onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Så har me kome til endes av dette året i faget Pedagogikk. Det har vore spennande og lærerikt på mange måtar. Det er den faglege sida, med alle undervisningsøkter og oppgåver. Me har fått prøve ut fleire arbeidsmetodar og sett korleis det kan organiserast. Me har lært om teoretikarar og metodiske retningar som me kan sjølv bruke når me er ute i praksis. Me har ved mappeoppgåver fått sett oss inn i korleis motivasjon, matematikkundervisning og samansatte tekstar kan gjerast.

For min del meiner eg at har lært veldig mykje av praksisperiodane og har teke til meg all tilbakemelding, både det positive og dei tinga eg kan forbetre meg på. Eg har verkeleg prøvd å gjere noko med det òg. Ein av tinga eg fekk beskjed om var at eg snakka veldig lavt, på den måten forsvann stemma mi til tider når eg stod framfor klassen, og elevane fekk ikkje alltid med seg alle beskjedane eg gav. Eg har og lært kor viktig det er å planleggje, ha ein original plan, ein plan B og også kanskje ein ”kriseplan” i tilfelle alt går skeis. Heldigvis har ikkje alt gått heilt skeis, men mange gonger ikkje slik eg planla, det tok eg til meg og gjekk gjennom opplegget mitt for meg sjølv og med gruppa mi (+praksislærar) og fann ut grunnane til at det ikkje fungerte, slik at eg kunne rette det opp. Eg har fått sett teamarbeid og planleggjing i praksis, og kva som må til for at det skal fungere. Praksislærar(ane) har vore til god hjelp, og har aldri vore vanskelege å spør om noko. Det verkar som dei verkeleg vil vårt beste, og måtte ofte vera den kritiske, sidan responsen frå gruppa ikkje alltid var dekkjande. Den beste opplevinga var nok samtalen etter siste praksisperiode. Eg følte eg hadde jobba veldig hardt for å utvikle meg og få til variasjon osv, og når eg fekk tilbakemelding var det verdt det. Det var ein skikkelig opptur, og det var godt å høyre når eg i etterkant var så sliten som eg var. I tillegg har responsen frå ungane vore god, og eg merkar at eg har verkeleg brydd meg om dei. Det er rart kor knytta ein blir til dei på den korte tida, men trist då me skulle forlate dei var det. Eg kunne gjerne ha blitt det mykje lengre.

Eg tenkjer og at mykje av det eg har lært vert gjenspegla i innlegga mine her i bloggen, og den er eg veldig glad for at eg har. Eg har ikkje alltid vore like kjapp å leggje ut innlegga, men heller ikkje latt det gå altfor lenge. Det er er særskild glad for no etter alt arbeid med revidering av innlegg og siste inspurt med dei nyaste. Hadde eg hatt enno fleire, hadde eg blitt ufatteleg stressa. Eg hatar å ligge etter med arbeid og vil helst ha oversikt over ein kvar situasjon. Eg trur det er gode eigenskapar å ta med ut i skulen, sjølv om eg kanskje ikkje kan vete alt gir det meg motivasjon til å ta til meg all informasjon eg kan få. Faktumet at ein kan gå tilbake og sjå kva ein har tenkt i byrjinga av året og interessant. Det er rart å sjå korleis meiningar og tankar har forandra seg og kanskje skifta synsvinkel til tider. Eg syns at blogging er ein god metode, og gir oss som studentar mange mogleikar. Eg var nok ein betre kritisk ven i byrjinga av året, og det trur eg har noko med alt anna arbeid som har vore no å gjere. Eg har lese innpå mange bloggar, sjølv om eg ikkje har kommentert dei alltid, eg syns det er interessant å sjå kva andre legg vekt på og hugsar frå timane. Til tider og nokre tankevekkjarar. Den har og ”tvunge” meg til å setje meg inn i stoff og setje ord på det eg har lært sjølv, og slik trur eg verkeleg ein lærer godt.

Eg føler eg har lært mykje om meg sjølv som person også. Skilnaden frå første til siste praksisperiode er stor. Eg er meir trygg på det eg gjer, at eg tenkjer rett og eg har verkeleg fått prøvd ut mine kreative sider, noko eg i utgangspunktet ikkje trudde eg hadde. Eg har lært om meg sjølv som samarbeidspartnar. Me har mest jobba i praksisgruppene på større oppgåver, men i vanleg undervisning har det blitt variasjon. Eg trur det er veldig bra for oss, slik lærer me oss å tilpassa oss andre ulike menneske. Me er alle forskjellige, og desto fleire ”typar” folk ein har prøvd å arbeide med, desto meir veit ein kva som må til for at det skal fungere. For i skulekvardagen når me er ferdig vel me ikkje kven me får jobbe med, den kan vere kven som helst. Eg meiner sjølv eg er ganske tilpassningsdyktig, men har sjølvsagt dårlege dagar som alle andre. Eg prøver alltid å ikkje la det gå utover nokon rundt meg, ved å teie ;) Heller det enn å skape dårleg stemning, når det er heilt unødvendig. Eg trur og eg har eit godt auge for å sjå mogleikar og ting som kan gjerast annleis i undervisningssamanheng, og gir tipsa vidare. Eg har verkeleg prøvd å vere ein støttespelar for gruppa mi, samstundes som eg måtte tenkje på kva eg sjølv skulle gjere til ei kvar tid.

