torsdag 23. august 2007

Kvifor lærar og kvifor HSH?

Eg har alltid vore interessert i fag og det å lære meg nye ting. Eg har og sett i mi eiga tid på skulen kor viktig det er å ha gode lærarar for å bli ein flink elev. Eg har møtt både gode og dårlege lærarar opp gjennom årene, noko som har inspirert meg på kvar sin måte. Heile ungdomstrinnet pirka eg på skrivefeil hos medelevar, noko kanskje dei syns var dårlig gjort, men som berre var meint godt.

Den aller største inspirasjonen, som gjorde at eg visste at dette var yrket for meg, var ei ung lærarinne me fekk i 9`ande klasse. Ho var ung og smilande, noko som gjorde til at me såg fram til timane med ho. Me fekk verkeleg inntrykk av at ho brydde seg om oss og hadde tid til oss, samstundes som ho lærte oss noko. Etter eit par veker med ho tenkte eg: ”så gode lærarar er ikkje kvardagskost, sånn vil eg bli”.

Ein anna ting er at eg likar så godt å drive med musikk, og sidan eg ikkje kan leve av å vera utøvar, vil eg gjerne lære andre det eg kan. Med andre ord er det mest musikken som driv meg, men allmennfaga er òg interessante og alltid kjekk og ha. Eg unnar elevar ein god lærar, og det trur eg at eg kan bli.

Kvifor HSH? Vel, sidan eg allereie hadde vore her i tre år på øya og trivs så godt her, kvifor ikkje 4 år til? Vegen heim er kort, eg har slekt her og staden er akkurat passe stor. Og etter møte med klassen er eg enda sikrare på at dette blir ein kjekk erfaring. ;)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, gode lærarar vil vi ha fleirtal av i norsk skule, og eg vonar at de vil bidra til det når de om nokre år er ferdig utdanna. Så kjekt å lesa at du vart inspirert i val av yrke nettopp av ein flink lærar. Eg reknar med det blir fordjuping i musikk på deg tredje eller fjerde året då, gjerna?
Kjekt at du finn deg godt til rette både på Stordøya og i klassen.

Birgit :-)

Rebekka sa...

Da har jo du ett mål med lærere yrket da :D Å være like inspirerende som hu du hadde i 9ende :) Har hatt noen av de lærerene selv, og må si at de også har litt skyld i at jeg er her i dag :P Ser fram til resten av året her sammen med deg og resten av klassen.