fredag 26. oktober 2007

framsyning av læringsteoriar

Økta starta med ei avslappande øving med Birgit og var ein flott start på dagen. Vart litt trøtt også, men det gav seg då me kom igong. Framsyning etter framsyning. Av tidlegare erfaring plar slike økter å vera svært trøytsame og lange, men ikkje denne gongen. Eg vart veldig positivt overraska. Sjølv om alle hadde lest same stoffet, var det ingen framsyningar som var like. Fokusen var ulik, utdjupingsnivå ulikt, og metodane for å få fram stoffet variert. Me fekk sjå dramatisering, foredrag, "tv-show", film, power point, overhead og tavleundervisning. Alle variantar. Måten dei ulike hjelpemidla vart brukt var og svært ulikt, nokon hadde det som bakgrunn medan andre brukte det meir aktivt.

Eg syns det var svært spennande å sjå kva dei andre gruppene hadde lagt vekk på og korleis dei fekk det fram. Det var lærerikt og underhaldande samstundes. Eg visste på førehand at mange hadde planar om kreativ framsyning, noko som gjorde meg meir nervøs for vår eiga framsyning som ikkje var like "spennande"som til dømes film, men det gjekk fint. Eg tenkte at dersom alle hadde laga film, hadde det ikkje vore like spennande. Kvifor då ikkje vanleg foredrag? Då eg såg dei andre gruppene fekk eg og idear og inspirasjon til framtidige prosjekt. Det var mange måtar å få fram eit bodskap på, og me kan alle lære av kvarandre. Det tvilar eg ikkje på.

Det vert bra med oppsummering av framsyningane neste måndag, sidan det vart så mange inntrykk på ein gong der og då. Kanskje var det ikkje alt ein fekk med seg eller ikkje forstod, som ein gjerne vil vite. Eller kanskje ulikt syn ein vil diskutere litt?

oppgåve om læringsteoriar

Me fekk ein liten presentasjon om ulike læringsteoriar før me fekk utdelt oppgåver til tema. Førsteinntrykket var at oppgåva var svært open, og det trur eg ikkje eg var aleine om å synast. Me satt oss saman i praksisgruppene for å legge hovuda saman for å finne ut kva oppgåva eigentleg gjekk ut på. Me fann ut at me i første omgong kunne lese og finne stoff om dei ulike teoretikarane og deretter teoriane deira. Sidan det og skulle kome fram i oppgåva kva me synast er gode læringsmetodar. Dette hadde me nettopp hatt ei oppgåve på, og det sat i bakhovudet då me sette igong. Teorietikarane og teoriane blei fordelt jamnt mellom oss i gruppa, for å så samlast seinare for oppsummering. Me merka fort at det var stor skilnad på nokre av retningane, men og at nokre var nære det me lærer i ped. Me valte å ta to ulike retningar og setje dei opp mot kvarandre og samanlikne.

tirsdag 2. oktober 2007

Korleis leia basisgruppa


Denne måndagen starta me med å gjennomgå dei ulike arbeidsmetodane me hadde fått i oppgåve å finne ut noko om. Sjølv om det var mange ulike framsyningar, verka fleire av dei ikkje så ulike kvarandre. Dei fleste metodane krev at læraren gjer førebuande arbeid, men nokre mykje meir enn andre. Til dømes Storyline, som eg hang meg opp i. Det verka som ein svært spennande oppleving for elevane, eg har sjølv ikkje hatt ein lærar med slik kreativitet, men har veldig lyst å bli ein.

Etterpå gjekk me meir innpå andre ting ved lærarrolla. Det er tydeleg at det er eit svært omfattande yrke, med mange ting å ta hensyn til. Det eg syns er mest utruleg (og skremmande) er kor stor viktig alt lærarar uttrykker seg om er for elevane. Kor store rollemodellar dei faktisk er for elevane og kor mange som meiner noko om korleis dette bør vera. Ein ser diskusjon etter diskusjon og alle har ei meining, og dei som seier noko er sjeldan positive. Eg trur ikkje mange veit kor mykje det og vere lærar inneber, dei ser berre alle feriane og kjem då fram til at det er eit enkelt yrke.

Ein skal ikkje vere for snill, men heller ikkje for streng. Ikkje for mykje fagleg stoff, men heller ikkje for mykje "kos". Stimuler, men og krev. Ha struktur, men gi og fridom. Slike kriteriar gjer det ikkje enkelt å vete korleis ein skal vere, men ein middelveg er vel noko å strekka seg etter. Eit nøkkelord når det gjeld undervisning er variasjon. Ungar syns fort det vert "keisamt" og vert urolege, grunnar til dette kan vere mange. Ungar har tilgong på mykje teknologi som dei driv med heile dagen, og sit sjeldan i ro utan å gjere noko. Eg trur det er lurt å finne tidleg ut korti på dagen det lett blir uro, til dømes ved fagskifte, og så finne ein struktur på korleis desse skal gjennomførast, slik at elevane veit kva dei skal gjere og korleis for å skape flyt i klasserommet. Ein metode eg såg var teljing, då visste alle elevane kor langt læraren kom til å telje og at dei måtte vera klar i løpet av den tida. Det viste seg å vere svært effektivt, sjølv om det kanskje blei litt meir bråk og stress før roen kom. Ein anna variasjon var å organisere kven som gjekk i hyllene til ei kvar tid, og ved for mykje støy, slo læraren på eit triangel og då visste dei at dei måtte vere stille. Begge desse metodane fekk elevane til å minne kvarandre å vere stille slik at det gjekk fortast mogleg.

Det er tydeleg at dette er eit krevande, men givande og spennande yrke. Om ein passar til det er vanskeleg å seie før ein har prøvd, men nokre berre veit at det er dette dei skal. Eg har trua på at dette blir ei erfaring å ta med seg uansett kva ein finn ut, men vonar sjølvsagt det beste.

revidert 17 okt. 07