mandag 20. august 2007

Presentasjon av Ida


Hei! Eg heiter Ida Haldorsen, er 19 år og kjem frå Austevoll. Eg har nettopp byrja på allmennlærar v/HSH, etter tre år på musikklinja ved Stord vgs.

Eg har alltid hatt stor interesse for musikk og kan spele trombone, althorn og piano. I framtida vil eg lære meg fleire dersom eg får sjansen, for slikt kan alltid brukast seinare. Eg har ei syster, ein bror og ein katt som heiter Elvis. Eg har helgejobb på Esso i Leirvik sentrum og har jobba der sidan november i fjor.

Eg har lenge visst at det var lærar eg skulle bli. Har sjølvsagt vurdert mange andre yrker, men fell alltid tilbake på lærar. Eg ser fram til desse åra på skulen her, har tru på at det blir utfordrande men kjekt.

8 kommentarer:

Kari sa...

Hei Ida! Skulle hilse frå Håvard.. Eg har kjøpt meg to-radar i håp om å lære å spela, men det går putle. Sei frå om du kjenner nokon som kan gi privatundervisning!

Hanne Mari sa...

Hei :)

No då? Eg har oppdatert! Å, var det mykje du ikkje visste?

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Ida...
Eit liv utan musikk ville vore eit fattig liv i mine auger. Vonar du vil finna deg godt tilrette med allmennlærarstudiet, og har ei lita utfordring til deg i lærarbloggen. Lukke til med studia.

Birgit :-)

heidi sa...

Så bra at du stadig fell tilbake på lærer yrke,dette skal bli gøy.
Lykke til med studia!
Heidi

Ane sa...

Halloen Ida!
Flott blogg du har. Dette kan bli nokre morosame år. Me skal nok kosa oss. Klassen virka heilt topp. Og det er viktig, for den som ikkje trivest, kan ikkje læra!

kenneth sa...

heisan.
Det er så kjekt at det er noen musikere i klassen, så neste gang synes jeg at du skal ta med deg et av instrumentene så du kan spille for oss, det hadde vært kjekt.
Kjekt å komme i praksis gruppe med deg og thomas:-D

Tone Helen sa...

Heisann!
Det var kjekt å komma i klasse med deg. Gler meg til å bli betre kjent med deg!

Bertin sa...

Hei Ida.
Musikkfolk er gode folk veit du. Var det musikklinja som trakk ei Austevolljente til Stord kanskje?? Essoen kan fort bli ein fast stoppestad mellom Leirvik og Rommetveit i år så kan hende me snakkast der.