torsdag 8. november 2007
Undervisningsplanlegging
I forelesinga kom forklaringar av ordet "didaktikk" fram, noko eg kanskje følte eg hadde høyrd før. Var mange ord som teser, læringsmål, rammefaktorar og relasjonsmodell som ikkje sett seg heilt med ein gong, men som ein skjønnar at likevel er viktig for god planlegging. Å prøve å planlegge sjølv som ei praktisk øving funkar betre for meg, og det fekk me jobbe litt med sjølvstendig og.
Midt i denne planlegginga hadde me ei bibliotekøkt der me fekk vist sider å søke på for å finne tekstar eller bøker som er relevant for tema i skulen. Denne var svært nyttig, eg hadde nok ikkje kome på å bruke deira side elles. Som dei fleste andre brukar eg Google når eg først er brukar internett som kjelde, men ein må sjølvsagt ta det ein finn med ei klype salt. Det kan vere kven som helst som har lagt ut "fagstoffet".
Snart er det praksis, og etter møte med øvingslærar ser eg lyst på det. Einaste er sjølvsagt den store innleveringa som kjem til å henge tungt over skuldrene mine, og praksismappa. Det vert ganske mykje ein må tenkje på medan ein skal sjølv planlegge undervisning og vere førebudd til ei kvar tid. Vonar det går bra likevel, men kjem nok til å kjenne stresset presse på mot slutten av praksisperioden.
Når det gjeld planlegging er det mange grunnar til at det er viktig, mest med tanke på utbyttet eleven skal få av undervisninga. Det er viktig å kome godt førebudd til timen og ha ein plan, gjerne og ein plan B (evt. kriseplan) dersom noko skjer slik at ein ikkje kan halde seg til den opprinnelege planen. Om ein ikkje har det, vert ein ståande heilt tom, og borna vert forvirra og urolege. Det er og viktig at det er ein samanheng mellom fagstoff, elevane sine føresetnader, deg som lærar sine føresetnader. Det du tenkte på førehand og det som skjer i timen skal samsvare mest mogleg. Det skal igjen føre til at det vert ein samanheng mellom det du tenkte elevane skulle få ut av opplegget, og det dei fekk ut av det. Slikt kan ein teste i ettertid og vurdere, for å vete om det verkeleg blei slik som det var tenkt. (jmf. den didaktiske relasjonsmodellen).
(revidert: 28.04.08)
lørdag 3. november 2007
oppsummering + datahjelp
Då me var ferdig med det forflytta me oss til datalaben og fekk lære om korleis me skal setje opp den innleveringa me skal ha ferdig etter praksis. Her blei det mykje info på kort tid, men som er mykje hjelp i. Eg hadde nok aldri kome på å gjere det slik på eiga hand, så det var interessant å sjå korleis det skulle vere. Eg føler kanskje at eg kjem til å spørje eller sjekke den linken på fronter på eit seinare tidspunkt, for infoen fekk ikkje heilt tid til å synke inn. Det blir litt for mykje å ta inn når det er så ulikt måten ein sjølv gjer det, men det går seg sikkert til.
Eg er svært spent på korleis det kjem til å gå med innleveringa, vart satt ut då eg såg antall sider som burde vere med. Minnar om særemne i norsk/musikkorientering frå vidaregåande, berre at då kunne me samarbeide, her skal skrivinga vere individuell. Er og litt stressa fordi min eigen pc er på "sjukehus" framleis og ikkje kjem til å vere i orden til dette skal skrivast, men eg vonar det går greit likevel. ;)
fredag 26. oktober 2007
framsyning av læringsteoriar
Eg syns det var svært spennande å sjå kva dei andre gruppene hadde lagt vekk på og korleis dei fekk det fram. Det var lærerikt og underhaldande samstundes. Eg visste på førehand at mange hadde planar om kreativ framsyning, noko som gjorde meg meir nervøs for vår eiga framsyning som ikkje var like "spennande"som til dømes film, men det gjekk fint. Eg tenkte at dersom alle hadde laga film, hadde det ikkje vore like spennande. Kvifor då ikkje vanleg foredrag? Då eg såg dei andre gruppene fekk eg og idear og inspirasjon til framtidige prosjekt. Det var mange måtar å få fram eit bodskap på, og me kan alle lære av kvarandre. Det tvilar eg ikkje på.
