tirsdag 11. september 2007

Observasjon (+observasjon i praksis)

I øktene på mandag hadde me om observasjon, noko som er sentralt sidan det er det me skal drive med i praksisveka. Det er mange måtar å observere, og ikkje alt ein ser er like viktig å ta med. Det eg tenkjer eg viktig er først og fremst å bli kjend med elevane, i allefall lage oss eit bilete av dei. Sjå på korleis dei jobbar og følgjer med i timen, korleis kommunikasjonen med lærar er osv.

Det som er viktig - og vanskeleg - er å vite kva ein skal sjå etter og ikkje sjå etter. For å kunne vise empati, må ein forstå elevane, det kan sjølvsagt bli utfordrane sidan alle er ulike. Eg trur at ein ser etterkvart kva som er viktig, og at samtale med dei andre i praksisgruppa undervegs kan vere til stor hjelp, både for ein sjølv og dei andre. Me får berre notere undervegs og så samanlikne og fjerne unødvendig observasjon før me skriv i Loggbok. Samarbeid med praksislærar, elevar og medstudentar ser eg på som nøkkelen til best mogleg forståing.

Ein minuttobservasjon kan lett bli kaotisk, så dersom ein skal bruke det er det viktig å holde hovudet kaldt. Eg ser for meg at det vil gjere at elevane kanskje føle er at me er utilgjengelege, slik at dei ikkje tør å spør om hjelp dersom dei lurer på noko. Det kan sikkert vere lurt å variere kor hyppig noteringen foregår, slik at ein kan delta og. Våre peikepinnar er:
1.
korleis er born?
2. korleis er skulen?


Med dette i bakhovudet kastar me oss ut i oppgåva og tenkjer: ein kan ikkje lære noko dersom ein ikkje prøver.
____________________________________________________________
Observasjon i praksis - erfaringar (revidert 28.04.08)

Det vart ingen vellukka minuttsobservasjonar, det blei litt for stressande å få til. Eg prøvde nokre gonger, men blei alltid avbrutt av noko anna. Til å byrje med var det ikkje vanskeleg i den forstand at eg ikkje vart forstyrra, sidan elevane ikkje snakka så mykje til oss då. Dei var litt sjenerte, men samstundes viste det at dei og var nyfikne på oss. Dei kikka og såg ein del, men sa ikkje noko. Det enda hovudsakleg med at eg skreiv ned større ting som skjedde i loggen. Likevel ganske detaljert, men ikkje så detaljert som minuttsobservasjon.

Då eg skreiv tenkte eg ikkje så mykje over kva eg skreiv, berre at eg såg noko eg meinte var viktig der og då. Etter dagen var over sat eg meg og leste gjennom att, og det var eigentleg ganske mykje som stod, sjølv alt kanskje er like relevant. For min del ville eg heller notere litt for mykje enn litt for lite, siden me skulle levere ein oppsummert logg etterpå. Eg la og merke til nokre gonger eg såg ting som læraren ikkje fekk med seg, fordi ho stod med ryggen til. Dette trur eg skjer ganske ofte i dagens skule. Og at det på denne måten lett kan oppstå misforståingar og diskusjonar, som av og til kan resultere i at feil person får skulda for ting.

Med tanke på slike ting er det viktig å ta seg tid til å sjå og høyre. Ein skal og sjå den einskilde elev i skulekvardagen, ein slik logg og observasjon kan hjelpe til å halde oversikt. Ein kartleggje om det er teikn til mobbing eller liknande problem i klassen, kanskje og kven som er leiar, korleis grupperingane er osv. Dette er forhold som er bra for ein lærar å vete om, i tilfelle det ein elev treng hjelp og støtte.

Onsdagen samlast me studentar att på HSH, då fekk me dele med kvarandre kva erfaringar og observasjonar me hadde gjort. Det var litt skilnad på kva me hadde i fokus, så her var det ting å ta med seg.

3 kommentarer:

Cato sa...

Hei Ida.

Ja, det skal bli spennende å komme ut i skolen å observere! Jeg gleder meg litt til det.

Da vi var ute i vrimmelarealet og skulle observere, kunne nok noen med letthet føle seg litt beglodd, og iakttatt. Det er og et poeng med hensyn til dette med minuttobservasjoner av barn om en ikke klarer å være diskrè. En elev vil kanskje ikke føle seg helt vel med en slik situasjon?

Det blir en utfordring det å kunne lage en observasjonsrapport med et "rett" innhold. Men det er jo som du sier selv:"ein kan ikkje lære noko dersom ein ikkje prøver" og det har du nok helt rett i.

Det er også vedig bra at du peker på dette med samarbeid.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, då har du vore ute i "felten" og prøvd ut det å føra din eigen logg og å bli kjend med ungane i praksisklassen. Nokre utfordringar i så måte?

Birgit :-)

Håvard Haga sa...

Eg er enig i kor skeptisk du er til minutt observasjon denne første veka Ida.
For å "forstå" elevane, og bli meir kjende på dei, kan me ikkje stå bak og notera som nokre kaniner i 50 minuttar. Då vil ikkje elevane sjå oss.
Syns og at det er viktig og få med at korleis elevane oppfattar oss er uhyre viktig.
Det å møte dei med augekontakt, vera "barnlige" når det er naudsynt, og vera hjelpande og synleg.