Når det gjeld mappeoppgåvene, ser eg absolutt verdien av den type øving. I forhold til motivasjonoppgåve, skulle eg ynskje temaet blei teke for seg meir av lærar og mindre som sjølvstudium. Eg hugsar best det eg får fortald og meiner at dette er eit for viktig tema med tanke på praksis og vidare uti skulen, til at eg ikkje skal få med meg alt som er viktig. Eg trur eg har fått med meg mykje likevel, men kankje ikkje heilt metodisk nok. Slik at eg klarar å setje fingen på korleis eg kan gjennomføre det i praksis. Har hjulpe ein del å kunne kikke på kva andre har skrive å bloggen sin på slike tidspunkt. For å sjå korleis dei har fortstått det dei har lest. Det har og vore veldig spennande å få utvide datakunnskapene mine, slik som me har fått mogleiken til i dette faget. Arbeidet med den samansatte teksten har vore kjekt og lærerikt, samstundes som eg meiner den kan brukast seinare i undervisning. Ein slik presentasjon av ei bok er alltid kjekk å ha. Difor gler eg meg til eg får CD-en med alle dei andre på, for dei har gjort mykje annleis, og kanskje har eg nokre tips å henta der til neste gong.


Eg ser og at synet mitt på korleis undervisning kan gjerast har forandra seg mykje. Eg har vore vane med og likt godt tavleundervisning, særskild med tanke på KRL og matematikk ser eg endringar. Eg likar å blir fortald stoff, og det har eg sett at elevane i praksis også gjer. I allefall forteljingsmetoden var populær då eg brukte den om påske i KRL. I dei to faga nemnt ovanfor har eg hatt vanskeleg for å sjå nye måtar å gjere ting på tidligare, men er no veldig open for andre ting. Eg ser potensialet og mogleikane som finst i faga, og tek det vidare med meg til neste praksisperiode. Det er så mykje meir ein kan gjere ut av undervisninga for å fange merksemda til elevane, og få dei til å like det. Haldningar til faga som ”keisame” kan endrast, det ein sjølv som må avgjer kva ein vil gjere ut av det. Sjølvsagt er desse metodane mykje lettare å få til når ein er fleire lærarar, og det er ein ikkje alltid. Haldningen ein sjølv som lærar har til faget er synleg for elevane, difor leitar eg alltid etter dei positive sidene og fokuserer på det.

Kort oppsummert har eg lært mykje, både om meg sjølv, skulen i teorien, skulen i praksis, medstudentar og lærarar. Eg ser lyst på åra framover og tek med meg all erfaring eg har gjort dette året vidare. Eg gledar meg til eg ein dag skal ut å undervise på ”skikkeleg”, men i første omgang til neste praksisperiode. Då skal me på småtrinnet, som det heitte før, og det blir spennande. Her blir det nok nye metodar og utfordringar som møter oss, så det gjeld å halde hovudet kaldt og ta til seg alle tips og råd ein får. Og kanskje mest av alt, stille med eit opent og positivt sinn. Takk for i år alle som har lest og vore kritisk ven for meg (og motsatt), ha ein strålande sommar!

lørdag 26. april 2008

Skulefrukost på Børtveit

Denne dagen møtte me opp på Børtveit som er eit tidlegare skulebygg som er blitt flytta frå Børtveit og til vårt skuleområde for å bevarast. Det var kanskje i trangaste laget, men det er vel det ein kallast nært og koseleg ;)

Under maten diskuterte me mykje arbeid i ped. fram mot "eksamen" og tidlegare arbeid. Det var veldig kjekt å snakka med folk ein kanskje ikkje har snakka så mykje med tidlegare om praksis og opplegg på skulen. I tillegg fekk me høyre litt om kva for ein kvardag Birgit har, med alle klassane ho har og alle oppgåver ho sit og skal retta til ei kvar tid - og det var ikkje småtteri. Alt ho har fått gjort i forhold til tida er heilt utruleg. Her er det nesten snakk om eit übermensch. Det blei og nemnt at ho kanskje ikkje skal ha oss til neste år, og om det skjer vert eg kjempelei meg. Ho har vore så inspirerande og smilande med ein stå-på-vilje uten like. Eit verkeleg førebilete for oss lærarspirer. Eg vonar ho blir verande hos oss, slik at me kan halde fram med blogg som metode, for den har vore veldig spennande og lærerik. I tillegg har me fått levande og ekte førelesningar med eit uslåeleg engasjement og høg motivasjonsfaktor.