Det vert bra med oppsummering av framsyningane neste måndag, sidan det vart så mange inntrykk på ein gong der og då. Kanskje var det ikkje alt ein fekk med seg eller ikkje forstod, som ein gjerne vil vite. Eller kanskje ulikt syn ein vil diskutere litt?
oppgåve om læringsteoriar
tirsdag 2. oktober 2007
Korleis leia basisgruppa

Denne måndagen starta me med å gjennomgå dei ulike arbeidsmetodane me hadde fått i oppgåve å finne ut noko om. Sjølv om det var mange ulike framsyningar, verka fleire av dei ikkje så ulike kvarandre. Dei fleste metodane krev at læraren gjer førebuande arbeid, men nokre mykje meir enn andre. Til dømes Storyline, som eg hang meg opp i. Det verka som ein svært spennande oppleving for elevane, eg har sjølv ikkje hatt ein lærar med slik kreativitet, men har veldig lyst å bli ein.
Etterpå gjekk me meir innpå andre ting ved lærarrolla. Det er tydeleg at det er eit svært omfattande yrke, med mange ting å ta hensyn til. Det eg syns er mest utruleg (og skremmande) er kor stor viktig alt lærarar uttrykker seg om er for elevane. Kor store rollemodellar dei faktisk er for elevane og kor mange som meiner noko om korleis dette bør vera. Ein ser diskusjon etter diskusjon og alle har ei meining, og dei som seier noko er sjeldan positive. Eg trur ikkje mange veit kor mykje det og vere lærar inneber, dei ser berre alle feriane og kjem då fram til at det er eit enkelt yrke.
Ein skal ikkje vere for snill, men heller ikkje for streng. Ikkje for mykje fagleg stoff, men heller ikkje for mykje "kos". Stimuler, men og krev. Ha struktur, men gi og fridom. Slike kriteriar gjer det ikkje enkelt å vete korleis ein skal vere, men ein middelveg er vel noko å strekka seg etter. Eit nøkkelord når det gjeld undervisning er variasjon. Ungar syns fort det vert "keisamt" og vert urolege, grunnar til dette kan vere mange. Ungar har tilgong på mykje teknologi som dei driv med heile dagen, og sit sjeldan i ro utan å gjere noko. Eg trur det er lurt å finne tidleg ut korti på dagen det lett blir uro, til dømes ved fagskifte, og så finne ein struktur på korleis desse skal gjennomførast, slik at elevane veit kva dei skal gjere og korleis for å skape flyt i klasserommet. Ein metode eg såg var teljing, då visste alle elevane kor langt læraren kom til å telje og at dei måtte vera klar i løpet av den tida. Det viste seg å vere svært effektivt, sjølv om det kanskje blei litt meir bråk og stress før roen kom. Ein anna variasjon var å organisere kven som gjekk i hyllene til ei kvar tid, og ved for mykje støy, slo læraren på eit triangel og då visste dei at dei måtte vere stille. Begge desse metodane fekk elevane til å minne kvarandre å vere stille slik at det gjekk fortast mogleg.
Det er tydeleg at dette er eit krevande, men givande og spennande yrke. Om ein passar til det er vanskeleg å seie før ein har prøvd, men nokre berre veit at det er dette dei skal. Eg har trua på at dette blir ei erfaring å ta med seg uansett kva ein finn ut, men vonar sjølvsagt det beste.
revidert 17 okt. 07
tirsdag 11. september 2007
Observasjon (+observasjon i praksis)
Det som er viktig - og vanskeleg - er å vite kva ein skal sjå etter og ikkje sjå etter. For å kunne vise empati, må ein forstå elevane, det kan sjølvsagt bli utfordrane sidan alle er ulike. Eg trur at ein ser etterkvart kva som er viktig, og at samtale med dei andre i praksisgruppa undervegs kan vere til stor hjelp, både for ein sjølv og dei andre. Me får berre notere undervegs og så samanlikne og fjerne unødvendig observasjon før me skriv i Loggbok. Samarbeid med praksislærar, elevar og medstudentar ser eg på som nøkkelen til best mogleg forståing.
