lørdag 26. april 2008

Skulefrukost på Børtveit

Denne dagen møtte me opp på Børtveit som er eit tidlegare skulebygg som er blitt flytta frå Børtveit og til vårt skuleområde for å bevarast. Det var kanskje i trangaste laget, men det er vel det ein kallast nært og koseleg ;)

Under maten diskuterte me mykje arbeid i ped. fram mot "eksamen" og tidlegare arbeid. Det var veldig kjekt å snakka med folk ein kanskje ikkje har snakka så mykje med tidlegare om praksis og opplegg på skulen. I tillegg fekk me høyre litt om kva for ein kvardag Birgit har, med alle klassane ho har og alle oppgåver ho sit og skal retta til ei kvar tid - og det var ikkje småtteri. Alt ho har fått gjort i forhold til tida er heilt utruleg. Her er det nesten snakk om eit übermensch. Det blei og nemnt at ho kanskje ikkje skal ha oss til neste år, og om det skjer vert eg kjempelei meg. Ho har vore så inspirerande og smilande med ein stå-på-vilje uten like. Eit verkeleg førebilete for oss lærarspirer. Eg vonar ho blir verande hos oss, slik at me kan halde fram med blogg som metode, for den har vore veldig spennande og lærerik. I tillegg har me fått levande og ekte førelesningar med eit uslåeleg engasjement og høg motivasjonsfaktor.

Mot slutten tok me referansemøte i dei fleste faga, sidan alle då likevel var samla, både A- og B-klassen. Me kom gjennom to fag medan me sat der, for her var det mange meiningar, fleire i same retning og fleire synsvinklar. Er mykje forskjellig ein legg vekt på når ein vurderer ein undervisningssituasjon, det er sikkert. Me flytta oss vidare inn på Lille Aud og tok for oss resten.
Etter pausen såg me gjennom alle dei samansatte tekstane, nokon viste første utkast, andre revidert versjon. Det var veldig rart og spennande å sjå korleis andre hadde tenkt og gjort med både bokval, animasjonensbruk, bildebruk, lyd og tekstbruk. Det var ingen som var særskild like, så her var mange tips å få. Det var spesielt kjekt å sjå at nokre hadde valt eldre bøker som utgangspunkt. Med samansatt tekst kan ein gjere bøkene meir aktuell i dag. Det er ein fin måte å presentere bøker for dagens unge. Eg trur dei likar den framstillingsmåten, den er veldig "i tida". Om dette hadde vore brukt meir hadde kanskje ungane høyrt om og interessert seg for fleire bøker enn dei gjer i dag. Det var fleire som viste desse når dei var i praksis, og det fekk dei berre positiv respons på, både frå lærarar og elevar.

Med dette i bakhovudet trur eg absolutt ein kan seie at dette er ei nyttig erfaring å ta med seg. Og dersom me får denne cd-en det har vore snakk om, med alle tekstane på, er det absolutt ein ressurs å bruke i framtida ;)

Her er den endelege versjonen til Mona og meg:

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Ida...
Eg er ikkje noko "übermensch", men har det som alle faglærarane på Høgskulen travelt i eksamenstida, sidan vi brukar å få eksamenane rimeleg tett på slutten av året for dei ulike kulla vi er involvert i. Kjekt at du har likt faget og undervisninga, det varmar. Lukke til med sluttinnspurten!

Birgit :-)

Rebekka sa...

Vil bare si LYKKE TIL helt på slutten :D
Personlig har ikke jeg så store forventninger til denne eksamenen, men jeg gjør så godt jeg kan...
Den matte/ped'n er en hard, kald nøtt... menmen, vi overlever nok :D
På Onsdag skal vi kooose oss :D

Alt kommer til å gå KJEMPE bra :D

Igjen, lykke til :D

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Ida!
Ja, det var ein kjempekoseleg morgon med hadde på Børtveit skule. Kjekt var det også å sjå dei mange samansette tekstane; merkeleg at eit likt utgangspunkt kan få så mange ulike versjonar! Eg trur alle håpar på å få fortsetje med Birgit til neste år, ho har vore ei rein motivasjonskjelde! :)