Mot slutten tok me referansemøte i dei fleste faga, sidan alle då likevel var samla, både A- og B-klassen. Me kom gjennom to fag medan me sat der, for her var det mange meiningar, fleire i same retning og fleire synsvinklar. Er mykje forskjellig ein legg vekt på når ein vurderer ein undervisningssituasjon, det er sikkert. Me flytta oss vidare inn på Lille Aud og tok for oss resten.
Etter pausen såg me gjennom alle dei samansatte tekstane, nokon viste første utkast, andre revidert versjon. Det var veldig rart og spennande å sjå korleis andre hadde tenkt og gjort med både bokval, animasjonensbruk, bildebruk, lyd og tekstbruk. Det var ingen som var særskild like, så her var mange tips å få. Det var spesielt kjekt å sjå at nokre hadde valt eldre bøker som utgangspunkt. Med samansatt tekst kan ein gjere bøkene meir aktuell i dag. Det er ein fin måte å presentere bøker for dagens unge. Eg trur dei likar den framstillingsmåten, den er veldig "i tida". Om dette hadde vore brukt meir hadde kanskje ungane høyrt om og interessert seg for fleire bøker enn dei gjer i dag. Det var fleire som viste desse når dei var i praksis, og det fekk dei berre positiv respons på, både frå lærarar og elevar.

Med dette i bakhovudet trur eg absolutt ein kan seie at dette er ei nyttig erfaring å ta med seg. Og dersom me får denne cd-en det har vore snakk om, med alle tekstane på, er det absolutt ein ressurs å bruke i framtida ;)

Her er den endelege versjonen til Mona og meg:

Rettleiing og vurdering

Rettleiing og vurdering blir omtalt som pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremja læring, utvikling og vekst. Desse to tinga skal fungere som ein dialog mellom rettleiar og den som blir rettleia, og for at det skal fungere er det nødt å vera eit tillitsforhold mellom dei to. Den som rettleiar har meir kompetanse på saks-eller fagområdet det er snakk om enn den som vert rettleia. Oppgåvene til eit rettleiar er:
- å vera utforskande saman med den som vert rettleia
- å stilla dei gode spørsmåla
- å gje råd
- å korrigera

Det er to typar vurdering:
1. formativ vurdering - vurdering for læring. Dette er ei skildring av elevens kompetanse på eit gitt tidspunkt og skal danna grunnlag for betring i faget.
2. summativ vurdering derimot er ei vurdering av læring. Denne fortel om nivået på eleven sin kompetanse ved avslutninga av utdanninga.

kvifor er vurdering viktig?
1.1.Veiledningsaspektet (Det primære føremålet)
Fremje motivasjon, læring og utvikling gjennom veiledning, feedback, feedforward, læringsstøttande kommentarar etc.
2.2.Bedømmingsaspektet
Informasjon til elev og foreldre – m.a. om grad av måloppnåing
3.3.Informasjonsaspektet
Informasjon til samfunnet, arb.gjevar – vid.skule – høgskule om oppnådd kompetanse
4.4. Skulevurderingsaspektet (”backwash-aspektet”)
Informasjon til skulen om skulens måloppnåing, kvalitetssikring av opplæringa, informasjon om lærarane si undervisning + info til læraren om eleven (kartlegging/diagnostisering)
5.5. Seleksjonsaspektet
Grunnlag for seleksjon til andre skular/høgskular.

Eit par tips til vurdering:
§Tilbakemeldinga må vera spontan.
§Tilbakemeldinga må vera ekte.
§Tilbakemeldinga skal vera konkret og grunngjeven.
§Tilbakemeldinga skal ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar.
§Tilbakemeldinga skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida.
§Tilbakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsett.
(Helle, L. 2007. Eigen ill.)
Akkurat som opplæringa er tilpassa, kan vudering og vera det. Ein skal vurdere ut frå meistring i forhold til eleven sine føresetnader, derfor må læraren ha "kartlagt" desse for seg sjølv. Ein kan ikkje samanlikne elevar. Alle er ulik og har ulike føresetnader, difor er tilpassing vikig. I forhold til dette er det fleire lærarar som brukar målark, stegark eller læringstrapp. Nokre brukar og elevlogg, mapper eller kartleggingsprøvar. Slik kan læraren få ein oversikt over elevens resultat og føresetnader for vidare utvikling. Det vil og gjere det lettare for læraren å tilpasse opplegg og mål for enskildeleven. Dessverre får ikkje alle elevar nok informasjon om korleis dei "ligg an" i forhold til generelle kompetansemål o.l og møter difor ungdomstrinnet med urealistiske bilete av eigen kompetanse. Det er ynskjeleg at vurdering, tilbakemelding og målretta oppfølging av elevane si læringutvikling og læringsutbytta skal prioriterast høgare i skulen. Slik at eleven skal få den best tilpassa opplæringa og den hjelpa eleven treng for måloppnåing av kompetansemåla.

