fredag 18. januar 2008

kva lærte eg av praksis?


  • konkretiseringsmiddel og å setje fagstoff i praktiske situasjonar elevane kjenner til, er viktig for god læring.
  • Korleis ting ser ut rundt elevane er viktig for god læring. At det er system og alle veit kvar alt er og skal vere, gir dei tryggleikskjensle.
  • Ting som er organisert av ein lærar går veldig enkelt, men dersom dei sjølv får ansvaret blir det vanskeleg. Det verkar som dei treng nokon til å leie dei i det som skal skje heile tida. Ein sang i starten på timen er eit triks for å skape konsentrasjon og ro i klasserommet.
  • å vere ein lærar i ein stor klasse er eit stort ansvar. Alle elevane har rett på hjelp til oppgåveløysing og å bli sett. Det kan vere vanskeleg for ein lærar å dekke alle elevane til ei kvar tid, når klassen er på 28 elevar.
  • Det blir lett uro og er tidskrevande når bøker skal hentast eller ved skifte frå eit fag til eit anna utan friminutt mellom.
  • Å venne elevane til ei signal for kortid det skal bli stille i klasserommet er er eit triks for effektivisering av timane. Det kan til dømes vere å telje frå ein til tre høgt, setje på musikk eller slå på eit triangel.
  • Elevane er svært kontaktsøkjande og vil bli kjend med studentar. Det kan vere farleg å vere for mykje ”kompis” og for lite autoritær. Det kan gjer at dei ikkje respekterer deg som lærar i undervisningssamanhengar. Ein skal kjenne elevane, men likevel ikkje vere ”kompis”.
  • Å vite kvar grensene mellom lærar og kompis går er svært vanskeleg, og kan vere tøft å rette opp att dersom du ikkje får det til.
  • Konkurranse er god motivasjonsfaktor.
  • Teamarbeid mellom lærarane på trinna er god støtte og gir eit godt utbytte.
  • Korleis du kler og ter deg sender ut signal til elevane og spelar ei stor rolle for korleis dei oppfattar deg.
  • Planlegg alltid øktene dine godt, og ha helst noko ekstra på lur til dei som vert kjapt ferdig med sjølvstending arbeid.
  • Få respons frå gruppa di etter øktene og samarbeid vidare om planen i dei ulike faga.
I forhold til å sjå alle elevane når ein er i praksis, vil ikkje dette vera umogeleg. Ein har tid til å sitte med elevane og kome nærmare dei, medan ein av dei andre studentane har ansvar for undervisninga. Dersom det skal inn i eigne timar med ansvar, kan til dømes helse på dei i døra når dei kjem om morgonen (slik som Birgit gjorde med oss) eventuelt når ein , eller ein god-morgen-sang dei har i klassen. Alle syng "good morning,(t.d)ida, how are you, how are you, how are you" så svarar den som blei sungen om "i'm fine, and how are you?" og peikar på ein ny elev. Då byrjar verset på nytt berre med den eleven som vart peika på sitt navn, og slik held den fram til alle elevane har fått svart.

Eg skreiv ovanfor at konkurranse er ein god motivasjonsfaktor, men det gjeld ikkje i alle tilfeller. Ein må bruke det til rett tid og på rett måte, helst i noko flest er likestilte i. Noko som ikkje gjer nokon til "taparar". Det er viktig at ingen føler seg mislukka i det som skjer i klassen, eller dårlegare enn alle andre. Det kan funke i forhold til samarbeidsoppgåver, for å engasjere dei i samarbeidet, men kan få uheldig effekt dersom å vinne blir det viktigaste for elevane.

(revidert 23.04.08)

1 kommentar:

Grethe Myhre sa...

Ikkje lite du lært i praksis, Ida! Håpar du repeterer dette for deg sjølv no når me skal ut i praksis igjen. Og så er det ikkje alltid at ein greier gjennomføre ting rett i praksis, sjølv om ein i teorien veit korleis det bør vera. Då er det lurt å prøve å sjå seg sjølv litt utanfrå, i undervisningssituasjonen. (Eg har jo ikkje sett deg i "aksjon" så dette er berre eit råd både til meg sjølv, deg og andre.) Lurte og litt på om du har tenkt noko på korleis ein skal greie "sjå" alle elevane i ein klasse på 28. Du nemner at det kan vera vanskeleg.Du nemner og at konkuranse er ein god motivasjonsfaktor. Vil det alltid vera det? Og er det det for alle elevar? No har me jo hatt ein dag med motivasjonsteori etter du skreiv dette så kanskje du har fleire tankar om motivasjon...