Ein minuttobservasjon kan lett bli kaotisk, så dersom ein skal bruke det er det viktig å holde hovudet kaldt. Eg ser for meg at det vil gjere at elevane kanskje føle er at me er utilgjengelege, slik at dei ikkje tør å spør om hjelp dersom dei lurer på noko. Det kan sikkert vere lurt å variere kor hyppig noteringen foregår, slik at ein kan delta og. Våre peikepinnar er:
1. korleis er born?
2. korleis er skulen?
Med dette i bakhovudet kastar me oss ut i oppgåva og tenkjer: ein kan ikkje lære noko dersom ein ikkje prøver.
____________________________________________________________
Observasjon i praksis - erfaringar (revidert 28.04.08)
Det vart ingen vellukka minuttsobservasjonar, det blei litt for stressande å få til. Eg prøvde nokre gonger, men blei alltid avbrutt av noko anna. Til å byrje med var det ikkje vanskeleg i den forstand at eg ikkje vart forstyrra, sidan elevane ikkje snakka så mykje til oss då. Dei var litt sjenerte, men samstundes viste det at dei og var nyfikne på oss. Dei kikka og såg ein del, men sa ikkje noko. Det enda hovudsakleg med at eg skreiv ned større ting som skjedde i loggen. Likevel ganske detaljert, men ikkje så detaljert som minuttsobservasjon.
Då eg skreiv tenkte eg ikkje så mykje over kva eg skreiv, berre at eg såg noko eg meinte var viktig der og då. Etter dagen var over sat eg meg og leste gjennom att, og det var eigentleg ganske mykje som stod, sjølv alt kanskje er like relevant. For min del ville eg heller notere litt for mykje enn litt for lite, siden me skulle levere ein oppsummert logg etterpå. Eg la og merke til nokre gonger eg såg ting som læraren ikkje fekk med seg, fordi ho stod med ryggen til. Dette trur eg skjer ganske ofte i dagens skule. Og at det på denne måten lett kan oppstå misforståingar og diskusjonar, som av og til kan resultere i at feil person får skulda for ting.
Med tanke på slike ting er det viktig å ta seg tid til å sjå og høyre. Ein skal og sjå den einskilde elev i skulekvardagen, ein slik logg og observasjon kan hjelpe til å halde oversikt. Ein kartleggje om det er teikn til mobbing eller liknande problem i klassen, kanskje og kven som er leiar, korleis grupperingane er osv. Dette er forhold som er bra for ein lærar å vete om, i tilfelle det ein elev treng hjelp og støtte.
Onsdagen samlast me studentar att på HSH, då fekk me dele med kvarandre kva erfaringar og observasjonar me hadde gjort. Det var litt skilnad på kva me hadde i fokus, så her var det ting å ta med seg.
torsdag 6. september 2007
læraren sitt mandat og netthjelp
Eg må sei at då me såg den filmsnutten om problemløysing, klarte eg ikkje helda latteren inne lengre. Eg er glad ikkje alt blir løyst med ein slik modell. På ei anna side må eg sei at eg likte svært godt diktet av D.L. Nolte (omsett av Andrè Bjerke), det var eit grunnlag å ta med seg i bakhovudet når ein skal arbeide med born.

torsdag 30. august 2007
Ein lærar eg hugsar godt
Ein ny lærar, sa rektor. Det var det einaste eg fekk med med då rektor kom inn i timen til oss ein dag i 9`ande klasse. Alle var spente, for me var ein ganske berykta klasse på skulen. Svært mange blei overkjørt av enkeltelevar og fekk difor ikkje respekt. Så var dagen komen, døra opna seg.
