mandag 31. mars 2008

Praksisperiode veke 9-11

Denne perioden var den lengste i år, tre veker skulle gjera vårt beste og lære mest mogleg. Før perioden hadde me delt faga inn i grupper på ca likt timetal:
1. matematikk og engelsk (6t)
2. norsk (5t)
3. KRL og SANA (6t)
Første veka byrja eg med nr.1, Thomas med nr.2 og Kenneth med nr.3, deretter rulerte me slik at alle fekk ha alle fag, med fokus på ei gruppe kvar veke.

Eg hadde etter ynskje fått matematikk og engelsk første veka. I matematikk hadde me areal av trekant som tema. Eg hadde fått vete at dei rett før me kom hadde gått gjennom arel av firkant, og brukte repetisjon av det som innleiing til det nye tema. Hovudpoenget mitt med første økta var at dei skulle skjøne at ein trekant var halvparten av ein firkant. Dette var dei med på og eg kunne trygt introdusere korleis ein skulle rekne dette. Her medan dei kunne sjå korleis firkanten reknast på sida av (på tavla) slik at dei kunne sjå samanhengen. Når eg skulle ha arealet av firkanten brukte eg elevane som ressurs og spurde heile vegen om nokon kunne "hjelpe meg" og forklare korleis eg skulle gjere det, det verka som dei likte det. Dei vart svært engasjerte og slik fekk eg dei "på kroken" og hadde dei med meg vidare i det eg viste. Mot slutten av økta fekk dei rekne sjølv i bøkene sine, og eg fekk kjensla av dei syns det var greit.

Neste økt var ei dobbeløkt hadde eg stasjonsarbeid. Eg delte dei inn i 5 grupper:
1. omkrins av firkantar
2. areal av firkantar
3. omkrins av trekantar
4. areal av trekantar
5. areal og omkrins av firkantar ute.
På dei fire første gruppene hadde eg klipt opp trekantar og firkantar i papp som dei skulle måle sidene på og rekne ut. Dei hadde eit ark dei skreiv svara på i fellesskap som dei tok med seg frå stasjon til stasjon. På kvar stasjon brukte dei ca 20 min, sidan me var mange lærarar tilgjengeleg brukte eg både gruppa mi og praksislærar slik at det stod ein med kvar gruppe. Mot slutten av veka måtte eg oppsummere det dei hadde gjort her og kjapt introdusere målestokk før eg leverte stafettpinnen vidare.

I engelsk fulgte eg boka, der me skulle gjennomgå ein tekst om "horrid Henry". Eg spelte den av for dei frå CD medan dei skulle følgje med i boka. Etterpå spurde eg ulike spørsmål for å sjekke om dei hadde fått med seg det dei hadde lese. Eg gjekk og gjennom teksten og lot dei lese, og stoppa kvar gong me traff på nokre av glosane dei skulle kunne på slutten av veka (måltest). Då sa eg ordet høgt først, og så herma dei etter meg i kor. Når dette satt fekk dei løyse oppgåver på eiga hand. Neste økt var ikkje før fredagen, då hadde dei måltesten først og så gjekk me gjennom teksten og oppgåve dei hadde hatt i lekse. Økta slutta av etter litt oppgåveløysing på eiga hand.

Andre veka skulle eg ha KRL og SANA. SANA er forkorting for Samfunnsfag og Naturfag, der kva fag det er varierer frå veke til veke etter behov. Denne var det naturfag, og temaet var "stein". Eg skulle byrje med vulkanar og utvinning av jern. Veka før visste eg dei hadde skrive ein tekst om utbrotet i Pompei og byrja derfor med at elevane skulle få lese kva dei sjølv hadde skrive. Etterpå skulle dei lese ein tekst og løyse oppgåver til den som eg hadde laga sjølv. Oppgåvene var mange, men laga litt "lette" slik at dei skulle finne svara uten veldig store problem og få meir forståing av teksten i små bitar. Desse jobba dei veldig engasjert med, og eg fekk mykje god respons på dei.

