Denne veka har me hatt om kommunikasjon og kva det inneber. Det som hang seg mest fast er statistikken på kor mykje kroppsspråket vårt eigentleg fortel. Dersom ein syns ein fag er svært keisamt, kan det også syne gjennom til elevane. Det som er å viktig er å lære seg å bruke kroppen til sin fordel, slik at elevane følger meir med og syns ting eg interessant, og ikkje blir forvirra av alt dei ser. I denne samanhengen såg me ein episode av serien ”kroppen”, der me fekk demonstrert korleis folk tolka ulike signal me sender ut med kroppen vår i ulike samanhengar og det var svært interessant (og morosamt). For det er ikkje alle ting ein tenker over at ein gjer, som andre kan legge merke til.
Ein anna ting som blei teken opp er samarbeid. Det er mangen ein må samarbeide me i ein skulesituasjon, til dømes foreldre, andre lærarar, rektor, helsesyster og elevar, og utføringa av dette samarbeidet og kommunikasjonen i mellom partane kan ikkje gjerast likt med alle dei ulike. Altså, måten me kommuniserer i samarbeid på, er ulik etter kven mottakaren er. Det er viktig å vere ”på bølgjelengde”.
Grunnen til at me lærer om dette er nok at tida har vist at det lett kan oppstå misforståingar. Det kan vere ein uttaling om noko som vart tolka negativt av mottakar, slik at vedkommande blei fornærma, og då blir det eit irritasjonmoment frå eine sida, som andre parten ikkje forstår. Difor er også tilbakemelding viktig. Mogleiken til å kunne spør: kva meinte du meg det? og få ei forklaring. Det kan og vere ein måte å sei sitt eige synspunkt dersom ein ikkje er enig og diskutere det mellom seg.
Me hadde og mimeleik der me skulle vise klassen eit yrke e.l ved hjelp av kroppsspråk, noko liknande spelet "taushet er gull". Dette er eit spel eg har drive med heime i mange år og syns det er kjempekjekt, særskild når ein blir forstått. Klassen gjetta kjapt kva me var for noko og det tek eit som eit godt teikn. Slike leikar passar for kven som helst, uansett alder. Det som er viktig er å ikkje vere redd for korleis ein ser ut, så lenge folk skjønnar kva du vil fram til.
Kort oppsummert tyder dette at: kommunisèr, gi tilbakemelding og samarbeid for at alt skal fungere og blir forstått slik det var meint. Eit par ting som kan vere lurt å tenkje på er:
"Å vera sint ……
det er lett.
Men å vera sint til rett tid,….
I rett grad,…….
på rett person …….
på rett måte og
av rett grunnn….
…….det er ikkje lett."
(Aristoteles)
Ӂ komme sammen
er en begynnelse.
Å holde sammen
er et framskritt.
Å arbeide sammen
er en suksess.”
Me sat oss saman i praksisgruppene og skulle diskutera og laga "køyrereglar" for korleis gruppa vår skulle fungere. Desse la me ut på Fronter etterpå, slik at alle kunne sjå dei. Me ville at dei ulike verva skulle gå på omgong, slik at det ikkje alltid er ein som skriv eller tek intiativ til møter. Det er sjølvsagt eit faremoment med dette, dersom me ikkje alltid veit kven som har ansvar for kva, så det må me ha i bakhovudet.Me fekk og presentert metoden blogg. Eg må sei at eg på førehand ikkje hadde noko erfaring eller bakgrunnsstoff om det, så eg visste eg måtte høyre godt etter dersom eg skulle bli klok på dette. Etter informasjonen ser at dette kan verta eit nyttig verktøy. På denne måten kan ein gå tilbake og sjå kva me hadde kvar time, kva eg tenkte og meinte etter og kva som var viktig for meg. Samstundes kan ein og sjå korleis ein har forandra både skrivemåte og evne til å reflektera over det ein har lært. Dette blir spennande.Eg tok og testen for å sjå om eg var flink til å sjå om det var eit falskt eller ekte smil dei ulike personane viste. Eg hadde ganske mange rette, altså gjennomskua eg dei fleste, men nokre klarte eg ikkje å finne ut om var ekte eller ikkje. Nokre er kanskje flinkare til å "fake" eit smil?
(revidert: 08.04.08)