lørdag 3. november 2007

oppsummering + datahjelp

Denne dagen starta med dei to siste framsyningane av læringsteoriar, før me oppsummerte dei ulike retningane i fellesskap. Me fekk då plassert namn på teoretikarane og kva dei står for oversiktleg, slik at me alle kan hugse retningar med sjølv ikkje hadde om også. Dette var til stor hjelp for å kunne litt om alle retningane. Det blir ofte slik med gruppearbeid at ein kanskje berre lærer det ein sjølv har jobba med (basert på eiga erfaring), difor er ein slik oppsummering svært viktig.

Då me var ferdig med det forflytta me oss til datalaben og fekk lære om korleis me skal setje opp den innleveringa me skal ha ferdig etter praksis. Her blei det mykje info på kort tid, men som er mykje hjelp i. Eg hadde nok aldri kome på å gjere det slik på eiga hand, så det var interessant å sjå korleis det skulle vere. Eg føler kanskje at eg kjem til å spørje eller sjekke den linken på fronter på eit seinare tidspunkt, for infoen fekk ikkje heilt tid til å synke inn. Det blir litt for mykje å ta inn når det er så ulikt måten ein sjølv gjer det, men det går seg sikkert til.

Eg er svært spent på korleis det kjem til å gå med innleveringa, vart satt ut då eg såg antall sider som burde vere med. Minnar om særemne i norsk/musikkorientering frå vidaregåande, berre at då kunne me samarbeide, her skal skrivinga vere individuell. Er og litt stressa fordi min eigen pc er på "sjukehus" framleis og ikkje kjem til å vere i orden til dette skal skrivast, men eg vonar det går greit likevel. ;)

1 kommentar:

Gunnar sa...

Hei.

Er eg som er din kritiske ven for november.

Ser du har skrive at ein ofte lærer mest om det ein arbeider med sjølv og det er eg einig i. Men kva med framføringane av dei andre gruppene. Fekk du noko utbytte av å høyre på dei? Elles må eg sei meg enig i at datalabøkta var nyttig, og det nok er mange tips å triks som kan vera nyttige i samband med oppgåva me skal skriva. Trur ikkje det er noko grunn til å vera stressa med tanke på den. Får jo ei vurdering av innhaldet på det me leverer inn i desember. Så er det høve til å forandra på den etter dette. Eit tips kan vera å skrive om noko som engasjerer deg. Da føler i alle fall eg at sidene fyker.

Mvh. Gunnar