Eg hadde i utgangspunktet sett etter oppgåver i bøkene, men syns dei var for store og omfattande, og veldig få. Dette er den type oppgåve som gjer at elevane fort gir opp og "finn ingenting", derfor følte eg det var rett å lage sjølv. På den måten fekk eg arbeide meg gjennom teksten grundig samstundes som dei skulle lære mest mogleg av arbeidet. Desse oppgåvene fekk dei halde fram med og gjere seg ferdig med neste økt (dobbel). For dei som vart tidleg ferdig hadde eg laga nokre ekstra oppgåver som gjekk på teikning. Når eg meinte dei hadde hatt nok tid og flesteparten var ferdig hadde me ein felles gjennomgang, dei svarte ved handsopprekning.

Etter pausen gjekk me ned i mediateket og såg filmen "planeten jorda" som dei skulle kunne fortelje 3 faktasetninga frå etterpå. Desse vart sagt i fellesskap i klassen og så skriven i boka. Siste økta eg hadde ville eg teste kva dei kunne, eg laga ein quiz. Dei blei delt inn i lag og satt fordelt i dei på gruppa, dei skulle ha ein skribent, men alle skulle hjelpe til. Eg gjekk gjennom spørsmål for spørsmål på PowerPoint på sida av meg medan eg leste det opp høgt. Når me var kome gjennom oppgåvene bytta gruppene svarark og fekk rette kvarandre. Eg viste fasit på PowerPoint og fortalte heile vegen korleis poengsettinga skulle vere. Når alle var retta vart dei levert tilbake til gruppa, alle var svært interessert i å kåre ein vinnar.

Eg syns dette fungerte veldig bra, men eg ville nok hatt litt betre tid. Det blei ei litt kjapp gjennomgåing av fasit på slutten, men dei klarte likevel å henge med. Elevane verka som dei hadde lært mykje (ut frå poengsum til slutt) og det var morosamt å sjå dei jobbe i gruppene og vere engasjert i å vise kva dei kunne. Eg meiner det var absolutt verdt det ekstra arbeidet eg måtte leggje i det. Både eg og elevane satt forhåpentlegvis att meg kjensla av at me hadde lært noko nytt.

I KRL fekk eg i oppdrag først og fremst å oppsummere undera. Me byrja timen med song og deretter spurde eg spørsmål om kva dei hugsa, før me teikna ei tankekart på tavla som dei skulle ha i si kladdebok òg. Etterpå leste me det siste underet som ikkje var gått gjennom før i fellesskap, fekk det med i tankekartet og gjorde oppgåver til kapittelet. Neste økt stod påske for tur. Eg fann ut at dei hadde hatt mykje lesing sjølv, så eg valte å lære meg utenatt dag for dag i påsken og fortalte til dei i staden. Det var ikkje ein lyd blant elevane, dei sat heilt stille og fulgte med på meg. Det kan ha noko med at eg viste litt med hender og kropp for å understreke. Økta gjekk fort. Neste økt byrja med songen "let my people go", før me hadde ei grundig oppsummering av påsken. Eg lot dei fortelje kva dei hugsa og stilte spørsmål dersom dei "mangla" noko. Slik fekk me ein slags samtale i fellesskap uten at det vart særleg bråkete. Etterpå fekk dei utdelt eit oppgåveark dei arbeida med to og to saman. Timen vart avslutta
med songen "dine hender er fulle av blomster" som eg meinte var relevant i forhold til Jesu oppstanding og ei kjekk avslutting av dagen.

Siste veka hadde eg ansvar for norsken, den gjekk så og seie berre til leselyst-prosjektet som dei starta i løpet av andre veka me var der. Medan elevane las fekk eg då tid til å tenkje ut korleis eg skulle få inn IKT i løpet av min periode, noko eg ikkje fekk vete om før. Eg tok då utgangspunkt i tekstbehandlingsopplegget eg hadde i punktpraksis og køyrde repetisjon på det. Eg tok to og to elevar inn på grupperom og gjekk gjennom punkta dei skulle ha lært, slik at eg fekk sjå kor mykje dei hugsa og lære dei det dei ikkje hadde fått med seg.

Etter perioden føler eg at eg har lært mykje om korleis det er i kvardagen for lærarar i dag. Eg har fått vore med på teamarbeid mellom lærarane på trinnet, eg har fått verkeleg prøvd meg som leiar for klassen og føler eg har utfordra meg sjølv undervegs for å forbetre meg. Eg føler at eg kan kommunisere med elevane på ein god måte og at dei er med på det eg gjer. Eg er ikkje noko leikestativ, men kjenner at eg verkeleg ynskjer at dei skal få mest mogleg ut av mi undervisning eller mi hjelp som assistent og . Fleire elevar har denne gongen vist meg tillit og det føles veldig bra. Eg likar at dei er trygge på meg, då vert det lettare for meg å "nå ut" til dei.

