstrapp. Nokre brukar og elevlogg, mapper eller kartleggingsprøvar. Slik kan læraren få ein oversikt over elevens resultat og føresetnader for vidare utvikling. Det vil og gjere det lettare for læraren å tilpasse opplegg og mål for enskildeleven. Dessverre får ikkje alle elevar nok informasjon om korleis dei "ligg an" i forhold til generelle kompetansemål o.l og møter difor ungdomstrinnet med urealistiske bilete av eigen kompetanse. Det er ynskjeleg at vurdering, tilbakemelding og målretta oppfølging av elevane si læringutvikling og læringsutbytta skal prioriterast høgare i skulen. Slik at eleven skal få den best tilpassa opplæringa og den hjelpa eleven treng for måloppnåing av kompetansemåla.

Hugsereglar for god konstruktiv tilbakemelding:
Gje tilbakemeldinga til den det gjeld.
Samanlikn ikkje med andre.
Kritiser ikkje når det er andre tilstades.
Peik på det som kan forandrast.
Ta opp ein sak om gongen.
Unngå ord som ”ALLTID” og ”ALDRI”.
Ikkje gjenta deg sjølv.
Ikkje bruk ironi – ver sakleg!
Vis empati,
Gje ros der det er grunnlag for det .

Når eg ser på og tenkjer gjennom desse hugsereglane og tipsa ovanfor, ser eg at mange av dei lærarane eg har hatt oppover i tida ikkje har vore slik. Det er ein del elevar som har fått kritikk framfor heile klassen. Eg hugsa og dette med karakter. Det var sjelden alle var einige i karakteren som blei gjeven i klassen, for alle snakka saman og samanlikna straks me hadde fått dei. Ofte kunne ein faktisk gjette oss til kven som hadde fått kva karakter, me meinte sjølvsagt det var fordi læraren vår favoriserte, men det kan sjølvsagt ha noko med prestasjon å gjere og. Eg hugsar særskild ein lærar i KRL, dersom me skreiv på prøvane det han ville ha svara, så fekk me dei beste karakterane. Eg var ein av dei som såg korleis det fungerte, og kanskje utnytta det litt. På den andre sida meiner eg sjølv at eg lærte mykje av det, og kunne ting på rams. Kanskje var det berre me som blei "lurt" til å arbeida?

onsdag 23. april 2008

Tilpassa opplæring

Denne dagen starta med at Aashild gjekk gjennom viktige moment innanfor tilpassa opplæring med ein PowerPoint framsyning. Dette er eit viktig og sentral tema i dagens skule, for det er noko alle elevar har krav på etter Opplæringslova. Det står til dømes i kapittel 1 (formål og verkeområde) paragraf 1-2 (5.avsnitt):
"Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten".
I tillegg til dette står det i LK06 i generell:
* opplæringa skal møte born, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.

Dette set eit krav til oss som lærarar om at me skal finne måtar å gjennomføre dette i praksis. Det forklarar litt kvifor me går gjennom alle læringsstrategiar og læringsmetodar slik som me har gjort gjennom året vårt. Dette gir oss ei mogleik til å velje og prøve ut, slik at me kan finne den beste måten for den klassen og dei elevane me har når me kjem ut i praksis (og den verkelege verda seinare). Desto meir me veit om, desto meir har me til å velje mellom.

Gjennom Aashild blei me kjend med nokre nye begrep i forhold til tema:
Likeverdig opplæring tyder ikkje at alle skal få lik opplæring, men at for at alle elevar skal få lik rett til tilpassing, krevst det somme tider skilnadsbehandling. Sidan elevar har ulike behov, krevst det ulike løysingar.
Tilpassa opplæring er ei plikt som skuleeigar, opplæringsstadens leiing og personale har til å gi ei god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde eleven sine evner og føresetnader.
Inkluderande opplæring innberer at alle tek del i fellesskapet på ein likeverdig måte både fagleg, sosialt og kulturelt. Basert på prinsippet "ein for alle, alle for ein" slik eg ser det, alle skal få vera med og alle skal delta. Ingen skal bli haldt utanfor fellesskapet.
Spesialundervisning er ein rett som skal sikre tilpassa og likeverdig opplæring for dei elevane som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Det vil seie den undervisninga som flest får, som oftast føregår i klasserommet i fellesskap. Altså dersom ikkje den tilpassinga einskildeleven allereie får på lik linje med andre ikkje er "nok" for at eleven skal få det beste utbyttet av opplæringa.

For å få til tilpassa opplæring i ein klasse er det mange ting ein kan gjere. Differensiering er eit alternativ. På den måten tek ein omsyn til einskildelevar sine føresetnader og behov.
organisatorisk differensiering er når ein deler elevar etter evner og prestasjonsnivå. Det tek utgangspunkt i at "like born leikar best". På den andre sida har me pedagogisk differensiering, der tilpassinga skjer innanfor vanleg klasse/gruppe. Denne metoden tek utgangspunkt i at born har ulike føresetnader og undervisninga må ta omsyn til tempo, nivå og breidde som høver for den einskilde elev.

I tillegg fekk me høyre om ettergivnad som undervisningsstrategi, og det syns eg ikkje høyrtes noko gunstig ut i det heile tatt. Det vil seie at lærarane tilpassar opplegget med utgangspunkt i kva elevane har lyst til, det vil seie at om elevane syns noko er vanskeleg, vert ikkje stoffet teken opp. På denne måten slepp læraren å differensiera, fordi stoffet ikkje er vanskeleg. Samstundes tyder det at dei som faktisk er flinke og kunne lært meir må helde seg til ting dei allereie kan, og ikkje får mogleiken til å lære så mykje som dei har føresetnader til. Elevane treng heller ikkje motivasjon eller lyst til å strekkje seg etter meir, fordi dei meistrar alt dei gjer og veit ikkje kva dei kanskje "går glipp av". Læraren si haldning vil vera at dersom han gjer dette vil alle elevane vera nøgde, og han tenkjer ikkje på krav i forhold til Kunnskapsløftet. Dette kan bli avslappande for læraren, sidan det tyder mindre arbeid og planlegging, og kan føre til høg trivsel for læraren.
Sjølv om dette blir enkelt og greit både for lærar og elevar, er det neppe det beste for dei med tanke på vidare arbeid og skule i framtida. Kva om desse elevane skiftar skule av ein eller anna grunn, korleis går det me dei då?

På slutten av dagen fekk me i oppdrag å lage eit tilpassa opplegg med fleire alternative måtar. Mi gruppe valte at temaet skulle vera påske i faget krl, med eit opplegg basert på å sjå og læra. Altså litt preg av demostasjon og skodespel. Det når dei fleste elevane, det såg me når me var ute i praksis på "mellomtrinnet". Og sidan krl er eit fag med ofte "låg" status, tyder det kanskje berre på at metodane for undervisninga trengs å skiftast ut. Fornyast. Og at det ikkje nødvendigvis er faget som er problemet.

Eg har tillegg fått sett korleis dette fungerer i praksis. I klassen eg var i hadde me alle slags elevar, særskild arbeidande og flinke elevar, ein ADHD elev, elevar med lese-og skrivevanskar og dei midt på "treet". ADHD eleven hadde ofte med seg ein assistent som var der og hjalp til. Denne eleven var ikkje av dei bråkete som spring rundt og herjar, men sat i staden roleg på pulten. Problemet var å få gjort noko i timane, fleire gonger var ikkje bøkene oppe på pulten ein gong. Eg såg og at einskildelevar blei teken ut på eit grupperom med eigen lærar, der dei fekk ekstra pc- og leseundervisning. Det varierte kva som var i fokus. Av og til føregjekk dette inni klasserommet òg, ubemerka av dei andre elevane. Læraren var veldig flink med å gi bekrefting på arbeidet og ros. Ein kunne sjå at eleven tok det til seg, han verka stolt då han ver ferdig.
Desse ekstra flinke hadde til tider eigne oppgåver dei skulle løyse i dei faga dei var sterke, slik at dei kunne strekkja seg etter meir. Ingen nemnte at det var "urettferdig" av medelevar.

fredag 18. april 2008

Yrkesetisk seminar

I byrjinga av seminaret fekk me introduksjon til temaet både i forhold til læraryrket og reglar (Bigit) som t.d tausheitsplikt og i forhold til dei ulike typane etikk (Tormod) som t.d plikt-/konsekvensetikk. Seinare blei me delt inn i grupper, eg var med Bertin Hjortland, Tove Ringen, Astrid M. Noremark. Me sat oss saman først i gruppa, me leste i krl-boka om temaet (mest konsekvens-/pliktetikk) og laga dei 10 (12) yrkesetiske boda. Etterpå bestemte me at alle skulle gå heim og lese gjennom casene kvar for seg og skrive litt stikkord, før me møttes att. Dagen etter samlast me på eit grupperom og gjekk gjennom case for case og la fram det me hadde tenkt i forhold til casene. Det var mykje diskusjon att og fram, og mange argument både for og mot. Det var veldig spennande å sjå kor likt/ulikt me hadde tenkt. Då me fredagen skulle leggje fram sak, sat me rundt eit langbord alle saman. Mi gruppe trekte case nr. 4, som omhandla Lars og læraren hans Jørgen. Etterpå fekk dei andre kome med supplement og me diskuterte. Slik gjekk case for case på tur, og eine gruppa gjekk i tillegg gjennom dei 10 boda dei hadde laga.


Boda til gruppa mi såg slik ut:

1. Interesse og omsorg for born og unge
- Involvere seg i elevane sin kvardag – både på og utanfor skulen. Snakke kontinuerlig med elevane om situasjonar som påverkar livet deira – og som også kan påverke skuledagen.

2. Følge lovverket – oppfordre elevar til det samme
-
Gjere seg kjend med lover og reglar som gjeld for å utføre ditt yrke på en god måte.

3. Innstilt på samarbeid med foreldre/kollegaer
-
Vere mottakeleg for andre synspunkt/meningar enn dine eigne. Ta imot innspel frå foreldre/kollegaer/andre med eit positivt utgangspunkt – vidare vurdere om dei er relevante for elevane si utvikling.

4. Godt førebudd /førebudd til uventa situasjonar.
-
Bruke planleggingsfasen aktivt, med tanke på å kunne takle einkvar situasjon. Ved oppstart av undervisning har læraren førebudd ein «A-plan» og ein «B-plan», dersom alternativ A ikkje fungerar. Evt ha ein «kriseplan» i bakhand dersom alt går gale..

5. Evne til eigenvurdering
- Evaluere seg sjølv og eigen undervisning med tanke på best mogleg læring/utvikling hos elevane – tilpassa opplæring.

6. God rollemodell
-
Framstå/oppføre seg på same måte som du forventar av elevane.

7. Vise respekt
-
Lytte til elevane, ta innspela deira på alvor.

8. Evne til god kommunikasjon
-
Opptre på ein tydeleg og engasjert måte, både verbalt og kroppsleg.

9. Vere motivator
-
Skape indre motivasjon hos elevar: vere positiv, gi ros, vere engasjert, bruke varierte arbeidsmetodar, forklare/demonstrere aktivitet på ein enkel og tydeleg måte, konstruktive tilbakemeldingar.

10. Evne til empati
-
Å setje seg inn i andre sin situasjon/kjensler, med tanke på å oppnå ei løysing som fungerer.

11. Bruke kreative løsningsforslag
-
Tenke utradisjonelt for å oppnå variert og spennande undervisning/løysingar.

12. Skape tillit
-
Samanheng mellom ord og handling, tilgjengelegheit, rettferd, tillit, empati, sjå pkt 5, 6, 7, 9, og 10.