Hugsereglar for god konstruktiv tilbakemelding:
Gje tilbakemeldinga til den det gjeld.
Samanlikn ikkje med andre.
Kritiser ikkje når det er andre tilstades.
Peik på det som kan forandrast.
Ta opp ein sak om gongen.
Unngå ord som ”ALLTID” og ”ALDRI”.
Ikkje gjenta deg sjølv.
Ikkje bruk ironi – ver sakleg!
Vis empati,
Gje ros der det er grunnlag for det .

Når eg ser på og tenkjer gjennom desse hugsereglane og tipsa ovanfor, ser eg at mange av dei lærarane eg har hatt oppover i tida ikkje har vore slik. Det er ein del elevar som har fått kritikk framfor heile klassen. Eg hugsa og dette med karakter. Det var sjelden alle var einige i karakteren som blei gjeven i klassen, for alle snakka saman og samanlikna straks me hadde fått dei. Ofte kunne ein faktisk gjette oss til kven som hadde fått kva karakter, me meinte sjølvsagt det var fordi læraren vår favoriserte, men det kan sjølvsagt ha noko med prestasjon å gjere og. Eg hugsar særskild ein lærar i KRL, dersom me skreiv på prøvane det han ville ha svara, så fekk me dei beste karakterane. Eg var ein av dei som såg korleis det fungerte, og kanskje utnytta det litt. På den andre sida meiner eg sjølv at eg lærte mykje av det, og kunne ting på rams. Kanskje var det berre me som blei "lurt" til å arbeida?

onsdag 23. april 2008

Tilpassa opplæring

Denne dagen starta med at Aashild gjekk gjennom viktige moment innanfor tilpassa opplæring med ein PowerPoint framsyning. Dette er eit viktig og sentral tema i dagens skule, for det er noko alle elevar har krav på etter Opplæringslova. Det står til dømes i kapittel 1 (formål og verkeområde) paragraf 1-2 (5.avsnitt):
"Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten".
I tillegg til dette står det i LK06 i generell:
* opplæringa skal møte born, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.

Dette set eit krav til oss som lærarar om at me skal finne måtar å gjennomføre dette i praksis. Det forklarar litt kvifor me går gjennom alle læringsstrategiar og læringsmetodar slik som me har gjort gjennom året vårt. Dette gir oss ei mogleik til å velje og prøve ut, slik at me kan finne den beste måten for den klassen og dei elevane me har når me kjem ut i praksis (og den verkelege verda seinare). Desto meir me veit om, desto meir har me til å velje mellom.

Gjennom Aashild blei me kjend med nokre nye begrep i forhold til tema:
Likeverdig opplæring tyder ikkje at alle skal få lik opplæring, men at for at alle elevar skal få lik rett til tilpassing, krevst det somme tider skilnadsbehandling. Sidan elevar har ulike behov, krevst det ulike løysingar.
Tilpassa opplæring er ei plikt som skuleeigar, opplæringsstadens leiing og personale har til å gi ei god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde eleven sine evner og føresetnader.
Inkluderande opplæring innberer at alle tek del i fellesskapet på ein likeverdig måte både fagleg, sosialt og kulturelt. Basert på prinsippet "ein for alle, alle for ein" slik eg ser det, alle skal få vera med og alle skal delta. Ingen skal bli haldt utanfor fellesskapet.
Spesialundervisning er ein rett som skal sikre tilpassa og likeverdig opplæring for dei elevane som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Det vil seie den undervisninga som flest får, som oftast føregår i klasserommet i fellesskap. Altså dersom ikkje den tilpassinga einskildeleven allereie får på lik linje med andre ikkje er "nok" for at eleven skal få det beste utbyttet av opplæringa.

For å få til tilpassa opplæring i ein klasse er det mange ting ein kan gjere. Differensiering er eit alternativ. På den måten tek ein omsyn til einskildelevar sine føresetnader og behov.
organisatorisk differensiering er når ein deler elevar etter evner og prestasjonsnivå. Det tek utgangspunkt i at "like born leikar best". På den andre sida har me pedagogisk differensiering, der tilpassinga skjer innanfor vanleg klasse/gruppe. Denne metoden tek utgangspunkt i at born har ulike føresetnader og undervisninga må ta omsyn til tempo, nivå og breidde som høver for den einskilde elev.

I tillegg fekk me høyre om ettergivnad som undervisningsstrategi, og det syns eg ikkje høyrtes noko gunstig ut i det heile tatt. Det vil seie at lærarane tilpassar opplegget med utgangspunkt i kva elevane har lyst til, det vil seie at om elevane syns noko er vanskeleg, vert ikkje stoffet teken opp. På denne måten slepp læraren å differensiera, fordi stoffet ikkje er vanskeleg. Samstundes tyder det at dei som faktisk er flinke og kunne lært meir må helde seg til ting dei allereie kan, og ikkje får mogleiken til å lære så mykje som dei har føresetnader til. Elevane treng heller ikkje motivasjon eller lyst til å strekkje seg etter meir, fordi dei meistrar alt dei gjer og veit ikkje kva dei kanskje "går glipp av". Læraren si haldning vil vera at dersom han gjer dette vil alle elevane vera nøgde, og han tenkjer ikkje på krav i forhold til Kunnskapsløftet. Dette kan bli avslappande for læraren, sidan det tyder mindre arbeid og planlegging, og kan føre til høg trivsel for læraren.
Sjølv om dette blir enkelt og greit både for lærar og elevar, er det neppe det beste for dei med tanke på vidare arbeid og skule i framtida. Kva om desse elevane skiftar skule av ein eller anna grunn, korleis går det me dei då?

