I øktene på mandag hadde me om observasjon, noko som er sentralt sidan det er det me skal drive med i praksisveka. Det er mange måtar å observere, og ikkje alt ein ser er like viktig å ta med. Det eg tenkjer eg viktig er først og fremst å bli kjend med elevane, i allefall lage oss eit bilete av dei. Sjå på korleis dei jobbar og følgjer med i timen, korleis kommunikasjonen med lærar er osv.
Det som er viktig - og vanskeleg - er å vite kva ein skal sjå etter og ikkje sjå etter. For å kunne vise empati, må ein forstå elevane, det kan sjølvsagt bli utfordrane sidan alle er ulike. Eg trur at ein ser etterkvart kva som er viktig, og at samtale med dei andre i praksisgruppa undervegs kan vere til stor hjelp, både for ein sjølv og dei andre. Me får berre notere undervegs og så samanlikne og fjerne unødvendig observasjon før me skriv i Loggbok. Samarbeid med praksislærar, elevar og medstudentar ser eg på som nøkkelen til best mogleg forståing.
Ein minuttobservasjon kan lett bli kaotisk, så dersom ein skal bruke det er det viktig å holde hovudet kaldt. Eg ser for meg at det vil gjere at elevane kanskje føle er at me er utilgjengelege, slik at dei ikkje tør å spør om hjelp dersom dei lurer på noko. Det kan sikkert vere lurt å variere kor hyppig noteringen foregår, slik at ein kan delta og. Våre peikepinnar er:
1. korleis er born?
2. korleis er skulen?
Med dette i bakhovudet kastar me oss ut i oppgåva og tenkjer: ein kan ikkje lære noko dersom ein ikkje prøver.
____________________________________________________________
Observasjon i praksis - erfaringar (revidert 28.04.08)
Det vart ingen vellukka minuttsobservasjonar, det blei litt for stressande å få til. Eg prøvde nokre gonger, men blei alltid avbrutt av noko anna. Til å byrje med var det ikkje vanskeleg i den forstand at eg ikkje vart forstyrra, sidan elevane ikkje snakka så mykje til oss då. Dei var litt sjenerte, men samstundes viste det at dei og var nyfikne på oss. Dei kikka og såg ein del, men sa ikkje noko. Det enda hovudsakleg med at eg skreiv ned større ting som skjedde i loggen. Likevel ganske detaljert, men ikkje så detaljert som minuttsobservasjon.
Då eg skreiv tenkte eg ikkje så mykje over kva eg skreiv, berre at eg såg noko eg meinte var viktig der og då. Etter dagen var over sat eg meg og leste gjennom att, og det var eigentleg ganske mykje som stod, sjølv alt kanskje er like relevant. For min del ville eg heller notere litt for mykje enn litt for lite, siden me skulle levere ein oppsummert logg etterpå. Eg la og merke til nokre gonger eg såg ting som læraren ikkje fekk med seg, fordi ho stod med ryggen til. Dette trur eg skjer ganske ofte i dagens skule. Og at det på denne måten lett kan oppstå misforståingar og diskusjonar, som av og til kan resultere i at feil person får skulda for ting.
Med tanke på slike ting er det viktig å ta seg tid til å sjå og høyre. Ein skal og sjå den einskilde elev i skulekvardagen, ein slik logg og observasjon kan hjelpe til å halde oversikt. Ein kartleggje om det er teikn til mobbing eller liknande problem i klassen, kanskje og kven som er leiar, korleis grupperingane er osv. Dette er forhold som er bra for ein lærar å vete om, i tilfelle det ein elev treng hjelp og støtte.
Onsdagen samlast me studentar att på HSH, då fekk me dele med kvarandre kva erfaringar og observasjonar me hadde gjort. Det var litt skilnad på kva me hadde i fokus, så her var det ting å ta med seg.
tirsdag 11. september 2007
torsdag 6. september 2007
læraren sitt mandat og netthjelp
Tirsdag hadde me fire økter med pedagogikk. I dei første snakka me om læraren sine oppgåver, både i forhold til elevar, foreldre, kollegaer osv. Ein kan kort sei at å vera lærar ikkje berre er ein jobb du kjem til om morgonen og går frå utpå dagen, utan å tenkje på den. Ein lærar med omsorg til sine elevar, vil nok ta med seg jobben heim og tenkje på elevane. Ein lærar idag skal vere så mykje og likevel tåle kritikk dersom han/ho ikkje dekkjer alle områda. Lærar er av dei eldste, og etter mi meining av dei mest viktige yrka som eksisterer. Det er lærarane i saman med foreldra som skal forme neste generasjon, og begge er ute etter best mogleg resultat. Dette krev kommunikasjon dersom det skal fungere. Formel: lærar + foreldre = elev. ;)
Eg må sei at då me såg den filmsnutten om problemløysing, klarte eg ikkje helda latteren inne lengre. Eg er glad ikkje alt blir løyst med ein slik modell. På ei anna side må eg sei at eg likte svært godt diktet av D.L. Nolte (omsett av Andrè Bjerke), det var eit grunnlag å ta med seg i bakhovudet når ein skal arbeide med born.
Mot slutten av dagen viste Birgit oss korleis me kunne bruke nettet for å oppnå best mogleg resultat. Eg vart fascinert over Google Earth, og har lasta det ned idag og leika litt innpå. Det var morosamt å kikke på heimstaden, kan bruke denne når eg lengtar heim no. Eg noterte ned alle dei kjekke nettsidene som vart nemnt i løpet av timen, for dei verka enkle i forhold til dei eg har brukt tidlegare. No har eg verkeleg trua på betre resultat, synd ingen viste oss desse sidene på ungdomsskulen. No tenkjer eg ikkje på desse sidene med spel og oppgåver for småskulen og mellomtrinnet, dei kan vere kjekke når me skal i praksis eller når me er ferdig her.
Eg må sei at då me såg den filmsnutten om problemløysing, klarte eg ikkje helda latteren inne lengre. Eg er glad ikkje alt blir løyst med ein slik modell. På ei anna side må eg sei at eg likte svært godt diktet av D.L. Nolte (omsett av Andrè Bjerke), det var eit grunnlag å ta med seg i bakhovudet når ein skal arbeide med born.

Abonner på:
Innlegg (Atom)