Ein ser her at krava som vert stilt er ganske store og mange. Det gir oss som lærarar mykje å tenkja på. Eg syns det er bra at me har rettningslinjer å gå etter, slik at ein kan gjere sitt beste for å bli den beste læraren for elevane. Det viktigaste er jo dei. Det er dei som skal lære noko og tar med seg alle desse erfaringane vidare i livet. Det er viktig at dei får opplæringa dei har krav på, og den tilpassinga som dei treng. Ein vil helst at alle elevar skal ha det bra og at klassemiljøet skal vera bra. I den klassen eg var i praksis fekk eg sjå at sjølv så ungen som 10-11-åringar skjønar at folk er forskjellige. Dei godtok at nokre hadde eit anna opplegg enn dei, og det virka som om alle var klar over kor dei var på "treet" og mange kor andre var.

Ein eigenskap eg syns eg viktig er å kunne setje seg inn i eleven sin ståstad. Då kan ein lettare sjå kva eg ville ha likt og ynskja ut av undervisning osv. Me har alle vore og er framleis elevar som har ein lærar, og veit inni oss kva me forventar av ein lærar. Det er sjølvsagt ting ein tek med seg når ein sjølv skal planleggje og undervise.

mandag 31. mars 2008

Praksisperiode veke 9-11

Denne perioden var den lengste i år, tre veker skulle gjera vårt beste og lære mest mogleg. Før perioden hadde me delt faga inn i grupper på ca likt timetal:
1. matematikk og engelsk (6t)
2. norsk (5t)
3. KRL og SANA (6t)
Første veka byrja eg med nr.1, Thomas med nr.2 og Kenneth med nr.3, deretter rulerte me slik at alle fekk ha alle fag, med fokus på ei gruppe kvar veke.

Eg hadde etter ynskje fått matematikk og engelsk første veka. I matematikk hadde me areal av trekant som tema. Eg hadde fått vete at dei rett før me kom hadde gått gjennom arel av firkant, og brukte repetisjon av det som innleiing til det nye tema. Hovudpoenget mitt med første økta var at dei skulle skjøne at ein trekant var halvparten av ein firkant. Dette var dei med på og eg kunne trygt introdusere korleis ein skulle rekne dette. Her medan dei kunne sjå korleis firkanten reknast på sida av (på tavla) slik at dei kunne sjå samanhengen. Når eg skulle ha arealet av firkanten brukte eg elevane som ressurs og spurde heile vegen om nokon kunne "hjelpe meg" og forklare korleis eg skulle gjere det, det verka som dei likte det. Dei vart svært engasjerte og slik fekk eg dei "på kroken" og hadde dei med meg vidare i det eg viste. Mot slutten av økta fekk dei rekne sjølv i bøkene sine, og eg fekk kjensla av dei syns det var greit.

Neste økt var ei dobbeløkt hadde eg stasjonsarbeid. Eg delte dei inn i 5 grupper:
1. omkrins av firkantar
2. areal av firkantar
3. omkrins av trekantar
4. areal av trekantar
5. areal og omkrins av firkantar ute.
På dei fire første gruppene hadde eg klipt opp trekantar og firkantar i papp som dei skulle måle sidene på og rekne ut. Dei hadde eit ark dei skreiv svara på i fellesskap som dei tok med seg frå stasjon til stasjon. På kvar stasjon brukte dei ca 20 min, sidan me var mange lærarar tilgjengeleg brukte eg både gruppa mi og praksislærar slik at det stod ein med kvar gruppe. Mot slutten av veka måtte eg oppsummere det dei hadde gjort her og kjapt introdusere målestokk før eg leverte stafettpinnen vidare.

I engelsk fulgte eg boka, der me skulle gjennomgå ein tekst om "horrid Henry". Eg spelte den av for dei frå CD medan dei skulle følgje med i boka. Etterpå spurde eg ulike spørsmål for å sjekke om dei hadde fått med seg det dei hadde lese. Eg gjekk og gjennom teksten og lot dei lese, og stoppa kvar gong me traff på nokre av glosane dei skulle kunne på slutten av veka (måltest). Då sa eg ordet høgt først, og så herma dei etter meg i kor. Når dette satt fekk dei løyse oppgåver på eiga hand. Neste økt var ikkje før fredagen, då hadde dei måltesten først og så gjekk me gjennom teksten og oppgåve dei hadde hatt i lekse. Økta slutta av etter litt oppgåveløysing på eiga hand.

Andre veka skulle eg ha KRL og SANA. SANA er forkorting for Samfunnsfag og Naturfag, der kva fag det er varierer frå veke til veke etter behov. Denne var det naturfag, og temaet var "stein". Eg skulle byrje med vulkanar og utvinning av jern. Veka før visste eg dei hadde skrive ein tekst om utbrotet i Pompei og byrja derfor med at elevane skulle få lese kva dei sjølv hadde skrive. Etterpå skulle dei lese ein tekst og løyse oppgåver til den som eg hadde laga sjølv. Oppgåvene var mange, men laga litt "lette" slik at dei skulle finne svara uten veldig store problem og få meir forståing av teksten i små bitar. Desse jobba dei veldig engasjert med, og eg fekk mykje god respons på dei.

Eg hadde i utgangspunktet sett etter oppgåver i bøkene, men syns dei var for store og omfattande, og veldig få. Dette er den type oppgåve som gjer at elevane fort gir opp og "finn ingenting", derfor følte eg det var rett å lage sjølv. På den måten fekk eg arbeide meg gjennom teksten grundig samstundes som dei skulle lære mest mogleg av arbeidet. Desse oppgåvene fekk dei halde fram med og gjere seg ferdig med neste økt (dobbel). For dei som vart tidleg ferdig hadde eg laga nokre ekstra oppgåver som gjekk på teikning. Når eg meinte dei hadde hatt nok tid og flesteparten var ferdig hadde me ein felles gjennomgang, dei svarte ved handsopprekning.

Etter pausen gjekk me ned i mediateket og såg filmen "planeten jorda" som dei skulle kunne fortelje 3 faktasetninga frå etterpå. Desse vart sagt i fellesskap i klassen og så skriven i boka. Siste økta eg hadde ville eg teste kva dei kunne, eg laga ein quiz. Dei blei delt inn i lag og satt fordelt i dei på gruppa, dei skulle ha ein skribent, men alle skulle hjelpe til. Eg gjekk gjennom spørsmål for spørsmål på PowerPoint på sida av meg medan eg leste det opp høgt. Når me var kome gjennom oppgåvene bytta gruppene svarark og fekk rette kvarandre. Eg viste fasit på PowerPoint og fortalte heile vegen korleis poengsettinga skulle vere. Når alle var retta vart dei levert tilbake til gruppa, alle var svært interessert i å kåre ein vinnar.

Eg syns dette fungerte veldig bra, men eg ville nok hatt litt betre tid. Det blei ei litt kjapp gjennomgåing av fasit på slutten, men dei klarte likevel å henge med. Elevane verka som dei hadde lært mykje (ut frå poengsum til slutt) og det var morosamt å sjå dei jobbe i gruppene og vere engasjert i å vise kva dei kunne. Eg meiner det var absolutt verdt det ekstra arbeidet eg måtte leggje i det. Både eg og elevane satt forhåpentlegvis att meg kjensla av at me hadde lært noko nytt.

I KRL fekk eg i oppdrag først og fremst å oppsummere undera. Me byrja timen med song og deretter spurde eg spørsmål om kva dei hugsa, før me teikna ei tankekart på tavla som dei skulle ha i si kladdebok òg. Etterpå leste me det siste underet som ikkje var gått gjennom før i fellesskap, fekk det med i tankekartet og gjorde oppgåver til kapittelet. Neste økt stod påske for tur. Eg fann ut at dei hadde hatt mykje lesing sjølv, så eg valte å lære meg utenatt dag for dag i påsken og fortalte til dei i staden. Det var ikkje ein lyd blant elevane, dei sat heilt stille og fulgte med på meg. Det kan ha noko med at eg viste litt med hender og kropp for å understreke. Økta gjekk fort. Neste økt byrja med songen "let my people go", før me hadde ei grundig oppsummering av påsken. Eg lot dei fortelje kva dei hugsa og stilte spørsmål dersom dei "mangla" noko. Slik fekk me ein slags samtale i fellesskap uten at det vart særleg bråkete. Etterpå fekk dei utdelt eit oppgåveark dei arbeida med to og to saman. Timen vart avslutta
med songen "dine hender er fulle av blomster" som eg meinte var relevant i forhold til Jesu oppstanding og ei kjekk avslutting av dagen.

Siste veka hadde eg ansvar for norsken, den gjekk så og seie berre til leselyst-prosjektet som dei starta i løpet av andre veka me var der. Medan elevane las fekk eg då tid til å tenkje ut korleis eg skulle få inn IKT i løpet av min periode, noko eg ikkje fekk vete om før. Eg tok då utgangspunkt i tekstbehandlingsopplegget eg hadde i punktpraksis og køyrde repetisjon på det. Eg tok to og to elevar inn på grupperom og gjekk gjennom punkta dei skulle ha lært, slik at eg fekk sjå kor mykje dei hugsa og lære dei det dei ikkje hadde fått med seg.

Etter perioden føler eg at eg har lært mykje om korleis det er i kvardagen for lærarar i dag. Eg har fått vore med på teamarbeid mellom lærarane på trinnet, eg har fått verkeleg prøvd meg som leiar for klassen og føler eg har utfordra meg sjølv undervegs for å forbetre meg. Eg føler at eg kan kommunisere med elevane på ein god måte og at dei er med på det eg gjer. Eg er ikkje noko leikestativ, men kjenner at eg verkeleg ynskjer at dei skal få mest mogleg ut av mi undervisning eller mi hjelp som assistent og . Fleire elevar har denne gongen vist meg tillit og det føles veldig bra. Eg likar at dei er trygge på meg, då vert det lettare for meg å "nå ut" til dei.

Eg hadde ikkje lyst å reise frå dei den siste fredagen. Me på 5.trinnet gjekk saman og ordna til kaker, saft og film. Me lånte oss plass i "dumpa" (eller mediateket for folk utanfor). Eg merka eg satt der og kikka på alle elevane og tenkte for meg sjølv at eg skulle ynskje eg berre kunne bli verande der. Eg kjende ikkje ein plass at eg hadde lyst å forlate elevane, no når det verkeleg kjendes som om me var "på bølgjelengd". Filmen tok slutt og dei skulle snart gå for helga. Me studentane delte ut blomar til praksislærarane våre og holdt ei lita tale for dei og elevane. Elevane fekk klarsignal for helg, og fleire sprang mot døra (flest gutar). Det var trist å sjå dei forsvinna. Nokre kom bort og spurde om me verkeleg ikkje skulle kome att, og viste at ikkje likte tanken på det. Fleire av jentene kom bort og gav ein klem, det var kjekt. Eg vart heilt emosjonell. Alt i alt har perioden vore vellukka for min del, aldri har eg lært så mykje på 3 veker. Og best av alt er det at eg føler at eg høyrer til på lærarrommet og i klasserommet, det er dette eg MÅ bli - lærar =)

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Nokre elevar treng spesialundervisning og det kan vera mange grunnar til det. I forhold til desse elevane kan ikkje skulen stille dei same krava for eleven som til andre elevar. Denne undervisninga har utgangspunkt i retten elevar har til tilpassa opplæring. Skulen må ta omsyn til dei mange sidene ved eleven: språket, fysisk og psykisk utrusting, heimebakgrunn og verdiar. Denne form for undervisning gjeld elevar med ei eller anna form for funksjonssvikt og krev at læraren har spesialkompetanse. Funksjonssvikt kan vera:
- fysisk (rullestolbrukar, høyrselshemma, synshemma)
- kognitiv (lese- og skrivevanskar, ADHD)
- kjenslemessig (omsorgssvikt, vanskar i heimen, psykiske problem, mobbing)

Ved hjelp av skuletestar kan ein kartleggje nivå slik at ein kan tilretteleggje undervisningsopplegg for å oppnå best mogleg læringsmogleik for elevane. Testane kan og hjelpe til å diagnosere kognitiv funksjonssvikt og lærevanskar, dette kan sjølvsagt berre nyttast/gjerast av folk med spesialkompetanse. Vidare i forelesinga gjekk me meir innpå dei ulike typane vanskar elevar kan ha, tips til korleis ein kan oppdage og handle i når ein oppdagar noko. Me fekk og høyre om noko kalla dyskalkuli, som er eit anna ord for tallfobi eller matematikkvanskar. Eg hadde aldri høyrt om dette før og syns det verka spennande å lære om, samstundes som det var litt vanskeleg å førestelle seg kvardagen til desse elevane. Eg kan tenkje meg at det kanskje er for lite informasjon om dette og at det muligens er mange elevar som har slitt med dette og aldri fått noko diagnose e.l. Og det er jo ikkje bra.

Kort og enkelt oppsummert er det viktig å ha nok informasjon om vanskar elevar kan ha, slik at ein kan oppdage det tidleg og få ein diagnose. Når ein har fått det må ein lage til eit opplegg som kan fungere slik at eleven får best utbytte av undervisninga. Som lærarar vil me helst sjå elevane våre lukkast i det dei ynskjer, og difor hjelpe dei på vegen der til med det me kan. I ein slik prosess blir samarbeid mellom skule, elev og heim svært viktig. Difor er kommunikasjon og dialog sentralt heile vegen. Me som lærarar må hjelpe til og tilretteleggje for at eleven skal få den opplæringa han/ho har krav på.

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Denne dagen byrja med ei PowerPoint framsyning om sjølvbiletet. Her me fekk presentert eg-et og meg-et, der eg-et er det ubevisste og subjektive (eg er den eg er) og det er utgangspunktet for ein persons handlingar/motivasjon. Meg-et er det bevisste og objektive, med biletet ein har av seg sjølv. Når me blir bevisst på noko me vanligvis gjer ubevisst, endrar eg-et seg til meg-et.

Etter litt diskusjon rundt tema skulle me gå i grupper. Litt same opplegg som sist, total grupper på 4, men berre to og to saman ved lesing av stoffet. Når me satt oss saman etterpå skulle me diskutere denne problemstillinga:

har den norske skulen eit kjønnsproblem?

Etter mykje diskusjon kom me fram til at den har eit kjønnsproblem fordi:
- jenter og gutar presterer ulikt.
- kjønnsidealene øydeleggjer for likestilling.
- Jentene sine forventningar til prestasjonar er mykje lågare enn gutane sine.

Dette er ting som har mykje å seie for elevane sin skulekvardag. Når gutane scora høgt på prøvar begrunna dei det med at dei var flinke, medan jentene skulda på flaks eller enkle oppgåver. Når dei fekk dårlege resultat, skulda gutane på uflaks eller andre medan jentene sa dei var for dårlege eller kunne for lite. Dette har eg aldri tenkt over, men eg kjende meg litt att i den statistikken. Eg forventar som regel at det går dårlegare på prøvar enn det faktisk gjer, eg gjorde det særskild på ungdomsskulen i alle fall.

Så kan ein jo spørje seg kvifor det blir slik, og ein kan neppe nekte for at media og samfunnet si framstilling av kjønnsrollene påverkar, måten læraren behandlar elevar, kva lærarar forventar av elevane. Kanskje trur jenter dei ikkje er gode fordi dei sjeldan får ros, det er ofte dei elevane som plutseleg gjer arbeid som får det (ofte gutar). Jentene er på ein måte allereie forventa at skal vera flinke. Haldninga "alle jenter er flinke" kjem synleg fram av og til. Er alle jenter flinke? Fins det ikkje flinke gutar? Kvifor skal jenter kunne vera flinkare enn gutar? Er det medfødt?

Motivasjon


Denne dagen fekk me ein kort presentasjon av tema på starten av dagen. Så vart me inndelt i grupper på to og to som skulle lese gjennom nokre sider, for og så etterpå setje seg saman med ei anna gruppe på to etterpå som hadde lese ein anna del, for å så fortelje kvarandre kva me hadde lese, og diskutere tema. Fordi antallet ikkje gjekk heilt opp i den avanserte gruppeinndelinga som vart vist på tavla, kom eg i ei gruppe på totalt tre stykker, og me hadde difor ingen å setje oss saman med etterpå dersom det skulle gå opp. Det førte til at me sat berre oss ilag og måtte lese alle sidene sjølve, då blei det litt lite tid til diskusjon for det var ganske mange sider. Me fekk laga spørsmål til stoffet og la det ut på fronter.

Eit av spørsmåla var: kva er skilnaden på indre og ytre motivasjon?

Indre motivasjon er det ein kallar "naturleg" motivasjon. Det er indre krefter som t.d behov eller vilje som er grunnlaget for motivasjonen. Her er det aktivitet for aktivitet si skuld, t.d ein som likar å spela fotball gjer det, ikkje fordi han vil nå ei mål.

På den andre sida har me ytre motivasjon som er når ein gjer noko for å oppnå ei belønning eller for å nå eit mål, her er ikkje aktiviteten for å nå det viktig. Til dømes når ein elev puggar til prøve for å oppnå gode resultat, slik at han kan få mogleiken til eit attraktivt studium seinare. Samstundes kan det og vera at ein gjer det ein må, fordi ein er redd for straff dersom ein ikkje gjer det.

