mandag 31. mars 2008

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Nokre elevar treng spesialundervisning og det kan vera mange grunnar til det. I forhold til desse elevane kan ikkje skulen stille dei same krava for eleven som til andre elevar. Denne undervisninga har utgangspunkt i retten elevar har til tilpassa opplæring. Skulen må ta omsyn til dei mange sidene ved eleven: språket, fysisk og psykisk utrusting, heimebakgrunn og verdiar. Denne form for undervisning gjeld elevar med ei eller anna form for funksjonssvikt og krev at læraren har spesialkompetanse. Funksjonssvikt kan vera:
- fysisk (rullestolbrukar, høyrselshemma, synshemma)
- kognitiv (lese- og skrivevanskar, ADHD)
- kjenslemessig (omsorgssvikt, vanskar i heimen, psykiske problem, mobbing)

Ved hjelp av skuletestar kan ein kartleggje nivå slik at ein kan tilretteleggje undervisningsopplegg for å oppnå best mogleg læringsmogleik for elevane. Testane kan og hjelpe til å diagnosere kognitiv funksjonssvikt og lærevanskar, dette kan sjølvsagt berre nyttast/gjerast av folk med spesialkompetanse. Vidare i forelesinga gjekk me meir innpå dei ulike typane vanskar elevar kan ha, tips til korleis ein kan oppdage og handle i når ein oppdagar noko. Me fekk og høyre om noko kalla dyskalkuli, som er eit anna ord for tallfobi eller matematikkvanskar. Eg hadde aldri høyrt om dette før og syns det verka spennande å lære om, samstundes som det var litt vanskeleg å førestelle seg kvardagen til desse elevane. Eg kan tenkje meg at det kanskje er for lite informasjon om dette og at det muligens er mange elevar som har slitt med dette og aldri fått noko diagnose e.l. Og det er jo ikkje bra.

Kort og enkelt oppsummert er det viktig å ha nok informasjon om vanskar elevar kan ha, slik at ein kan oppdage det tidleg og få ein diagnose. Når ein har fått det må ein lage til eit opplegg som kan fungere slik at eleven får best utbytte av undervisninga. Som lærarar vil me helst sjå elevane våre lukkast i det dei ynskjer, og difor hjelpe dei på vegen der til med det me kan. I ein slik prosess blir samarbeid mellom skule, elev og heim svært viktig. Difor er kommunikasjon og dialog sentralt heile vegen. Me som lærarar må hjelpe til og tilretteleggje for at eleven skal få den opplæringa han/ho har krav på.

3 kommentarer:

MALIN E. KRAKK sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
MALIN E. KRAKK sa...

Hei Ida!
Du har summert opp refleksjonane dine godt også kring dette emnet.Har du sett på/fordjupa deg i nokre av lenkjene Birgit har lagt ut om dette emnet?

Ida H. sa...

Eg har diverre ikkje fått kikka så veldig mykje, men har på nokre av desse om dei ulike vanskane elevar kan ha på skulen. T.d ADHD og Lese-og skrivevanskar. Eg syns det er interessant å vete om.