Ja, så har me kome litt meir i gong med pedagogikkfaget. Har skjønt at ”aktivitet” er eit viktig stikkord å ta med seg i alle faga her. Eg syns det var svært kjekt å treffe ein lærar frå same staden som eg sjølv er frå, Aashild.D.Veivåg. Alltid kjekt med dialektvariasjon blant lærarane.
Faget pedagogikk er nytt for meg og verkar spennande, eg ser fram til dette, særskild psykologidelen. Av den grunn at eg sjølv meiner det er svært viktig å kunne forstå elevane når ein skal leggja opp undervisninga. Faget er nok difor ganske omfattande og krev at ein er førebudd på mykje arbeid, men med så mange kjekke folk i klassen ein kan samarbeide med, skulle ikkje det vere eit så stort problem.
Ps.Hadde ein plan om å leggje inn bilete på profilen min på bloggen, men fekk det ikkje til. Nokon som kan hjelpe? Det hadde vore fint.
1 kommentar:
Hei, Ida...
Du har skjønt heilt rett når du seier at "aktivitet" er eit viktig stikkord for allmennlærarstudia på HSH. Kjekt å lesa at du tykkjer faget verkar spanande, og at du likar deg i klassen. Når det gjeld bilete, så kan eg hjelpa deg i morgon etter undervisninga saman med andre som kjenner behov for det same...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar