torsdag 8. november 2007

Undervisningsplanlegging

Denne måndagen gjekk Åshild gjennom korleis ein skal planlegge undervisning, noko som var ganske greit sidan me arbeidar med oppgåva i ped. + matematikk. Det var litt kjekt å faktisk forstå korleis me skal fylle ut eit diamantskjema i forhold til det me har planlagt for økta. Det skjemaet me fekk utdelt av ho, var noko meir komplisert enn det me allreie hadde fått hos Langeland, så å fylle ut Langeland sitt i forhold til matematikkøkta vart enkelt.

I forelesinga kom forklaringar av ordet "didaktikk" fram, noko eg kanskje følte eg hadde høyrd før. Var mange ord som teser, læringsmål, rammefaktorar og relasjonsmodell som ikkje sett seg heilt med ein gong, men som ein skjønnar at likevel er viktig for god planlegging. Å prøve å planlegge sjølv som ei praktisk øving funkar betre for meg, og det fekk me jobbe litt med sjølvstendig og.

Midt i denne planlegginga hadde me ei bibliotekøkt der me fekk vist sider å søke på for å finne tekstar eller bøker som er relevant for tema i skulen. Denne var svært nyttig, eg hadde nok ikkje kome på å bruke deira side elles. Som dei fleste andre brukar eg Google når eg først er brukar internett som kjelde, men ein må sjølvsagt ta det ein finn med ei klype salt. Det kan vere kven som helst som har lagt ut "fagstoffet".

Snart er det praksis, og etter møte med øvingslærar ser eg lyst på det. Einaste er sjølvsagt den store innleveringa som kjem til å henge tungt over skuldrene mine, og praksismappa. Det vert ganske mykje ein må tenkje på medan ein skal sjølv planlegge undervisning og vere førebudd til ei kvar tid. Vonar det går bra likevel, men kjem nok til å kjenne stresset presse på mot slutten av praksisperioden.

Når det gjeld planlegging er det mange grunnar til at det er viktig, mest med tanke på utbyttet eleven skal få av undervisninga. Det er viktig å kome godt førebudd til timen og ha ein plan, gjerne og ein plan B (evt. kriseplan) dersom noko skjer slik at ein ikkje kan halde seg til den opprinnelege planen. Om ein ikkje har det, vert ein ståande heilt tom, og borna vert forvirra og urolege. Det er og viktig at det er ein samanheng mellom fagstoff, elevane sine føresetnader, deg som lærar sine føresetnader. Det du tenkte på førehand og det som skjer i timen skal samsvare mest mogleg. Det skal igjen føre til at det vert ein samanheng mellom det du tenkte elevane skulle få ut av opplegget, og det dei fekk ut av det. Slikt kan ein teste i ettertid og vurdere, for å vete om det verkeleg blei slik som det var tenkt. (jmf. den didaktiske relasjonsmodellen).

(revidert: 28.04.08)

3 kommentarer:

Gunnar sa...

Hei.

Det er sant som du seier at planleggins- skjema me fekk fra Langeland er forskjellige fra det som høgskulen har.Det me får fra Langeland sånn i første omgang er noko enklare å bruka. Men sånn som eg fortår det vil det bli utvida etter at me har fått litt erfaring i å bruke det. Er særlig kvifor delen som kjem i tilegg. Det er her ein må begynne å klø seg i hovudet og verkeleg tenkje i gjennom planlegginga.

Bra at du gler deg til praksis. Trur det blir kjekt og lærerikt for oss.

Aashild Dalen Veivåg sa...

Kanskje du etterkvart kan finna fram til eit skjema som fungerer godt for deg? Det viktige i første omgang er at du ser kor viktig det er at lærarar strukturerer undervisninga si - og at det er nyttig med eit verktøy til hjelp.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

No må eg koma med eit "spark bak" Ida. Det har skjedd mykje sidan du skreiv innlegg sist!

Birgit :-)