Eg hadde ikkje lyst å reise frå dei den siste fredagen. Me på 5.trinnet gjekk saman og ordna til kaker, saft og film. Me lånte oss plass i "dumpa" (eller mediateket for folk utanfor). Eg merka eg satt der og kikka på alle elevane og tenkte for meg sjølv at eg skulle ynskje eg berre kunne bli verande der. Eg kjende ikkje ein plass at eg hadde lyst å forlate elevane, no når det verkeleg kjendes som om me var "på bølgjelengd". Filmen tok slutt og dei skulle snart gå for helga. Me studentane delte ut blomar til praksislærarane våre og holdt ei lita tale for dei og elevane. Elevane fekk klarsignal for helg, og fleire sprang mot døra (flest gutar). Det var trist å sjå dei forsvinna. Nokre kom bort og spurde om me verkeleg ikkje skulle kome att, og viste at ikkje likte tanken på det. Fleire av jentene kom bort og gav ein klem, det var kjekt. Eg vart heilt emosjonell. Alt i alt har perioden vore vellukka for min del, aldri har eg lært så mykje på 3 veker. Og best av alt er det at eg føler at eg høyrer til på lærarrommet og i klasserommet, det er dette eg MÅ bli - lærar =)

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Nokre elevar treng spesialundervisning og det kan vera mange grunnar til det. I forhold til desse elevane kan ikkje skulen stille dei same krava for eleven som til andre elevar. Denne undervisninga har utgangspunkt i retten elevar har til tilpassa opplæring. Skulen må ta omsyn til dei mange sidene ved eleven: språket, fysisk og psykisk utrusting, heimebakgrunn og verdiar. Denne form for undervisning gjeld elevar med ei eller anna form for funksjonssvikt og krev at læraren har spesialkompetanse. Funksjonssvikt kan vera:
- fysisk (rullestolbrukar, høyrselshemma, synshemma)
- kognitiv (lese- og skrivevanskar, ADHD)
- kjenslemessig (omsorgssvikt, vanskar i heimen, psykiske problem, mobbing)

Ved hjelp av skuletestar kan ein kartleggje nivå slik at ein kan tilretteleggje undervisningsopplegg for å oppnå best mogleg læringsmogleik for elevane. Testane kan og hjelpe til å diagnosere kognitiv funksjonssvikt og lærevanskar, dette kan sjølvsagt berre nyttast/gjerast av folk med spesialkompetanse. Vidare i forelesinga gjekk me meir innpå dei ulike typane vanskar elevar kan ha, tips til korleis ein kan oppdage og handle i når ein oppdagar noko. Me fekk og høyre om noko kalla dyskalkuli, som er eit anna ord for tallfobi eller matematikkvanskar. Eg hadde aldri høyrt om dette før og syns det verka spennande å lære om, samstundes som det var litt vanskeleg å førestelle seg kvardagen til desse elevane. Eg kan tenkje meg at det kanskje er for lite informasjon om dette og at det muligens er mange elevar som har slitt med dette og aldri fått noko diagnose e.l. Og det er jo ikkje bra.

Kort og enkelt oppsummert er det viktig å ha nok informasjon om vanskar elevar kan ha, slik at ein kan oppdage det tidleg og få ein diagnose. Når ein har fått det må ein lage til eit opplegg som kan fungere slik at eleven får best utbytte av undervisninga. Som lærarar vil me helst sjå elevane våre lukkast i det dei ynskjer, og difor hjelpe dei på vegen der til med det me kan. I ein slik prosess blir samarbeid mellom skule, elev og heim svært viktig. Difor er kommunikasjon og dialog sentralt heile vegen. Me som lærarar må hjelpe til og tilretteleggje for at eleven skal få den opplæringa han/ho har krav på.

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Denne dagen byrja med ei PowerPoint framsyning om sjølvbiletet. Her me fekk presentert eg-et og meg-et, der eg-et er det ubevisste og subjektive (eg er den eg er) og det er utgangspunktet for ein persons handlingar/motivasjon. Meg-et er det bevisste og objektive, med biletet ein har av seg sjølv. Når me blir bevisst på noko me vanligvis gjer ubevisst, endrar eg-et seg til meg-et.

