mandag 31. mars 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Denne dagen byrja med ei PowerPoint framsyning om sjølvbiletet. Her me fekk presentert eg-et og meg-et, der eg-et er det ubevisste og subjektive (eg er den eg er) og det er utgangspunktet for ein persons handlingar/motivasjon. Meg-et er det bevisste og objektive, med biletet ein har av seg sjølv. Når me blir bevisst på noko me vanligvis gjer ubevisst, endrar eg-et seg til meg-et.

Etter litt diskusjon rundt tema skulle me gå i grupper. Litt same opplegg som sist, total grupper på 4, men berre to og to saman ved lesing av stoffet. Når me satt oss saman etterpå skulle me diskutere denne problemstillinga:

har den norske skulen eit kjønnsproblem?

Etter mykje diskusjon kom me fram til at den har eit kjønnsproblem fordi:
- jenter og gutar presterer ulikt.
- kjønnsidealene øydeleggjer for likestilling.
- Jentene sine forventningar til prestasjonar er mykje lågare enn gutane sine.

Dette er ting som har mykje å seie for elevane sin skulekvardag. Når gutane scora høgt på prøvar begrunna dei det med at dei var flinke, medan jentene skulda på flaks eller enkle oppgåver. Når dei fekk dårlege resultat, skulda gutane på uflaks eller andre medan jentene sa dei var for dårlege eller kunne for lite. Dette har eg aldri tenkt over, men eg kjende meg litt att i den statistikken. Eg forventar som regel at det går dårlegare på prøvar enn det faktisk gjer, eg gjorde det særskild på ungdomsskulen i alle fall.

Så kan ein jo spørje seg kvifor det blir slik, og ein kan neppe nekte for at media og samfunnet si framstilling av kjønnsrollene påverkar, måten læraren behandlar elevar, kva lærarar forventar av elevane. Kanskje trur jenter dei ikkje er gode fordi dei sjeldan får ros, det er ofte dei elevane som plutseleg gjer arbeid som får det (ofte gutar). Jentene er på ein måte allereie forventa at skal vera flinke. Haldninga "alle jenter er flinke" kjem synleg fram av og til. Er alle jenter flinke? Fins det ikkje flinke gutar? Kvifor skal jenter kunne vera flinkare enn gutar? Er det medfødt?

Motivasjon


Denne dagen fekk me ein kort presentasjon av tema på starten av dagen. Så vart me inndelt i grupper på to og to som skulle lese gjennom nokre sider, for og så etterpå setje seg saman med ei anna gruppe på to etterpå som hadde lese ein anna del, for å så fortelje kvarandre kva me hadde lese, og diskutere tema. Fordi antallet ikkje gjekk heilt opp i den avanserte gruppeinndelinga som vart vist på tavla, kom eg i ei gruppe på totalt tre stykker, og me hadde difor ingen å setje oss saman med etterpå dersom det skulle gå opp. Det førte til at me sat berre oss ilag og måtte lese alle sidene sjølve, då blei det litt lite tid til diskusjon for det var ganske mange sider. Me fekk laga spørsmål til stoffet og la det ut på fronter.

Eit av spørsmåla var: kva er skilnaden på indre og ytre motivasjon?

Indre motivasjon er det ein kallar "naturleg" motivasjon. Det er indre krefter som t.d behov eller vilje som er grunnlaget for motivasjonen. Her er det aktivitet for aktivitet si skuld, t.d ein som likar å spela fotball gjer det, ikkje fordi han vil nå ei mål.

På den andre sida har me ytre motivasjon som er når ein gjer noko for å oppnå ei belønning eller for å nå eit mål, her er ikkje aktiviteten for å nå det viktig. Til dømes når ein elev puggar til prøve for å oppnå gode resultat, slik at han kan få mogleiken til eit attraktivt studium seinare. Samstundes kan det og vera at ein gjer det ein må, fordi ein er redd for straff dersom ein ikkje gjer det.

Dette er sjølvsagt ting ein må vite om når ein skal prøve å motivere elevar. Den aller beste for eleven si skuld er sjølvsagt den indre. For når ein likar noko følger ein meir med og er meir nøye på kva ein gjer, noko som gjer at det ein lærar blir verande. Dersom ein berre puggar for å få gode resultat kan det vera at det ein kunne rett før prøven, er gløymt så snart den er over. Og på lang sikt vil ikkje dette vera gunstig.

Prestasjonsmotivasjon er basert på eleven sitt ynskje om å prestere noko som er bra i forhold til eit kvalitetsforhold. Det ein form for indre motivasjon, for ein gjer ikkje noko for å nå ei belønning eller eit mål, men fordi kjensla av meistring gir eleven tillit til seg sjølv og sine evner. Det er og viktig for eleven å få anerkjenning og respekt frå medelevar og læraren. Kjensla av å ha lukkast driv eleven til å strekkja seg etter meir. Det som er bakdelen her er at desse elevane er og veldig redde for å mislukkast, og gjer alt for å unngå det.