Ho hadde brunt, stritt hår ned til skuldrene. Klesstilen var moderne med friske fargar, svært gjennomført. Ho smilte, og alle dei strålande kvite tennene viste. Klassen blei heilt stille. Astrid heite ho, og etter ei stund gjekk det opp for meg kven foreldra var. Sidan Austevoll er ein så liten stad, kjenner dei fleste til alle, noko som gjer at ein får eit slags forhold til folk før ein kjenner dei. Ho var ung og sprudlande, og det trong ho, for ho hadde teke på seg litt av ein klasse. Ho var eit multitalent, tillegg til alle faga ho hadde kunne ho synge, spele piano og kornett.
Dagane gjekk, og etterkvart som me vart kjend med ho, likte me ho betre og betre. Ho lærde kjapt namna til elevane og fekk vite kven foreldra var. Me hadde ho i norsk, engelsk og musikk (som var det kjekkaste faget eg visste). Ho hadde ein unik måte til å få oss til å følgje med når ho snakka, ho var svært engasjert, men samstundes streng på korleis ting skulle gjerast. Ho sa alltid ifrå om reglar på førehand, slik at ingen misforståingar skulle oppstå. Ho var alltid førebudd, og virka alltid som ho verkeleg trudde på det ho sa. Ho var og flink til å gi ros når elevane hadde gjort noko bra og oppfordra oss til å gi kvarandre også.
Me forelska oss heilt i ho. Dessverre gjekk det ikkje eit heilt år eingong, før magen hennar byrja å vekse og me skjøna at det var ikkje lenge til ho forlot oss. Alle var heilt knust, og eg syns synd på ho som måtte overta, for lista var lagt vanvittig høgt. Eg skal love deg ho fekk gjennomgå og blei samanlikna på alle felt, men klarte ikkje leve opp.
kommunikasjon

I denne samanhengen såg me ein episode av serien ”kroppen”, der me fekk demonstrert korleis folk tolka ulike signal me sender ut med kroppen vår i ulike samanhengar og det var svært interessant (og morosamt). For det er ikkje alle ting ein tenker over at ein gjer, som andre kan legge merke til.
Ein anna ting som blei teken opp er samarbeid. Det er mangen ein må samarbeide me i ein skulesituasjon, til dømes foreldre, andre lærarar, rektor, helsesyster og elevar, og utføringa av dette samarbeidet og kommunikasjonen i mellom partane kan ikkje gjerast likt med alle dei ulike. Altså, måten me kommuniserer i samarbeid på, er ulik etter kven mottakaren er. Det er viktig å vere ”på bølgjelengde”.
Me hadde og mimeleik der me skulle vise klassen eit yrke e.l ved hjelp av kroppsspråk, noko liknande spelet "taushet er gull". Dette er eit spel eg har drive med heime i mange år og syns det er kjempekjekt, særskild når ein blir forstått. Klassen gjetta kjapt kva me var for noko og det tek eit som eit godt teikn. Slike leikar passar for kven som helst, uansett alder. Det som er viktig er å ikkje vere redd for korleis ein ser ut, så lenge folk skjønnar kva du vil fram til.
Kort oppsummert tyder dette at: kommunisèr, gi tilbakemelding og samarbeid for at alt skal fungere og blir forstått slik det var meint. Eit par ting som kan vere lurt å tenkje på er:
"Å vera sint ……
det er lett.
Men å vera sint til rett tid,….
I rett grad,…….
på rett person …….
på rett måte og
av rett grunnn….
…….det er ikkje lett."
(Aristoteles)
Ӂ komme sammen
er en begynnelse.
Å holde sammen
er et framskritt.
Å arbeide sammen
er en suksess.”
