Eg må sei at då me såg den filmsnutten om problemløysing, klarte eg ikkje helda latteren inne lengre. Eg er glad ikkje alt blir løyst med ein slik modell. På ei anna side må eg sei at eg likte svært godt diktet av D.L. Nolte (omsett av Andrè Bjerke), det var eit grunnlag å ta med seg i bakhovudet når ein skal arbeide med born.
Mot slutten av dagen viste Birgit oss korleis me kunne bruke nettet for å oppnå best mogleg resultat. Eg vart fascinert over Google Earth, og har lasta det ned idag og leika litt innpå. Det var morosamt å kikke på heimstaden, kan bruke denne når eg lengtar heim no. Eg noterte ned alle dei kjekke nettsidene som vart nemnt i løpet av timen, for dei verka enkle i forhold til dei eg har brukt tidlegare. No har eg verkeleg trua på betre resultat, synd ingen viste oss desse sidene på ungdomsskulen. No tenkjer eg ikkje på desse sidene med spel og oppgåver for småskulen og mellomtrinnet, dei kan vere kjekke når me skal i praksis eller når me er ferdig her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar