Økta starta med ei avslappande øving med Birgit og var ein flott start på dagen. Vart litt trøtt også, men det gav seg då me kom igong. Framsyning etter framsyning. Av tidlegare erfaring plar slike økter å vera svært trøytsame og lange, men ikkje denne gongen. Eg vart veldig positivt overraska. Sjølv om alle hadde lest same stoffet, var det ingen framsyningar som var like. Fokusen var ulik, utdjupingsnivå ulikt, og metodane for å få fram stoffet variert. Me fekk sjå dramatisering, foredrag, "tv-show", film, power point, overhead og tavleundervisning. Alle variantar. Måten dei ulike hjelpemidla vart brukt var og svært ulikt, nokon hadde det som bakgrunn medan andre brukte det meir aktivt.
Eg syns det var svært spennande å sjå kva dei andre gruppene hadde lagt vekk på og korleis dei fekk det fram. Det var lærerikt og underhaldande samstundes. Eg visste på førehand at mange hadde planar om kreativ framsyning, noko som gjorde meg meir nervøs for vår eiga framsyning som ikkje var like "spennande"som til dømes film, men det gjekk fint. Eg tenkte at dersom alle hadde laga film, hadde det ikkje vore like spennande. Kvifor då ikkje vanleg foredrag? Då eg såg dei andre gruppene fekk eg og idear og inspirasjon til framtidige prosjekt. Det var mange måtar å få fram eit bodskap på, og me kan alle lære av kvarandre. Det tvilar eg ikkje på.
Det vert bra med oppsummering av framsyningane neste måndag, sidan det vart så mange inntrykk på ein gong der og då. Kanskje var det ikkje alt ein fekk med seg eller ikkje forstod, som ein gjerne vil vite. Eller kanskje ulikt syn ein vil diskutere litt?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Jau, det var ei kjekk og variert framsyningsøkt generelt sett.
Ein liten ting er merka meg, er at du kan snakka litt høgare og tydligare når du les for eit publikum. Du blei veldig stille og anonym bak ved tavla syntes eg. Gå fram og vis deg :) Da er jo deg me ville høyra på!
Ellers var det mykje bra info on behaviorismen og Kognitivismen, men eg syns dåke la litt feil vekt på kva det viktigaste elementa i behaviorismen var, og gjekk veldig raskt igjennom dette med skjema av Piaget. Dykk kunne nok også relatert litt meir av stoffet til korleis det er positivt og negativt i skulesamanheng.
Men det var interessant og bra! Keep on going...
Legg inn en kommentar