På slutten av dagen fekk me i oppdrag å lage eit tilpassa opplegg med fleire alternative måtar. Mi gruppe valte at temaet skulle vera påske i faget krl, med eit opplegg basert på å sjå og læra. Altså litt preg av demostasjon og skodespel. Det når dei fleste elevane, det såg me når me var ute i praksis på "mellomtrinnet". Og sidan krl er eit fag med ofte "låg" status, tyder det kanskje berre på at metodane for undervisninga trengs å skiftast ut. Fornyast. Og at det ikkje nødvendigvis er faget som er problemet.

Eg har tillegg fått sett korleis dette fungerer i praksis. I klassen eg var i hadde me alle slags elevar, særskild arbeidande og flinke elevar, ein ADHD elev, elevar med lese-og skrivevanskar og dei midt på "treet". ADHD eleven hadde ofte med seg ein assistent som var der og hjalp til. Denne eleven var ikkje av dei bråkete som spring rundt og herjar, men sat i staden roleg på pulten. Problemet var å få gjort noko i timane, fleire gonger var ikkje bøkene oppe på pulten ein gong. Eg såg og at einskildelevar blei teken ut på eit grupperom med eigen lærar, der dei fekk ekstra pc- og leseundervisning. Det varierte kva som var i fokus. Av og til føregjekk dette inni klasserommet òg, ubemerka av dei andre elevane. Læraren var veldig flink med å gi bekrefting på arbeidet og ros. Ein kunne sjå at eleven tok det til seg, han verka stolt då han ver ferdig.
Desse ekstra flinke hadde til tider eigne oppgåver dei skulle løyse i dei faga dei var sterke, slik at dei kunne strekkja seg etter meir. Ingen nemnte at det var "urettferdig" av medelevar.

fredag 18. april 2008

Yrkesetisk seminar

I byrjinga av seminaret fekk me introduksjon til temaet både i forhold til læraryrket og reglar (Bigit) som t.d tausheitsplikt og i forhold til dei ulike typane etikk (Tormod) som t.d plikt-/konsekvensetikk. Seinare blei me delt inn i grupper, eg var med Bertin Hjortland, Tove Ringen, Astrid M. Noremark. Me sat oss saman først i gruppa, me leste i krl-boka om temaet (mest konsekvens-/pliktetikk) og laga dei 10 (12) yrkesetiske boda. Etterpå bestemte me at alle skulle gå heim og lese gjennom casene kvar for seg og skrive litt stikkord, før me møttes att. Dagen etter samlast me på eit grupperom og gjekk gjennom case for case og la fram det me hadde tenkt i forhold til casene. Det var mykje diskusjon att og fram, og mange argument både for og mot. Det var veldig spennande å sjå kor likt/ulikt me hadde tenkt. Då me fredagen skulle leggje fram sak, sat me rundt eit langbord alle saman. Mi gruppe trekte case nr. 4, som omhandla Lars og læraren hans Jørgen. Etterpå fekk dei andre kome med supplement og me diskuterte. Slik gjekk case for case på tur, og eine gruppa gjekk i tillegg gjennom dei 10 boda dei hadde laga.


Boda til gruppa mi såg slik ut:

1. Interesse og omsorg for born og unge
- Involvere seg i elevane sin kvardag – både på og utanfor skulen. Snakke kontinuerlig med elevane om situasjonar som påverkar livet deira – og som også kan påverke skuledagen.

2. Følge lovverket – oppfordre elevar til det samme
-
Gjere seg kjend med lover og reglar som gjeld for å utføre ditt yrke på en god måte.

3. Innstilt på samarbeid med foreldre/kollegaer
-
Vere mottakeleg for andre synspunkt/meningar enn dine eigne. Ta imot innspel frå foreldre/kollegaer/andre med eit positivt utgangspunkt – vidare vurdere om dei er relevante for elevane si utvikling.

4. Godt førebudd /førebudd til uventa situasjonar.
-
Bruke planleggingsfasen aktivt, med tanke på å kunne takle einkvar situasjon. Ved oppstart av undervisning har læraren førebudd ein «A-plan» og ein «B-plan», dersom alternativ A ikkje fungerar. Evt ha ein «kriseplan» i bakhand dersom alt går gale..

5. Evne til eigenvurdering
- Evaluere seg sjølv og eigen undervisning med tanke på best mogleg læring/utvikling hos elevane – tilpassa opplæring.

