torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Ein ny lærar, sa rektor. Det var det einaste eg fekk med med då rektor kom inn i timen til oss ein dag i 9`ande klasse. Alle var spente, for me var ein ganske berykta klasse på skulen. Svært mange blei overkjørt av enkeltelevar og fekk difor ikkje respekt. Så var dagen komen, døra opna seg.

Ho hadde brunt, stritt hår ned til skuldrene. Klesstilen var moderne med friske fargar, svært gjennomført. Ho smilte, og alle dei strålande kvite tennene viste. Klassen blei heilt stille. Astrid heite ho, og etter ei stund gjekk det opp for meg kven foreldra var. Sidan Austevoll er ein så liten stad, kjenner dei fleste til alle, noko som gjer at ein får eit slags forhold til folk før ein kjenner dei. Ho var ung og sprudlande, og det trong ho, for ho hadde teke på seg litt av ein klasse. Ho var eit multitalent, tillegg til alle faga ho hadde kunne ho synge, spele piano og kornett.

Dagane gjekk, og etterkvart som me vart kjend med ho, likte me ho betre og betre. Ho lærde kjapt namna til elevane og fekk vite kven foreldra var. Me hadde ho i norsk, engelsk og musikk (som var det kjekkaste faget eg visste). Ho hadde ein unik måte til å få oss til å følgje med når ho snakka, ho var svært engasjert, men samstundes streng på korleis ting skulle gjerast. Ho sa alltid ifrå om reglar på førehand, slik at ingen misforståingar skulle oppstå. Ho var alltid førebudd, og virka alltid som ho verkeleg trudde på det ho sa. Ho var og flink til å gi ros når elevane hadde gjort noko bra og oppfordra oss til å gi kvarandre også.

Me forelska oss heilt i ho. Dessverre gjekk det ikkje eit heilt år eingong, før magen hennar byrja å vekse og me skjøna at det var ikkje lenge til ho forlot oss. Alle var heilt knust, og eg syns synd på ho som måtte overta, for lista var lagt vanvittig høgt. Eg skal love deg ho fekk gjennomgå og blei samanlikna på alle felt, men klarte ikkje leve opp.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Nei, det er ikkje lett å "hoppa etter Virkula" for å seia det slik. Å ha mange strengar å spela på slik som læraren din hadde, både med musikk og sang, er ikkje noko bakdel. Stort engasjement, og tru på seg sjølv kombinert med klare køyrereglar, er og noko du kan ta lærdom av og tenkja på når du sjølv ein dag står framfor ein "berykta klasse" som din eigen...

Birgit :-)