Me fekk og presentert metoden blogg. Eg må sei at eg på førehand ikkje hadde noko erfaring eller bakgrunnsstoff om det, så eg visste eg måtte høyre godt etter dersom eg skulle bli klok på dette. Etter informasjonen ser at dette kan verta eit nyttig verktøy. På denne måten kan ein gå tilbake og sjå kva me hadde kvar time, kva eg tenkte og meinte etter og kva som var viktig for meg. Samstundes kan ein og sjå korleis ein har forandra både skrivemåte og evne til å reflektera over det ein har lært. Dette blir spennande.
Eg tok og testen for å sjå om eg var flink til å sjå om det var eit falskt eller ekte smil dei ulike personane viste. Eg hadde ganske mange rette, altså gjennomskua eg dei fleste, men nokre klarte eg ikkje å finne ut om var ekte eller ikkje. Nokre er kanskje flinkare til å "fake" eit smil?
(revidert: 08.04.08)
torsdag 23. august 2007
Kvifor lærar og kvifor HSH?

Den aller største inspirasjonen, som gjorde at eg visste at dette var yrket for meg, var ei ung lærarinne me fekk i 9`ande klasse. Ho var ung og smilande, noko som gjorde til at me såg fram til timane med ho. Me fekk verkeleg inntrykk av at ho brydde seg om oss og hadde tid til oss, samstundes som ho lærte oss noko. Etter eit par veker med ho tenkte eg: ”så gode lærarar er ikkje kvardagskost, sånn vil eg bli”.
Ein anna ting er at eg likar så godt å drive med musikk, og sidan eg ikkje kan leve av å vera utøvar, vil eg gjerne lære andre det eg kan. Med andre ord er det mest musikken som driv meg, men allmennfaga er òg interessante og alltid kjekk og ha. Eg unnar elevar ein god lærar, og det trur eg at eg kan bli.
Kvifor HSH? Vel, sidan eg allereie hadde vore her i tre år på øya og trivs så godt her, kvifor ikkje 4 år til? Vegen heim er kort, eg har slekt her og staden er akkurat passe stor. Og etter møte med klassen er eg enda sikrare på at dette blir ein kjekk erfaring. ;)
onsdag 22. august 2007
veke 34
Ja, så har me kome litt meir i gong med pedagogikkfaget. Har skjønt at ”aktivitet” er eit viktig stikkord å ta med seg i alle faga her. Eg syns det var svært kjekt å treffe ein lærar frå same staden som eg sjølv er frå, Aashild.D.Veivåg. Alltid kjekt med dialektvariasjon blant lærarane.
Faget pedagogikk er nytt for meg og verkar spennande, eg ser fram til dette, særskild psykologidelen. Av den grunn at eg sjølv meiner det er svært viktig å kunne forstå elevane når ein skal leggja opp undervisninga. Faget er nok difor ganske omfattande og krev at ein er førebudd på mykje arbeid, men med så mange kjekke folk i klassen ein kan samarbeide med, skulle ikkje det vere eit så stort problem.
Ps.Hadde ein plan om å leggje inn bilete på profilen min på bloggen, men fekk det ikkje til. Nokon som kan hjelpe? Det hadde vore fint.
mandag 20. august 2007
Presentasjon av Ida

Hei! Eg heiter Ida Haldorsen, er 19 år og kjem frå Austevoll. Eg har nettopp byrja på allmennlærar v/HSH, etter tre år på musikklinja ved Stord vgs.
Eg har alltid hatt stor interesse for musikk og kan spele trombone, althorn og piano. I framtida vil eg lære meg fleire dersom eg får sjansen, for slikt kan alltid brukast seinare. Eg har ei syster, ein bror og ein katt som heiter Elvis. Eg har helgejobb på Esso i Leirvik sentrum og har jobba der sidan november i fjor.
Eg har lenge visst at det var lærar eg skulle bli. Har sjølvsagt vurdert mange andre yrker, men fell alltid tilbake på lærar. Eg ser fram til desse åra på skulen her, har tru på at det blir utfordrande men kjekt.