Dette er sjølvsagt ting ein må vite om når ein skal prøve å motivere elevar. Den aller beste for eleven si skuld er sjølvsagt den indre. For når ein likar noko følger ein meir med og er meir nøye på kva ein gjer, noko som gjer at det ein lærar blir verande. Dersom ein berre puggar for å få gode resultat kan det vera at det ein kunne rett før prøven, er gløymt så snart den er over. Og på lang sikt vil ikkje dette vera gunstig.

Prestasjonsmotivasjon er basert på eleven sitt ynskje om å prestere noko som er bra i forhold til eit kvalitetsforhold. Det ein form for indre motivasjon, for ein gjer ikkje noko for å nå ei belønning eller eit mål, men fordi kjensla av meistring gir eleven tillit til seg sjølv og sine evner. Det er og viktig for eleven å få anerkjenning og respekt frå medelevar og læraren. Kjensla av å ha lukkast driv eleven til å strekkja seg etter meir. Det som er bakdelen her er at desse elevane er og veldig redde for å mislukkast, og gjer alt for å unngå det.

For å unngå at elevar føler at dei ikkje har lukkast, er det viktig at læraren er kjenner føresetnadene til eleven og gir han/ho oppgåver utfrå desse (tilpassa opplæring). Det er og viktig at eleven får positiv respons på den han/ho har gjort, uansett korleis arbeidet er gjort skal fokusen vera på det positive. Dersom ein legg for mykje vekt på det som kunne vore betre (som er "dårleg" slik eleven ser det) vil eleven kanskje føle at ALT var dårleg og at han/ho har mislukkast, og då vil han/ho kanskje ikkje vera motivert til å prøve att i frykt for å mislukkast "igjen".

Etter denne økta fekk me og eit innblikk i kor vanskeleg det kan vera å organisera eit slikt gruppearbeid, med alt frå inndeling av grupper, kva sider kva gruppe skulle lese, kven som skulle gå saman, kor ein skulle vera, kor lang tid det tek osv. Og konklusjonen er at det er ikkje enkelt i det heile tatt. Særskild ikkje i ein så stor klasse som me er når me er samla alle. Det hadde kanskje vore litt lettare dersom me var ferre?

(revidert 25.o4.08)

lørdag 22. mars 2008

Punktpraksis på Langeland 22. jan.


Ja, så var den dagen over. Og eg trur eg kan sei at den vart vellukka. Me var litt nervøs for korleis det skulle gå med tida, responsen frå elevane og liknande faktorar, men det gjekk over all forventning. Elevane var svært mottakelege.

Som tidlegare nemn slo oss to gruppene på 5. trinn oss saman til ei stor gruppe. Det gjorde at me blei sju stk. Me skulle har tre stasjonar, så me fordelte oss to og to (og tre på ein stasjon). Elevane blei delt inn i tre grupper som praksislærarane hadde laga og gjekk frå stasjon til stasjon etter ei viss tid var gått. Noko me var veldig spent på om kom til å passe. Då me planla fann me ut at me måtte flytte og korte ned nokre av pausane for å få det til å passe. Me var usikre på korleis det kom til å bli motteken, men det gjekk bra.

Sidan me studentar var fordelte på stasjonar me hadde ansvar for, fekk me ikkje sjå korleis det fungerte på dei andre stasjonane, noko som var litt synd. Eg var saman med Kari og Mona, og me tok føre oss tekstbehandling i Microsoft Office. Elevane sat med kva sin pc. Først demonstrerte me korleis ein skulle gjere ting på Smartboarden, og så fekk dei jobbe sjølvstendig med oppgåver. For dei som vart tidleg ferdig hadde me og ekstraoppgåve slik at dei skulle alle vera sysselsette. Det var heldigvis ingen tekniske problem og elevane var interesserte og engasjerte, noko som gjorde vår jobbe mykje enklare og kjekkare.

På slutten av dagen gjekk klassane til sine klasserom og då tok me ei lita oppsummering der elevane kunne få ytre seg om kva dei hadde lært, kva dei syns var kjekt og ikkje kjekt. Det var absolutt flest positive tilbakemeldingar og det verka som dei meinte dette var både nyttig og kjekt, og det var jo det me vona. Me fekk og bekrefte at dei hadde lært noko nytt.

Alt i alt var dagen vellukka, og absolutt verdt arbeidet me hadde lagt i det.

Dersom me ikkje hadde vore så mange som me var, hadde det nok blitt ein del annleis. Hadde ein vore to lærarar, noko dei var vanlegvis i vår klasse, kunne ein hatt halv klasse med eit opplegg i klasserommet og andre halvdelen eit anna opplegg (t.d i mediateket). Sidan me hadde fleire stasjonar, hadde det sjølvsagt krevd meir tid, og kanskje vore litt vanskeligare med tanke på nok pc-ar til alle, i så fall kunne dei kanskje vore to og to på kvar pc. Det veit me dei hadde gjort tidlegare når dei har hatt slik undervisning. I ein heil klasse med berre ein lærar er det nok mykje vanskelegare å få til. Det blir fort mykje bråk og mas dersom 28 elevar skal få beskjedar og hjelp samstundes. Det er vanskeleg å rekke over og hjelpe alle elevane og det går utover utbyttet elevane har av opplegget. Kanskje går det an dersom ein har fått klassen heilt med på det, og har reglane klare for toleranse av bråk, slik at dei passar på at kvarandre følgjer med, og hjelper sidemannen. Dersom alle samarbeidar som eit team, skal det ikkje vera umogeleg. Risikoen er at ein elev kan finne på å tulle, og dermed øydeleggja for alle andre og skape dårleg stemning.

(revidert: 28.04.08)

Planlegging av punktpraksis (14. jan.)

I dag byrja me å planleggja punktpraksisen, som er ein dag ute på Langeland der me skal ha eit opplegg som går på IKT-bruk. Mi gruppe i praksis hadde avtalt med gruppa i parallellklassen på 5. trinn at me skulle jobbe saman, slik at begge klassane fekk same opplegget. Det vart ei stor gruppe, men eg trur det skal bli løyst slik at me får mest mogleg ut av det.