For å unngå at elevar føler at dei ikkje har lukkast, er det viktig at læraren er kjenner føresetnadene til eleven og gir han/ho oppgåver utfrå desse (tilpassa opplæring). Det er og viktig at eleven får positiv respons på den han/ho har gjort, uansett korleis arbeidet er gjort skal fokusen vera på det positive. Dersom ein legg for mykje vekt på det som kunne vore betre (som er "dårleg" slik eleven ser det) vil eleven kanskje føle at ALT var dårleg og at han/ho har mislukkast, og då vil han/ho kanskje ikkje vera motivert til å prøve att i frykt for å mislukkast "igjen".

Etter denne økta fekk me og eit innblikk i kor vanskeleg det kan vera å organisera eit slikt gruppearbeid, med alt frå inndeling av grupper, kva sider kva gruppe skulle lese, kven som skulle gå saman, kor ein skulle vera, kor lang tid det tek osv. Og konklusjonen er at det er ikkje enkelt i det heile tatt. Særskild ikkje i ein så stor klasse som me er når me er samla alle. Det hadde kanskje vore litt lettare dersom me var ferre?

(revidert 25.o4.08)

lørdag 22. mars 2008

Punktpraksis på Langeland 22. jan.


Ja, så var den dagen over. Og eg trur eg kan sei at den vart vellukka. Me var litt nervøs for korleis det skulle gå med tida, responsen frå elevane og liknande faktorar, men det gjekk over all forventning. Elevane var svært mottakelege.

Som tidlegare nemn slo oss to gruppene på 5. trinn oss saman til ei stor gruppe. Det gjorde at me blei sju stk. Me skulle har tre stasjonar, så me fordelte oss to og to (og tre på ein stasjon). Elevane blei delt inn i tre grupper som praksislærarane hadde laga og gjekk frå stasjon til stasjon etter ei viss tid var gått. Noko me var veldig spent på om kom til å passe. Då me planla fann me ut at me måtte flytte og korte ned nokre av pausane for å få det til å passe. Me var usikre på korleis det kom til å bli motteken, men det gjekk bra.

Sidan me studentar var fordelte på stasjonar me hadde ansvar for, fekk me ikkje sjå korleis det fungerte på dei andre stasjonane, noko som var litt synd. Eg var saman med Kari og Mona, og me tok føre oss tekstbehandling i Microsoft Office. Elevane sat med kva sin pc. Først demonstrerte me korleis ein skulle gjere ting på Smartboarden, og så fekk dei jobbe sjølvstendig med oppgåver. For dei som vart tidleg ferdig hadde me og ekstraoppgåve slik at dei skulle alle vera sysselsette. Det var heldigvis ingen tekniske problem og elevane var interesserte og engasjerte, noko som gjorde vår jobbe mykje enklare og kjekkare.

På slutten av dagen gjekk klassane til sine klasserom og då tok me ei lita oppsummering der elevane kunne få ytre seg om kva dei hadde lært, kva dei syns var kjekt og ikkje kjekt. Det var absolutt flest positive tilbakemeldingar og det verka som dei meinte dette var både nyttig og kjekt, og det var jo det me vona. Me fekk og bekrefte at dei hadde lært noko nytt.

Alt i alt var dagen vellukka, og absolutt verdt arbeidet me hadde lagt i det.

Dersom me ikkje hadde vore så mange som me var, hadde det nok blitt ein del annleis. Hadde ein vore to lærarar, noko dei var vanlegvis i vår klasse, kunne ein hatt halv klasse med eit opplegg i klasserommet og andre halvdelen eit anna opplegg (t.d i mediateket). Sidan me hadde fleire stasjonar, hadde det sjølvsagt krevd meir tid, og kanskje vore litt vanskeligare med tanke på nok pc-ar til alle, i så fall kunne dei kanskje vore to og to på kvar pc. Det veit me dei hadde gjort tidlegare når dei har hatt slik undervisning. I ein heil klasse med berre ein lærar er det nok mykje vanskelegare å få til. Det blir fort mykje bråk og mas dersom 28 elevar skal få beskjedar og hjelp samstundes. Det er vanskeleg å rekke over og hjelpe alle elevane og det går utover utbyttet elevane har av opplegget. Kanskje går det an dersom ein har fått klassen heilt med på det, og har reglane klare for toleranse av bråk, slik at dei passar på at kvarandre følgjer med, og hjelper sidemannen. Dersom alle samarbeidar som eit team, skal det ikkje vera umogeleg. Risikoen er at ein elev kan finne på å tulle, og dermed øydeleggja for alle andre og skape dårleg stemning.

(revidert: 28.04.08)

Planlegging av punktpraksis (14. jan.)

I dag byrja me å planleggja punktpraksisen, som er ein dag ute på Langeland der me skal ha eit opplegg som går på IKT-bruk. Mi gruppe i praksis hadde avtalt med gruppa i parallellklassen på 5. trinn at me skulle jobbe saman, slik at begge klassane fekk same opplegget. Det vart ei stor gruppe, men eg trur det skal bli løyst slik at me får mest mogleg ut av det.

