fredag 18. januar 2008

turdag med oppsummering av praksis


Me møtte opp ved skulen og organiserte køyring til Landåsen. Der gjekk me (til å byrje med) i flokk runden rundt vatnet og samlast att hos Birgit. Været var kjølig med tendensar til snø. Hos Birgit var det varmt og godt, me fekk sett oss ned med bord og snakka saman. Kaffi vart servert og nokre spiste nista si. Etter ein del koseprat skulle me diskutere praksis.

Det første alle kommenterte var den dårlege kommunikasjonen mellom Langeland og HSH, både når det gjaldt omfang, praksismappe og krav. Dette vart ting som eigentleg var fastsett ved eit felles møte mellom skulane, noko som var rart, sidan ingen tolka det likt. Bortsett frå det verka det som alle hadde kost seg ute blant borna og lært mykje. Me hadde alle lagt merke til ulike ting ved skulane og hatt ulike opplevingar i undervisningssamenheng. Det var kjekt å få høyre om andre sine erfaringar, slik at ein kunne ha dei i bakhovudet til seinare.

Kva mine eigne erfaringar var står det ein del om i førre innlegg. Bortsett frå det vil eg seie at det var godt å sjå elevane att og få ei oppfrisking på namna og personlegdomane. I tillegg var det svært spennande å få prøve seg sjølv som ein leiar for klassen. Eg fekk oppleve kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Som det blir sagt: øving gjer meister!

2 kommentarer:

Grethe Myhre sa...

Kommunikasjon er ikkje enkelt,nei. Me får tenkje at me må lære noko av den erfaringa og. Heile denne "turdagen" skulle jo og vera ein læredag for oss. Kva synst du om å ta ein slik turdag i eit ellers travelt skuleår. Er det noko du sjølv vil nytta deg av når du blir lærar?

Ida H. sa...

Eg syns å ta ein slik turdag var veldig bra. Det er deilig med litt avkopling og variasjon frå eit tett og innestengt klasserom. I tillegg går det veldig fint å diskutere mens me går og er ute, noko eg gjorde med dei eg gjekk med. Slik at tankar var allereie lufta litt før oppsummeringa. Og ja, eg vil sjøl bruke det som lærar. Av og til trengs det verkeleg.