Etter litt diskusjon rundt tema skulle me gå i grupper. Litt same opplegg som sist, total grupper på 4, men berre to og to saman ved lesing av stoffet. Når me satt oss saman etterpå skulle me diskutere denne problemstillinga:

har den norske skulen eit kjønnsproblem?

Etter mykje diskusjon kom me fram til at den har eit kjønnsproblem fordi:
- jenter og gutar presterer ulikt.
- kjønnsidealene øydeleggjer for likestilling.
- Jentene sine forventningar til prestasjonar er mykje lågare enn gutane sine.

Dette er ting som har mykje å seie for elevane sin skulekvardag. Når gutane scora høgt på prøvar begrunna dei det med at dei var flinke, medan jentene skulda på flaks eller enkle oppgåver. Når dei fekk dårlege resultat, skulda gutane på uflaks eller andre medan jentene sa dei var for dårlege eller kunne for lite. Dette har eg aldri tenkt over, men eg kjende meg litt att i den statistikken. Eg forventar som regel at det går dårlegare på prøvar enn det faktisk gjer, eg gjorde det særskild på ungdomsskulen i alle fall.

Så kan ein jo spørje seg kvifor det blir slik, og ein kan neppe nekte for at media og samfunnet si framstilling av kjønnsrollene påverkar, måten læraren behandlar elevar, kva lærarar forventar av elevane. Kanskje trur jenter dei ikkje er gode fordi dei sjeldan får ros, det er ofte dei elevane som plutseleg gjer arbeid som får det (ofte gutar). Jentene er på ein måte allereie forventa at skal vera flinke. Haldninga "alle jenter er flinke" kjem synleg fram av og til. Er alle jenter flinke? Fins det ikkje flinke gutar? Kvifor skal jenter kunne vera flinkare enn gutar? Er det medfødt?

Motivasjon


Denne dagen fekk me ein kort presentasjon av tema på starten av dagen. Så vart me inndelt i grupper på to og to som skulle lese gjennom nokre sider, for og så etterpå setje seg saman med ei anna gruppe på to etterpå som hadde lese ein anna del, for å så fortelje kvarandre kva me hadde lese, og diskutere tema. Fordi antallet ikkje gjekk heilt opp i den avanserte gruppeinndelinga som vart vist på tavla, kom eg i ei gruppe på totalt tre stykker, og me hadde difor ingen å setje oss saman med etterpå dersom det skulle gå opp. Det førte til at me sat berre oss ilag og måtte lese alle sidene sjølve, då blei det litt lite tid til diskusjon for det var ganske mange sider. Me fekk laga spørsmål til stoffet og la det ut på fronter.

Eit av spørsmåla var: kva er skilnaden på indre og ytre motivasjon?

Indre motivasjon er det ein kallar "naturleg" motivasjon. Det er indre krefter som t.d behov eller vilje som er grunnlaget for motivasjonen. Her er det aktivitet for aktivitet si skuld, t.d ein som likar å spela fotball gjer det, ikkje fordi han vil nå ei mål.

På den andre sida har me ytre motivasjon som er når ein gjer noko for å oppnå ei belønning eller for å nå eit mål, her er ikkje aktiviteten for å nå det viktig. Til dømes når ein elev puggar til prøve for å oppnå gode resultat, slik at han kan få mogleiken til eit attraktivt studium seinare. Samstundes kan det og vera at ein gjer det ein må, fordi ein er redd for straff dersom ein ikkje gjer det.

Dette er sjølvsagt ting ein må vite om når ein skal prøve å motivere elevar. Den aller beste for eleven si skuld er sjølvsagt den indre. For når ein likar noko følger ein meir med og er meir nøye på kva ein gjer, noko som gjer at det ein lærar blir verande. Dersom ein berre puggar for å få gode resultat kan det vera at det ein kunne rett før prøven, er gløymt så snart den er over. Og på lang sikt vil ikkje dette vera gunstig.

Prestasjonsmotivasjon er basert på eleven sitt ynskje om å prestere noko som er bra i forhold til eit kvalitetsforhold. Det ein form for indre motivasjon, for ein gjer ikkje noko for å nå ei belønning eller eit mål, men fordi kjensla av meistring gir eleven tillit til seg sjølv og sine evner. Det er og viktig for eleven å få anerkjenning og respekt frå medelevar og læraren. Kjensla av å ha lukkast driv eleven til å strekkja seg etter meir. Det som er bakdelen her er at desse elevane er og veldig redde for å mislukkast, og gjer alt for å unngå det.

For å unngå at elevar føler at dei ikkje har lukkast, er det viktig at læraren er kjenner føresetnadene til eleven og gir han/ho oppgåver utfrå desse (tilpassa opplæring). Det er og viktig at eleven får positiv respons på den han/ho har gjort, uansett korleis arbeidet er gjort skal fokusen vera på det positive. Dersom ein legg for mykje vekt på det som kunne vore betre (som er "dårleg" slik eleven ser det) vil eleven kanskje føle at ALT var dårleg og at han/ho har mislukkast, og då vil han/ho kanskje ikkje vera motivert til å prøve att i frykt for å mislukkast "igjen".

Etter denne økta fekk me og eit innblikk i kor vanskeleg det kan vera å organisera eit slikt gruppearbeid, med alt frå inndeling av grupper, kva sider kva gruppe skulle lese, kven som skulle gå saman, kor ein skulle vera, kor lang tid det tek osv. Og konklusjonen er at det er ikkje enkelt i det heile tatt. Særskild ikkje i ein så stor klasse som me er når me er samla alle. Det hadde kanskje vore litt lettare dersom me var ferre?

(revidert 25.o4.08)

lørdag 22. mars 2008

Punktpraksis på Langeland 22. jan.


Ja, så var den dagen over. Og eg trur eg kan sei at den vart vellukka. Me var litt nervøs for korleis det skulle gå med tida, responsen frå elevane og liknande faktorar, men det gjekk over all forventning. Elevane var svært mottakelege.

Som tidlegare nemn slo oss to gruppene på 5. trinn oss saman til ei stor gruppe. Det gjorde at me blei sju stk. Me skulle har tre stasjonar, så me fordelte oss to og to (og tre på ein stasjon). Elevane blei delt inn i tre grupper som praksislærarane hadde laga og gjekk frå stasjon til stasjon etter ei viss tid var gått. Noko me var veldig spent på om kom til å passe. Då me planla fann me ut at me måtte flytte og korte ned nokre av pausane for å få det til å passe. Me var usikre på korleis det kom til å bli motteken, men det gjekk bra.

Sidan me studentar var fordelte på stasjonar me hadde ansvar for, fekk me ikkje sjå korleis det fungerte på dei andre stasjonane, noko som var litt synd. Eg var saman med Kari og Mona, og me tok føre oss tekstbehandling i Microsoft Office. Elevane sat med kva sin pc. Først demonstrerte me korleis ein skulle gjere ting på Smartboarden, og så fekk dei jobbe sjølvstendig med oppgåver. For dei som vart tidleg ferdig hadde me og ekstraoppgåve slik at dei skulle alle vera sysselsette. Det var heldigvis ingen tekniske problem og elevane var interesserte og engasjerte, noko som gjorde vår jobbe mykje enklare og kjekkare.

På slutten av dagen gjekk klassane til sine klasserom og då tok me ei lita oppsummering der elevane kunne få ytre seg om kva dei hadde lært, kva dei syns var kjekt og ikkje kjekt. Det var absolutt flest positive tilbakemeldingar og det verka som dei meinte dette var både nyttig og kjekt, og det var jo det me vona. Me fekk og bekrefte at dei hadde lært noko nytt.

Alt i alt var dagen vellukka, og absolutt verdt arbeidet me hadde lagt i det.