6. God rollemodell
-
Framstå/oppføre seg på same måte som du forventar av elevane.

7. Vise respekt
-
Lytte til elevane, ta innspela deira på alvor.

8. Evne til god kommunikasjon
-
Opptre på ein tydeleg og engasjert måte, både verbalt og kroppsleg.

9. Vere motivator
-
Skape indre motivasjon hos elevar: vere positiv, gi ros, vere engasjert, bruke varierte arbeidsmetodar, forklare/demonstrere aktivitet på ein enkel og tydeleg måte, konstruktive tilbakemeldingar.

10. Evne til empati
-
Å setje seg inn i andre sin situasjon/kjensler, med tanke på å oppnå ei løysing som fungerer.

11. Bruke kreative løsningsforslag
-
Tenke utradisjonelt for å oppnå variert og spennande undervisning/løysingar.

12. Skape tillit
-
Samanheng mellom ord og handling, tilgjengelegheit, rettferd, tillit, empati, sjå pkt 5, 6, 7, 9, og 10.

Ein ser her at krava som vert stilt er ganske store og mange. Det gir oss som lærarar mykje å tenkja på. Eg syns det er bra at me har rettningslinjer å gå etter, slik at ein kan gjere sitt beste for å bli den beste læraren for elevane. Det viktigaste er jo dei. Det er dei som skal lære noko og tar med seg alle desse erfaringane vidare i livet. Det er viktig at dei får opplæringa dei har krav på, og den tilpassinga som dei treng. Ein vil helst at alle elevar skal ha det bra og at klassemiljøet skal vera bra. I den klassen eg var i praksis fekk eg sjå at sjølv så ungen som 10-11-åringar skjønar at folk er forskjellige. Dei godtok at nokre hadde eit anna opplegg enn dei, og det virka som om alle var klar over kor dei var på "treet" og mange kor andre var.

Ein eigenskap eg syns eg viktig er å kunne setje seg inn i eleven sin ståstad. Då kan ein lettare sjå kva eg ville ha likt og ynskja ut av undervisning osv. Me har alle vore og er framleis elevar som har ein lærar, og veit inni oss kva me forventar av ein lærar. Det er sjølvsagt ting ein tek med seg når ein sjølv skal planleggje og undervise.

mandag 31. mars 2008

Praksisperiode veke 9-11

Denne perioden var den lengste i år, tre veker skulle gjera vårt beste og lære mest mogleg. Før perioden hadde me delt faga inn i grupper på ca likt timetal:
1. matematikk og engelsk (6t)
2. norsk (5t)
3. KRL og SANA (6t)
Første veka byrja eg med nr.1, Thomas med nr.2 og Kenneth med nr.3, deretter rulerte me slik at alle fekk ha alle fag, med fokus på ei gruppe kvar veke.

Eg hadde etter ynskje fått matematikk og engelsk første veka. I matematikk hadde me areal av trekant som tema. Eg hadde fått vete at dei rett før me kom hadde gått gjennom arel av firkant, og brukte repetisjon av det som innleiing til det nye tema. Hovudpoenget mitt med første økta var at dei skulle skjøne at ein trekant var halvparten av ein firkant. Dette var dei med på og eg kunne trygt introdusere korleis ein skulle rekne dette. Her medan dei kunne sjå korleis firkanten reknast på sida av (på tavla) slik at dei kunne sjå samanhengen. Når eg skulle ha arealet av firkanten brukte eg elevane som ressurs og spurde heile vegen om nokon kunne "hjelpe meg" og forklare korleis eg skulle gjere det, det verka som dei likte det. Dei vart svært engasjerte og slik fekk eg dei "på kroken" og hadde dei med meg vidare i det eg viste. Mot slutten av økta fekk dei rekne sjølv i bøkene sine, og eg fekk kjensla av dei syns det var greit.

Neste økt var ei dobbeløkt hadde eg stasjonsarbeid. Eg delte dei inn i 5 grupper:
1. omkrins av firkantar
2. areal av firkantar
3. omkrins av trekantar
4. areal av trekantar
5. areal og omkrins av firkantar ute.
På dei fire første gruppene hadde eg klipt opp trekantar og firkantar i papp som dei skulle måle sidene på og rekne ut. Dei hadde eit ark dei skreiv svara på i fellesskap som dei tok med seg frå stasjon til stasjon. På kvar stasjon brukte dei ca 20 min, sidan me var mange lærarar tilgjengeleg brukte eg både gruppa mi og praksislærar slik at det stod ein med kvar gruppe. Mot slutten av veka måtte eg oppsummere det dei hadde gjort her og kjapt introdusere målestokk før eg leverte stafettpinnen vidare.