Før me kunne setje skikkeleg i gong var det eit par ting me trengte å vite. Me visste ikkje kor mykje IKT-bruk dei hadde hatt, eller kva innanfor IKT dei hadde hatt evt. kva dei trengte. Ein anna ting var sjølvsagt korleis ting kunne løysast praktisk, til dømes om det var pc-ar til alle elevane og om det var mogleik å vise ting på storskjem. Dette kan me spørje om når me skal møte praksislærane seinare i veka, men før det må me ha eit forslag som er mogleg å justera etter respons frå dei.

Foreløpig ser det ut som me deler oss i stasjonar, med to-tre studentar på kvar stasjon. Opplegget på dei tre stasjonane treng ikkje å ha direkte med kvarandre å gjera, men skal ha ein slags raud tråd som bind dei saman. Nettvett er eit av orda som tidleg blei foreslått som tema. Det sit nok i bakhovudet etter økta forrige gong. He he. Eg trur at dette kan bli eit bra opplegg som også er nyttig for elevane.

Observasjon før punktpraksis

Denne dagen skulle me vera med ute på praksisskulen og sjå korleis dei brukte IKT i kvardagen, slik at me kunne få nokre tips før me skulle gjere det. Eg stilte opp med eit opent, men forvirra sinn. Kva skulle me denne dagen? Læra om korleis dei brukar IKT?

Første timen sat alle elevane på kvar sin pc, og skulle lage seg teikneseriar i programmet Cartoonist. Læraren viste dei døme på Smartboarden som var kobla til pc-en. Han spurde dei om korleis dei kunne gjere ulike ting innpå programmet og elevane svarte ivrig. Det var tydeleg at dette hadde dei fått med seg sjølv om dei ikkje hadde halde på med det mange økter før. Når han hadde fått oppsummert, fekk elevane arbeide på eiga hand. Mot slutten av timen fekk nokre av elevane visa fram kva dei hadde gjort på Smartboarden.

Dette var heilt nytt for meg, så eg meinte det var spennande. På ei anna side skjøna eg ikkje heilt den faglege relevansen, men eg antar at det er den digitale dugleiken som er i sentrum her og ikkje noko anna fag. Etter denne økta sat me framleis inne i timane deira, sjølv om det dei gjorde ikkje hadde noko med IKT å gjere. Og det er her forvirringa kom inn, for eg fekk inntrykk av at me skulle få ein demostrasjon av korleis ein kan bruke IKT i ulike samanhengar, og dette var jo berre EIN måte.

Etter elevane fekk gå for dagen, sat me på lærarrommet og venta på fellesmøte kl.14.00. Der fekk me utdelt Langeland sin IKT-plan, og fekk ein gjennomgang av den. Denne vil sjølvsagt vera nyttig når me skal planleggje sjølv, men resten av dagen føler eg ikkje hjalp så mykje. Eg trudde me kom til å få fleire tips om bruken av IKT og sjå korleis det fungerer, men slik var det altså ikkje. Difor vil IKT-planen deira, supplert med Kunnskapsløftet vera vårt utgangspunkt når me skal laga opplegg for elevane.

tirsdag 12. februar 2008

torsdag 10.januar

Denne økta var eg diverre ikkje til stades, men fekk via medelevar vite kva det vart snakka om. Eg har og difor på eiga hand lasta ned og leika meg med movie maker og Pivot strekanimasjon, etter ein liten demostrasjon av medelevar. Eg fekk sjå ferdige produkt, og korleis det vart laga. Kva skulle ein gjort uten hjelpsomme medelevar? =)

Born og nye medium (7.januar)

Denne økta fekk me høyre om born og nye medier, med særskild tanke på datamaskinar og internett. Her gjekk me innpå chatting, nettvettreglar, mobil, bildebruk på nettet og mykje meir. statistikkane var noko overraskane. Det er rart at så få foreldre fylgjer med når borna sit på chattesider og pratar, med tanke på kva som kan kome ut av ein slik samtale. Det er utruleg kva folk får seg til å spørje om, det fekk me sjå då Ane viste oss på storskjerm kva spørsmål ho fekk då ho logga seg inn som "Linn 16". Sperrene er mykje mindre over ein slik chatt, det er ikkje som å snakke med nokon ansikt til ansikt. På nettet lyg dei fleste.

Etter dette merkar eg sjølv at eg er blitt meir obs på kva t.d min eigen bror held på med på nettet, kva for sider han er innpå, og kva informasjon han oppgir. Eg har det i bakhovudet heile tida. Etter Ane viste oss den chatten tenkte eg at eg skulle prøve det same, noko som hadde mykje liknande resultat. Eg hugsar sjølv og tilbake til ungdomsskulen når eg sat og chatta på nokre spelesider. Det var mykje rart som blei spurd om, og eg var innpå for å spele, så eg vart ganske sjokka. I den alderen er det ikkje lett å vite korleis ein skal reagere, difor er det viktig å opplyse ungar om kor viktig det er å verne om privatlivet sitt.

mandag 21. januar 2008

Animasjon og bilethandsaming


Idag hadde me om animasjon og biletbehandling. Me hadde ein mannleg gjesteforelesar inne og sat på datalaben. Me fekk prøvd å klippe og lime inn bilete på Photoshop, som skulle resultere i ein plakat. Det gjekk til tider veldig kjapt for seg i svingene, men ved hjelp av sidemenn kom me oss gjennom det. Etterpå gjekk me gjennom animasjon. Me teikna inn strekfigurar i fleire bilete og deretter satt me dei saman, slik at det såg ut som figuren rørte på seg.
Me fekk prøvd oss fram eit par gongar, men timane gjekk veldig fort. Følte det burde kanskje vore sett av litt meir tid til dette. Det tenkjer eg i allfall i høve til den samensatte teksten me skal lage seinare i år.