Dersom me ikkje hadde vore så mange som me var, hadde det nok blitt ein del annleis. Hadde ein vore to lærarar, noko dei var vanlegvis i vår klasse, kunne ein hatt halv klasse med eit opplegg i klasserommet og andre halvdelen eit anna opplegg (t.d i mediateket). Sidan me hadde fleire stasjonar, hadde det sjølvsagt krevd meir tid, og kanskje vore litt vanskeligare med tanke på nok pc-ar til alle, i så fall kunne dei kanskje vore to og to på kvar pc. Det veit me dei hadde gjort tidlegare når dei har hatt slik undervisning. I ein heil klasse med berre ein lærar er det nok mykje vanskelegare å få til. Det blir fort mykje bråk og mas dersom 28 elevar skal få beskjedar og hjelp samstundes. Det er vanskeleg å rekke over og hjelpe alle elevane og det går utover utbyttet elevane har av opplegget. Kanskje går det an dersom ein har fått klassen heilt med på det, og har reglane klare for toleranse av bråk, slik at dei passar på at kvarandre følgjer med, og hjelper sidemannen. Dersom alle samarbeidar som eit team, skal det ikkje vera umogeleg. Risikoen er at ein elev kan finne på å tulle, og dermed øydeleggja for alle andre og skape dårleg stemning.

(revidert: 28.04.08)

Planlegging av punktpraksis (14. jan.)

I dag byrja me å planleggja punktpraksisen, som er ein dag ute på Langeland der me skal ha eit opplegg som går på IKT-bruk. Mi gruppe i praksis hadde avtalt med gruppa i parallellklassen på 5. trinn at me skulle jobbe saman, slik at begge klassane fekk same opplegget. Det vart ei stor gruppe, men eg trur det skal bli løyst slik at me får mest mogleg ut av det.

Før me kunne setje skikkeleg i gong var det eit par ting me trengte å vite. Me visste ikkje kor mykje IKT-bruk dei hadde hatt, eller kva innanfor IKT dei hadde hatt evt. kva dei trengte. Ein anna ting var sjølvsagt korleis ting kunne løysast praktisk, til dømes om det var pc-ar til alle elevane og om det var mogleik å vise ting på storskjem. Dette kan me spørje om når me skal møte praksislærane seinare i veka, men før det må me ha eit forslag som er mogleg å justera etter respons frå dei.

Foreløpig ser det ut som me deler oss i stasjonar, med to-tre studentar på kvar stasjon. Opplegget på dei tre stasjonane treng ikkje å ha direkte med kvarandre å gjera, men skal ha ein slags raud tråd som bind dei saman. Nettvett er eit av orda som tidleg blei foreslått som tema. Det sit nok i bakhovudet etter økta forrige gong. He he. Eg trur at dette kan bli eit bra opplegg som også er nyttig for elevane.

Observasjon før punktpraksis

Denne dagen skulle me vera med ute på praksisskulen og sjå korleis dei brukte IKT i kvardagen, slik at me kunne få nokre tips før me skulle gjere det. Eg stilte opp med eit opent, men forvirra sinn. Kva skulle me denne dagen? Læra om korleis dei brukar IKT?

Første timen sat alle elevane på kvar sin pc, og skulle lage seg teikneseriar i programmet Cartoonist. Læraren viste dei døme på Smartboarden som var kobla til pc-en. Han spurde dei om korleis dei kunne gjere ulike ting innpå programmet og elevane svarte ivrig. Det var tydeleg at dette hadde dei fått med seg sjølv om dei ikkje hadde halde på med det mange økter før. Når han hadde fått oppsummert, fekk elevane arbeide på eiga hand. Mot slutten av timen fekk nokre av elevane visa fram kva dei hadde gjort på Smartboarden.

Dette var heilt nytt for meg, så eg meinte det var spennande. På ei anna side skjøna eg ikkje heilt den faglege relevansen, men eg antar at det er den digitale dugleiken som er i sentrum her og ikkje noko anna fag. Etter denne økta sat me framleis inne i timane deira, sjølv om det dei gjorde ikkje hadde noko med IKT å gjere. Og det er her forvirringa kom inn, for eg fekk inntrykk av at me skulle få ein demostrasjon av korleis ein kan bruke IKT i ulike samanhengar, og dette var jo berre EIN måte.

Etter elevane fekk gå for dagen, sat me på lærarrommet og venta på fellesmøte kl.14.00. Der fekk me utdelt Langeland sin IKT-plan, og fekk ein gjennomgang av den. Denne vil sjølvsagt vera nyttig når me skal planleggje sjølv, men resten av dagen føler eg ikkje hjalp så mykje. Eg trudde me kom til å få fleire tips om bruken av IKT og sjå korleis det fungerer, men slik var det altså ikkje. Difor vil IKT-planen deira, supplert med Kunnskapsløftet vera vårt utgangspunkt når me skal laga opplegg for elevane.