I engelsk fulgte eg boka, der me skulle gjennomgå ein tekst om "horrid Henry". Eg spelte den av for dei frå CD medan dei skulle følgje med i boka. Etterpå spurde eg ulike spørsmål for å sjekke om dei hadde fått med seg det dei hadde lese. Eg gjekk og gjennom teksten og lot dei lese, og stoppa kvar gong me traff på nokre av glosane dei skulle kunne på slutten av veka (måltest). Då sa eg ordet høgt først, og så herma dei etter meg i kor. Når dette satt fekk dei løyse oppgåver på eiga hand. Neste økt var ikkje før fredagen, då hadde dei måltesten først og så gjekk me gjennom teksten og oppgåve dei hadde hatt i lekse. Økta slutta av etter litt oppgåveløysing på eiga hand.

Andre veka skulle eg ha KRL og SANA. SANA er forkorting for Samfunnsfag og Naturfag, der kva fag det er varierer frå veke til veke etter behov. Denne var det naturfag, og temaet var "stein". Eg skulle byrje med vulkanar og utvinning av jern. Veka før visste eg dei hadde skrive ein tekst om utbrotet i Pompei og byrja derfor med at elevane skulle få lese kva dei sjølv hadde skrive. Etterpå skulle dei lese ein tekst og løyse oppgåver til den som eg hadde laga sjølv. Oppgåvene var mange, men laga litt "lette" slik at dei skulle finne svara uten veldig store problem og få meir forståing av teksten i små bitar. Desse jobba dei veldig engasjert med, og eg fekk mykje god respons på dei.

Eg hadde i utgangspunktet sett etter oppgåver i bøkene, men syns dei var for store og omfattande, og veldig få. Dette er den type oppgåve som gjer at elevane fort gir opp og "finn ingenting", derfor følte eg det var rett å lage sjølv. På den måten fekk eg arbeide meg gjennom teksten grundig samstundes som dei skulle lære mest mogleg av arbeidet. Desse oppgåvene fekk dei halde fram med og gjere seg ferdig med neste økt (dobbel). For dei som vart tidleg ferdig hadde eg laga nokre ekstra oppgåver som gjekk på teikning. Når eg meinte dei hadde hatt nok tid og flesteparten var ferdig hadde me ein felles gjennomgang, dei svarte ved handsopprekning.

Etter pausen gjekk me ned i mediateket og såg filmen "planeten jorda" som dei skulle kunne fortelje 3 faktasetninga frå etterpå. Desse vart sagt i fellesskap i klassen og så skriven i boka. Siste økta eg hadde ville eg teste kva dei kunne, eg laga ein quiz. Dei blei delt inn i lag og satt fordelt i dei på gruppa, dei skulle ha ein skribent, men alle skulle hjelpe til. Eg gjekk gjennom spørsmål for spørsmål på PowerPoint på sida av meg medan eg leste det opp høgt. Når me var kome gjennom oppgåvene bytta gruppene svarark og fekk rette kvarandre. Eg viste fasit på PowerPoint og fortalte heile vegen korleis poengsettinga skulle vere. Når alle var retta vart dei levert tilbake til gruppa, alle var svært interessert i å kåre ein vinnar.

Eg syns dette fungerte veldig bra, men eg ville nok hatt litt betre tid. Det blei ei litt kjapp gjennomgåing av fasit på slutten, men dei klarte likevel å henge med. Elevane verka som dei hadde lært mykje (ut frå poengsum til slutt) og det var morosamt å sjå dei jobbe i gruppene og vere engasjert i å vise kva dei kunne. Eg meiner det var absolutt verdt det ekstra arbeidet eg måtte leggje i det. Både eg og elevane satt forhåpentlegvis att meg kjensla av at me hadde lært noko nytt.

I KRL fekk eg i oppdrag først og fremst å oppsummere undera. Me byrja timen med song og deretter spurde eg spørsmål om kva dei hugsa, før me teikna ei tankekart på tavla som dei skulle ha i si kladdebok òg. Etterpå leste me det siste underet som ikkje var gått gjennom før i fellesskap, fekk det med i tankekartet og gjorde oppgåver til kapittelet. Neste økt stod påske for tur. Eg fann ut at dei hadde hatt mykje lesing sjølv, så eg valte å lære meg utenatt dag for dag i påsken og fortalte til dei i staden. Det var ikkje ein lyd blant elevane, dei sat heilt stille og fulgte med på meg. Det kan ha noko med at eg viste litt med hender og kropp for å understreke. Økta gjekk fort. Neste økt byrja med songen "let my people go", før me hadde ei grundig oppsummering av påsken. Eg lot dei fortelje kva dei hugsa og stilte spørsmål dersom dei "mangla" noko. Slik fekk me ein slags samtale i fellesskap uten at det vart særleg bråkete. Etterpå fekk dei utdelt eit oppgåveark dei arbeida med to og to saman. Timen vart avslutta
med songen "dine hender er fulle av blomster" som eg meinte var relevant i forhold til Jesu oppstanding og ei kjekk avslutting av dagen.