Før me kunne setje skikkeleg i gong var det eit par ting me trengte å vite. Me visste ikkje kor mykje IKT-bruk dei hadde hatt, eller kva innanfor IKT dei hadde hatt evt. kva dei trengte. Ein anna ting var sjølvsagt korleis ting kunne løysast praktisk, til dømes om det var pc-ar til alle elevane og om det var mogleik å vise ting på storskjem. Dette kan me spørje om når me skal møte praksislærane seinare i veka, men før det må me ha eit forslag som er mogleg å justera etter respons frå dei.

Foreløpig ser det ut som me deler oss i stasjonar, med to-tre studentar på kvar stasjon. Opplegget på dei tre stasjonane treng ikkje å ha direkte med kvarandre å gjera, men skal ha ein slags raud tråd som bind dei saman. Nettvett er eit av orda som tidleg blei foreslått som tema. Det sit nok i bakhovudet etter økta forrige gong. He he. Eg trur at dette kan bli eit bra opplegg som også er nyttig for elevane.

Observasjon før punktpraksis

Denne dagen skulle me vera med ute på praksisskulen og sjå korleis dei brukte IKT i kvardagen, slik at me kunne få nokre tips før me skulle gjere det. Eg stilte opp med eit opent, men forvirra sinn. Kva skulle me denne dagen? Læra om korleis dei brukar IKT?

Første timen sat alle elevane på kvar sin pc, og skulle lage seg teikneseriar i programmet Cartoonist. Læraren viste dei døme på Smartboarden som var kobla til pc-en. Han spurde dei om korleis dei kunne gjere ulike ting innpå programmet og elevane svarte ivrig. Det var tydeleg at dette hadde dei fått med seg sjølv om dei ikkje hadde halde på med det mange økter før. Når han hadde fått oppsummert, fekk elevane arbeide på eiga hand. Mot slutten av timen fekk nokre av elevane visa fram kva dei hadde gjort på Smartboarden.

Dette var heilt nytt for meg, så eg meinte det var spennande. På ei anna side skjøna eg ikkje heilt den faglege relevansen, men eg antar at det er den digitale dugleiken som er i sentrum her og ikkje noko anna fag. Etter denne økta sat me framleis inne i timane deira, sjølv om det dei gjorde ikkje hadde noko med IKT å gjere. Og det er her forvirringa kom inn, for eg fekk inntrykk av at me skulle få ein demostrasjon av korleis ein kan bruke IKT i ulike samanhengar, og dette var jo berre EIN måte.

Etter elevane fekk gå for dagen, sat me på lærarrommet og venta på fellesmøte kl.14.00. Der fekk me utdelt Langeland sin IKT-plan, og fekk ein gjennomgang av den. Denne vil sjølvsagt vera nyttig når me skal planleggje sjølv, men resten av dagen føler eg ikkje hjalp så mykje. Eg trudde me kom til å få fleire tips om bruken av IKT og sjå korleis det fungerer, men slik var det altså ikkje. Difor vil IKT-planen deira, supplert med Kunnskapsløftet vera vårt utgangspunkt når me skal laga opplegg for elevane.

tirsdag 12. februar 2008

torsdag 10.januar

Denne økta var eg diverre ikkje til stades, men fekk via medelevar vite kva det vart snakka om. Eg har og difor på eiga hand lasta ned og leika meg med movie maker og Pivot strekanimasjon, etter ein liten demostrasjon av medelevar. Eg fekk sjå ferdige produkt, og korleis det vart laga. Kva skulle ein gjort uten hjelpsomme medelevar? =)

Born og nye medium (7.januar)

Denne økta fekk me høyre om born og nye medier, med særskild tanke på datamaskinar og internett. Her gjekk me innpå chatting, nettvettreglar, mobil, bildebruk på nettet og mykje meir. statistikkane var noko overraskane. Det er rart at så få foreldre fylgjer med når borna sit på chattesider og pratar, med tanke på kva som kan kome ut av ein slik samtale. Det er utruleg kva folk får seg til å spørje om, det fekk me sjå då Ane viste oss på storskjerm kva spørsmål ho fekk då ho logga seg inn som "Linn 16". Sperrene er mykje mindre over ein slik chatt, det er ikkje som å snakke med nokon ansikt til ansikt. På nettet lyg dei fleste.

Etter dette merkar eg sjølv at eg er blitt meir obs på kva t.d min eigen bror held på med på nettet, kva for sider han er innpå, og kva informasjon han oppgir. Eg har det i bakhovudet heile tida. Etter Ane viste oss den chatten tenkte eg at eg skulle prøve det same, noko som hadde mykje liknande resultat. Eg hugsar sjølv og tilbake til ungdomsskulen når eg sat og chatta på nokre spelesider. Det var mykje rart som blei spurd om, og eg var innpå for å spele, så eg vart ganske sjokka. I den alderen er det ikkje lett å vite korleis ein skal reagere, difor er det viktig å opplyse ungar om kor viktig det er å verne om privatlivet sitt.