Desse tinga er og kjekke å kunne når ein skal ut i skulen. Unge i dag kan mykje og interesserer seg for slike aktivitetar. Dessutan kan det med alle nye metodar blir svært aktuelt og sentral til bruk i skulen seinare. Sjølv om me kanskje ikkje ser så mykje bruk av det på bornetrinnet no, trur eg det med tida vil bli stadig meir av. Og då er det kjekt å ha vore innom det på førehand, slik at ein faktisk kan lære elevane noko, og ikkje berre dei lærer deg om desse nye tinga. Eg har ofte sett at elevar kan meir om data enn lærarane sine, mykje fordi mange lærarar ikkje er av datagenerasjonen og difor har lite kunnskap om det. Med desse ny reformane og krava, er det ikkje lett for dei av den generasjonen å oppfylle krava. Heldigvis kjem me midt inni det og kan difor ta opp tråden og legge dette nye til det me allereie kan.

ps. dersom du vil sjå min fantastiske animasjon er det berre å klikke på biletet =)

(revidert: 27.04.08)

fredag 18. januar 2008

turdag med oppsummering av praksis


Me møtte opp ved skulen og organiserte køyring til Landåsen. Der gjekk me (til å byrje med) i flokk runden rundt vatnet og samlast att hos Birgit. Været var kjølig med tendensar til snø. Hos Birgit var det varmt og godt, me fekk sett oss ned med bord og snakka saman. Kaffi vart servert og nokre spiste nista si. Etter ein del koseprat skulle me diskutere praksis.

Det første alle kommenterte var den dårlege kommunikasjonen mellom Langeland og HSH, både når det gjaldt omfang, praksismappe og krav. Dette vart ting som eigentleg var fastsett ved eit felles møte mellom skulane, noko som var rart, sidan ingen tolka det likt. Bortsett frå det verka det som alle hadde kost seg ute blant borna og lært mykje. Me hadde alle lagt merke til ulike ting ved skulane og hatt ulike opplevingar i undervisningssamenheng. Det var kjekt å få høyre om andre sine erfaringar, slik at ein kunne ha dei i bakhovudet til seinare.

Kva mine eigne erfaringar var står det ein del om i førre innlegg. Bortsett frå det vil eg seie at det var godt å sjå elevane att og få ei oppfrisking på namna og personlegdomane. I tillegg var det svært spennande å få prøve seg sjølv som ein leiar for klassen. Eg fekk oppleve kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Som det blir sagt: øving gjer meister!

kva lærte eg av praksis?


  • konkretiseringsmiddel og å setje fagstoff i praktiske situasjonar elevane kjenner til, er viktig for god læring.
  • Korleis ting ser ut rundt elevane er viktig for god læring. At det er system og alle veit kvar alt er og skal vere, gir dei tryggleikskjensle.
  • Ting som er organisert av ein lærar går veldig enkelt, men dersom dei sjølv får ansvaret blir det vanskeleg. Det verkar som dei treng nokon til å leie dei i det som skal skje heile tida. Ein sang i starten på timen er eit triks for å skape konsentrasjon og ro i klasserommet.
  • å vere ein lærar i ein stor klasse er eit stort ansvar. Alle elevane har rett på hjelp til oppgåveløysing og å bli sett. Det kan vere vanskeleg for ein lærar å dekke alle elevane til ei kvar tid, når klassen er på 28 elevar.
  • Det blir lett uro og er tidskrevande når bøker skal hentast eller ved skifte frå eit fag til eit anna utan friminutt mellom.
  • Å venne elevane til ei signal for kortid det skal bli stille i klasserommet er er eit triks for effektivisering av timane. Det kan til dømes vere å telje frå ein til tre høgt, setje på musikk eller slå på eit triangel.
  • Elevane er svært kontaktsøkjande og vil bli kjend med studentar. Det kan vere farleg å vere for mykje ”kompis” og for lite autoritær. Det kan gjer at dei ikkje respekterer deg som lærar i undervisningssamanhengar. Ein skal kjenne elevane, men likevel ikkje vere ”kompis”.
  • Å vite kvar grensene mellom lærar og kompis går er svært vanskeleg, og kan vere tøft å rette opp att dersom du ikkje får det til.
  • Konkurranse er god motivasjonsfaktor.
  • Teamarbeid mellom lærarane på trinna er god støtte og gir eit godt utbytte.
  • Korleis du kler og ter deg sender ut signal til elevane og spelar ei stor rolle for korleis dei oppfattar deg.
  • Planlegg alltid øktene dine godt, og ha helst noko ekstra på lur til dei som vert kjapt ferdig med sjølvstending arbeid.
  • Få respons frå gruppa di etter øktene og samarbeid vidare om planen i dei ulike faga.
I forhold til å sjå alle elevane når ein er i praksis, vil ikkje dette vera umogeleg. Ein har tid til å sitte med elevane og kome nærmare dei, medan ein av dei andre studentane har ansvar for undervisninga. Dersom det skal inn i eigne timar med ansvar, kan til dømes helse på dei i døra når dei kjem om morgonen (slik som Birgit gjorde med oss) eventuelt når ein , eller ein god-morgen-sang dei har i klassen. Alle syng "good morning,(t.d)ida, how are you, how are you, how are you" så svarar den som blei sungen om "i'm fine, and how are you?" og peikar på ein ny elev. Då byrjar verset på nytt berre med den eleven som vart peika på sitt navn, og slik held den fram til alle elevane har fått svart.

Eg skreiv ovanfor at konkurranse er ein god motivasjonsfaktor, men det gjeld ikkje i alle tilfeller. Ein må bruke det til rett tid og på rett måte, helst i noko flest er likestilte i. Noko som ikkje gjer nokon til "taparar". Det er viktig at ingen føler seg mislukka i det som skjer i klassen, eller dårlegare enn alle andre. Det kan funke i forhold til samarbeidsoppgåver, for å engasjere dei i samarbeidet, men kan få uheldig effekt dersom å vinne blir det viktigaste for elevane.

(revidert 23.04.08)