Denne dagen byrja med ei PowerPoint framsyning om sjølvbiletet. Her me fekk presentert eg-et og meg-et, der eg-et er det ubevisste og subjektive (eg er den eg er) og det er utgangspunktet for ein persons handlingar/motivasjon. Meg-et er det bevisste og objektive, med biletet ein har av seg sjølv. Når me blir bevisst på noko me vanligvis gjer ubevisst, endrar eg-et seg til meg-et.
Etter litt diskusjon rundt tema skulle me gå i grupper. Litt same opplegg som sist, total grupper på 4, men berre to og to saman ved lesing av stoffet. Når me satt oss saman etterpå skulle me diskutere denne problemstillinga:
har den norske skulen eit kjønnsproblem?
Etter mykje diskusjon kom me fram til at den har eit kjønnsproblem fordi:
- jenter og gutar presterer ulikt.
- kjønnsidealene øydeleggjer for likestilling.
- Jentene sine forventningar til prestasjonar er mykje lågare enn gutane sine.
Dette er ting som har mykje å seie for elevane sin skulekvardag. Når gutane scora høgt på prøvar begrunna dei det med at dei var flinke, medan jentene skulda på flaks eller enkle oppgåver. Når dei fekk dårlege resultat, skulda gutane på uflaks eller andre medan jentene sa dei var for dårlege eller kunne for lite. Dette har eg aldri tenkt over, men eg kjende meg litt att i den statistikken. Eg forventar som regel at det går dårlegare på prøvar enn det faktisk gjer, eg gjorde det særskild på ungdomsskulen i alle fall.
Så kan ein jo spørje seg kvifor det blir slik, og ein kan neppe nekte for at media og samfunnet si framstilling av kjønnsrollene påverkar, måten læraren behandlar elevar, kva lærarar forventar av elevane. Kanskje trur jenter dei ikkje er gode fordi dei sjeldan får ros, det er ofte dei elevane som plutseleg gjer arbeid som får det (ofte gutar). Jentene er på ein måte allereie forventa at skal vera flinke. Haldninga "alle jenter er flinke" kjem synleg fram av og til. Er alle jenter flinke? Fins det ikkje flinke gutar? Kvifor skal jenter kunne vera flinkare enn gutar? Er det medfødt?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Etter du har vore så mange veker i praksis, meiner du at påstanden om at gutar har for høge og jenter for låg forventninger om seg sjølv stemme?
-Ina
Det var ikkje svært synleg i den klassen eg var i, men det var mange av dei stille jentene. Eg fekk ei kjensle av at dei flinke elevane visste at dei var flinke, uansett kjønn. Til og med kva fag dei var flinke i, og dette visste og medelevane om. Eg veit ikkje korleis eller kvifor, men det verka som allmenn kunnskap i klassen.
Legg inn en kommentar