Siste veka hadde eg ansvar for norsken, den gjekk så og seie berre til leselyst-prosjektet som dei starta i løpet av andre veka me var der. Medan elevane las fekk eg då tid til å tenkje ut korleis eg skulle få inn IKT i løpet av min periode, noko eg ikkje fekk vete om før. Eg tok då utgangspunkt i tekstbehandlingsopplegget eg hadde i punktpraksis og køyrde repetisjon på det. Eg tok to og to elevar inn på grupperom og gjekk gjennom punkta dei skulle ha lært, slik at eg fekk sjå kor mykje dei hugsa og lære dei det dei ikkje hadde fått med seg.

Etter perioden føler eg at eg har lært mykje om korleis det er i kvardagen for lærarar i dag. Eg har fått vore med på teamarbeid mellom lærarane på trinnet, eg har fått verkeleg prøvd meg som leiar for klassen og føler eg har utfordra meg sjølv undervegs for å forbetre meg. Eg føler at eg kan kommunisere med elevane på ein god måte og at dei er med på det eg gjer. Eg er ikkje noko leikestativ, men kjenner at eg verkeleg ynskjer at dei skal få mest mogleg ut av mi undervisning eller mi hjelp som assistent og . Fleire elevar har denne gongen vist meg tillit og det føles veldig bra. Eg likar at dei er trygge på meg, då vert det lettare for meg å "nå ut" til dei.

Eg hadde ikkje lyst å reise frå dei den siste fredagen. Me på 5.trinnet gjekk saman og ordna til kaker, saft og film. Me lånte oss plass i "dumpa" (eller mediateket for folk utanfor). Eg merka eg satt der og kikka på alle elevane og tenkte for meg sjølv at eg skulle ynskje eg berre kunne bli verande der. Eg kjende ikkje ein plass at eg hadde lyst å forlate elevane, no når det verkeleg kjendes som om me var "på bølgjelengd". Filmen tok slutt og dei skulle snart gå for helga. Me studentane delte ut blomar til praksislærarane våre og holdt ei lita tale for dei og elevane. Elevane fekk klarsignal for helg, og fleire sprang mot døra (flest gutar). Det var trist å sjå dei forsvinna. Nokre kom bort og spurde om me verkeleg ikkje skulle kome att, og viste at ikkje likte tanken på det. Fleire av jentene kom bort og gav ein klem, det var kjekt. Eg vart heilt emosjonell. Alt i alt har perioden vore vellukka for min del, aldri har eg lært så mykje på 3 veker. Og best av alt er det at eg føler at eg høyrer til på lærarrommet og i klasserommet, det er dette eg MÅ bli - lærar =)

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Nokre elevar treng spesialundervisning og det kan vera mange grunnar til det. I forhold til desse elevane kan ikkje skulen stille dei same krava for eleven som til andre elevar. Denne undervisninga har utgangspunkt i retten elevar har til tilpassa opplæring. Skulen må ta omsyn til dei mange sidene ved eleven: språket, fysisk og psykisk utrusting, heimebakgrunn og verdiar. Denne form for undervisning gjeld elevar med ei eller anna form for funksjonssvikt og krev at læraren har spesialkompetanse. Funksjonssvikt kan vera:
- fysisk (rullestolbrukar, høyrselshemma, synshemma)
- kognitiv (lese- og skrivevanskar, ADHD)
- kjenslemessig (omsorgssvikt, vanskar i heimen, psykiske problem, mobbing)

Ved hjelp av skuletestar kan ein kartleggje nivå slik at ein kan tilretteleggje undervisningsopplegg for å oppnå best mogleg læringsmogleik for elevane. Testane kan og hjelpe til å diagnosere kognitiv funksjonssvikt og lærevanskar, dette kan sjølvsagt berre nyttast/gjerast av folk med spesialkompetanse. Vidare i forelesinga gjekk me meir innpå dei ulike typane vanskar elevar kan ha, tips til korleis ein kan oppdage og handle i når ein oppdagar noko. Me fekk og høyre om noko kalla dyskalkuli, som er eit anna ord for tallfobi eller matematikkvanskar. Eg hadde aldri høyrt om dette før og syns det verka spennande å lære om, samstundes som det var litt vanskeleg å førestelle seg kvardagen til desse elevane. Eg kan tenkje meg at det kanskje er for lite informasjon om dette og at det muligens er mange elevar som har slitt med dette og aldri fått noko diagnose e.l. Og det er jo ikkje bra.

Kort og enkelt oppsummert er det viktig å ha nok informasjon om vanskar elevar kan ha, slik at ein kan oppdage det tidleg og få ein diagnose. Når ein har fått det må ein lage til eit opplegg som kan fungere slik at eleven får best utbytte av undervisninga. Som lærarar vil me helst sjå elevane våre lukkast i det dei ynskjer, og difor hjelpe dei på vegen der til med det me kan. I ein slik prosess blir samarbeid mellom skule, elev og heim svært viktig. Difor er kommunikasjon og dialog sentralt heile vegen. Me som lærarar må hjelpe til og tilretteleggje for at eleven skal få den opplæringa han/ho har krav på.